fredag 12. desember 2014

Nissegleder og nissestrekar



På tunet går ein nisse rundt og er så blid
og triveli med lua si, 
ho nikkar og ho smilar og ho er så glad
for nisselue vil ho gjerne ha!

Og mora ja, ho strikkar og ho strikkar, 
og ho nikkar, klokka tikkar, 
ho vil så gjerne ha med nokre prikkar, 
men nissejenta seier nei- nei-nei. 

For nissejenta er ein liten tøysekopp
og med sin kropp, ho gjer eit hopp! 
Eg vil slett ikkje vente på den Månetopp, 
for lua treng eg på min vesle kropp! 




Haha, what can I say, dette var jammen ikkje meininga, men tastaturet tok meg og vips hadde me eit lite impulsvers som tonefylgje til illustrasjonane. Som de ser, det er berre å tinge nokre timar med meg om de treng ei parodisk vise til eit selskap eller anna høve ;-) 

Nisselua vart spita på eit par kveldar, etter Liten Fugl si oppskrift her. Eg gløymde å lese alle instruksjonane men spita iherdig i veg, så nissejenta vart visst halv-langluenisse allereie halvvegs i desember og lenge før langluefesten på Månetoppen den 23... Det skuldast at eg felte kvar 3. pinne heilt til topps. Dusken laga eg og nissejenta i hop, klassisk pom-pom eller kva det nå heiter...

Fakta:
Garn: Viking garn, 130 gram inkl dusk
Pinnar nr 6
Passa til eit hovud på 3,5 år, passar nok både neste år og året etterpå der også...

3 kommentarer:

Ugla sa...

Husnissen dykkar såg heilt verkeleg ut. Tenk å ha ein slik liten krabat på tunet. Ho eller han passar nok godt på dyra dykkar, men ver så snill å ta ruadnisselueungen med når de snart dreg på joleferie. Songen har vi no laga ein duett av, her ii huset. Reine rimsmeden er du. Vakre bilete!!

Lilledora sa...

Nå smilte jeg stort. Enn å ha en ordentlig nisse som lusker rundt husa, skikkelig gama. Fin lue, akkurat passe lang for en tre og halvt år nissekropp. Nynner på sangen jeg og nå :)

Kathrine sa...

Hei! Så koselig at du har begynt å blogge igjen! Og morro med husnisse på tunet! Våre smånisser har blitt store de...Men luene har vi tatt vare på, for det ble jo strikket både langluer og kortluer for endel år siden.
Ønsker dere alle en riktig fin juletid.
GOD JUL:-)