lørdag 10. januar 2015

Ekstremsport

For nokre er den ultimate laurdagen å kaste seg ut or eit fly med fallskjerm på ryggen. 
Andre balanserer ytst på fjellkvasse eggar utan noko tryggjingsopplegg i bakhand. 
Ekstremsport i høgste grad, spenninga kryp langs ryggrada og adrenalinet gjer deg intenst tilstades i livet. 

For andre av oss, er den perfekte laurdagen lydbok, sjokolade, ein god kopp te - og eit strikketøy i ein eller annan fase. Trygt og godt, koseleg og langt unna det sers ubehagelege adrenalinet. 


MEN, frå tid til anna kan også eg kaste meg ut i ekstremsport, slik som under ferdigstillinga av sauejakka - då eg klyppte utan noko form for "backup"! 
For ikkje -strikkarar er det sikkert ikkje vits i å lese vidare, dette er nerding på eit herleg høgt nivå. 

Når ein strikkar ei jakke rundt og rundt, vert ein nøydd til å klyppe opp til slutt, og tradisjonelt har visst dei fleste anten sydd på symaskin eller hekla fyrst, for å sikre maskene frå opprekking før ein klypper opp i midten. Men, strikkar du i ordentleg saueull (ikkje superwash, ikkje alpakka, ikkje kunstig tulleull), er friksjonen i garnet/maskene nok til å unngå opprekking fram til du har sydd kanten inntil. 


I klyppekanten er det 7 masker: 1 vr, 5 r, 1 vr.
Her er det strikka knappestolpar før klypping. 


Du klypper i den midterste maska, dvs maske nr 4. 


Her ser du kanten frå innsida etter klypping, men før sying.


Her har eg bretta den klyppte kanten mot innsida av jakka (ikkje knappestolpen), og sydd fast med det same garnet som jakka er strikka i. Eg har sydd med fortløpande sutur (!), dvs heilt vanlege og ikkje for tette sting. NB - ikkje sy så djupt at det vert synleg framme på jakka, og ikkje stram tråden noko serleg (det vert også synleg). 


Til slutt har eg sydd eit dekorativt band over (med vanleg sytråd), for å løyne "sårkanten". 
Pass på at bandet ikkje er for stramt - jakka er elastisk, men ikkje bandet. 
Til høgre ser de ferdigsydd kant, men utan bandet. Den vrange maska i overgangen mellom klyppekanten og knappestolpen gjer at kanten legg seg fint inntil. 




Mønster: Sinnasaujakka av Ann Myhre (Pinneguri)
Garn: Rauma finullgarn, fargane 452 sand og 438 blågrøn. 

For meir info: http://www.ravelry.com/projects/Fivrel/sinnasaujakka-2