torsdag 4. desember 2014

Et dukkehjem


For eitt års tid sidan sauma eg iherdig på eit uvanleg morosamt og utfordrande prosjekt - eg laga ei tøydokke til dotter Åslaug, ei waldorfdokke som mange kallar det. Ho fekk namnet Alva, og du kan lese meir om henne her.

Slike dokker har ein kropp av bomullstrikot fylt med ull, og er mjuke og faste og har ei tyngd og ein vermde i seg heilt ulik dokker av plastikk. Andletet skal ha eit nøytralt uttrykk, slik at borna i leiken sjølve kan leggje kjensler og sinnsstemningar i dokka, og det såleis er fantasien deira som avgjer om ho er glad eller lei seg, forundra eller ettertenksam. Og fordi dokkene er handlaga, er kvar og ei unik - og perfekt på ein uperfekt måte, slik me menneske er.


I år skal jolegåva til dotter og dokke vere ei fornying og utviding av garderoben, og sidan me er i den kalde årstida er det haute couture strikk som gjeld. Då damene i Vottelauget utfordra oss strikkersker med ei eventyrleg vottetevling for ein månads tid sidan, nytta eg difor høvet til å både ta del i tevling og lage jolegåver samstundes, og prosjektet passa som hand i vott - eg vann nemleg Hjarteknusarprisen med desse dokkevottane her. Bakgrunnen for mønsteret og utforminga, og tips til korleis du sjølv kan lage slike vottar (passar også til beibi), kan du lese om her på ravelry-sida mi.


Som de ser, er heile antrekket laga med utgangspunkt i blåbærmønsteret og -fargane, og med latviske fletter både her og der!


Inspirasjon, tips og instruksjon til korleis ein lagar slike dokker, sjå bloggen Tusindfryd.

Eg brukte boka "Tusindfryd-dukker" av Wenche O. Steensen då eg sauma, ei pedagogisk og fin bok eg kan tilrå om du vil prøve deg.

1 kommentar:

Ugla sa...

Så framifrå vakre vottar til eit dokkebarn. Latviske fletter, du verden, slikt spit har eg aldri høyrt om. Men du må setje ei snor i vottane, slik at Alva ikkje misser dei. Då kan det gå med denne votten som det gjekk med Den grøne votten. For ikkje å tale om Skinnvotten. Flott handverk. DEt du lagar er jammen flottare enn det mor di laga til dine dokker. Ho brukte vrangborden på utgåtte frottesokkar, men det vart då både singlet og underbuks'. Er det meg fortalt(!)