
Det er ikkje mange fivrel å sjå på denne tida av året.
Det er november, det er mørkt, det er kaldt (i alle fall relativt kjøleg, det skulle vore kaldt, men det er det sjeldan i denne "forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den"), og det er ingen blomar å drikke nektar frå eller friskt grøne lauv å kvile vengjene på når sola står høgst på himmelkvelven. Dei einaste fivrela ein ser er brune og sprø og flagrar viljelaust i ein kald og kraftig kastevind; det er halvt ihopkrulla lønelauv, det er dauden utan sansar utan kjensler utan liv.
Lat oss likevel, eller kanskje nett difor - dvele eit lite grann ved desse vedunderlege skapningane.
Fivrel. Fjärild. Sommarfugl. Butterfly.

Dette er på ingen måte ein fugl, eller ei fluge - det er nærare bestemt ein liten personlegdom i riket Animalia, rekkja Arthropoda (leddyr), klassen Insecta og orden Lepidoptera.Det finst over 120 000 skildra artar av fivrel, og dette er såleis ei av dei større gruppene mellom insekta. I Noreg har ein funne meir enn 2000 fivrelartar. "Dagsommarfuglar" er dei fargerike, dagaktive insekta dei fleste kjenner som fivrel, og av desse har me mindre enn 100 artar i Noreg.

"Ved sida av dei fargesprakande og vakre dagsommarfuglane høyrer òg mange meir nøytrale og ofte natt- eller skymingsaktive artar til sommarfuglane. Desse «nattsvermerrane» eller «mòlen», som dei ofte blir summerte som, utgjer hovudvekta (92 %) av sommarfuglane, men er ikkje rekna som noka naturleg gruppe" (frå wikipedia)
Sjå på denne: Fivrelside på nett - observasjonar, fakta, galleri og flygetider.
Eg går ut frå at de kjenner til dei fantastiske arbeida til Eric Carle? I denne samanhengen tenkjer eg sjølvsagt spesielt på "The very hungry caterpillar." Frå dei fargerike teikningane i denne boka er det nok mange born som har lært seg kva metamorfose er, og kor fantastisk det er at ein larve kan verte til eit fivrel! Boka er nemleg omsett til 46 ulike språk, og finst i ei rekkje utgåver, i storleikar heilt ned til dei som har sider av tykk papp og små, små bokhungrande born kan leike seg med.
Carle har laga ei rekkje flotte bøker som både små og store kan gle seg over; eg kjenner at det kriblar i bok-organet mitt (det må vel vere hjarta?!) når eg ser omslaga på bøkene hans, og får ein nostalgi i sinnet som på same tid er vemodig og lukkestemd. Det finst så mange gode og vakre barnebøker der ute! Eg tenkjer Wenche Øyen, Oddmund Hagen, Beatrix Potter, Leo Lionni, Mette Newth, Max Velthuijs, berre for å nemne nokre bitte, bitte få. Men no har eg kome reint ut av det her. Berre ein siste ting - eg fann jammen ei bok av Hr. Carle eg aldri har lese, og som eg no offisielt ynskjer meg til jol: The lamb and the butterfly. Kva kan vere meir midt i blinken?!
Også saumen min har vorte påverka av dei sterke tendensane til lepidoptera. Dette er ein liten lurkik på eit seinare innlegg, som inneheld tråd og tøy og filosofering over kor flink ein kan vere til å disponere kveldstida si når ein ikkje har fjernsyn, er åleine heime, det regnar, er mørkt og radioen har mange fine program på www.nrk.no/radio
Inger Hagerup har skrive dikt om fivrel. Det same har Wergeland. Eg saknar derimot nynorsk fivrel-lyrikk, då eg ikkje kan anna enn å tykkje at nynorsk er så fint i dikt, og at fivrel er eit mykje vakrare ord enn sommerfugl.
Ein annan som har skrive om fivrel, om enn på ein mindre romantisk-naiv måte, er Gert Nygårdshaug. Visste de at han har ei av dei største fivrelsamlingane i Noreg? Eller at den kjende boka hans Mengele Zoo handlar om nettopp fivrel?

Eg har vore så heldig å fengje pakke i posten, juhu! Det er allstøtt så gama. Serleg når pakka kjem frå Bibliofiolen, for ho set i hop dei beste og gamaste pakkene eg veit om :-) Gjennom det siste året har det, merkeleg nok, byrja dukke opp fivrelting blant det meste eg får frå den kanten. Td vart det fivrelmuffins og fivrelserviettar i eit selskap her tidlegare i haust. Mest alle bileta i dette innlegget er henta frå det som har kome frå den kanten.

Det øvste biletet på bloggen i dag syner eit av dei venaste hand- og menneskelaga fivrel eg har sett, og eit slikt går eg med på kåpa mi kvar dag. Det kjem frå Hasla, ein flott sylvsmedverkstad og -butikk som held til i hjarta av Setesdal, men som i haust har opna ei flott avdeling midt på Grünerløkka her i Oslo. Eg vil oppmode alle om å ta turen innom denne stilreine, moderne og samstundes tradisjonsrike verksemda. Der kan du au lese Setesdølen og kaupe "leistar spita av gome" :-)

Med ynskje om ei god helg, og oppmoding om å njote siste novemberdagane.
Kva er vel betre då, når det regnar og blæs og er mørkt og fælt, enn å sitje inne framfor peisen, med varm kakao og lydbok og den eller dei ein er aller mest glad i tett inntil under ullteppet. For det er enno lenge til jol, livet er stutt, ting har me nok av og huset er mest koseleg når det er passeleg rotete; enkle gleder og kos er det som skal til for å gjere dagen fullkomen. Varme, gode tankar til dykk alle! :-)