onsdag 17. desember 2014

Jolekvelden på kjerringa...?!



Ei veke til jol! Om nøyaktig ei veke sit alle, kvar i sin heim, og sukkar nøgde over mat og drykk og gler seg over gåver som ligg og ventar - eller kanskje alt er opna og beundra og teke i bruk. 

Ja, det vonar eg i allefall! For slik det ser ut no, er det slett ikkje sikkert alle gåvene vert ferdige og klare i tide, og eg som meinte eg byrja så tidleg og hadde så god tid! Då hadde eg nok ikkje teke med i reknestykket to stk barn som har ein dags- og leggjerytme som utfyller kvarandre perfekt (akkurat når den eine er ferdig med mat, svevn, do, av- eller påkleding, anything - er det den andre sin tur...), uthus-snekrings-oppteken-mann-heile-tida, at me faktisk må ha mat og reine klede og ei viss grad av hushygiene sjølv om det er desember - og ein del andre (eigentleg føreseielege) faktorar. Helst vil ein jo pusle og sysle og spinne og spite og saume heile tida! 

Inspirasjonen og entusiasmen er på topp, det er så mange flotte og kreative folk der ute, og eg er så GLAD for bloggar, podkastar, pinterest, fb, instagram, youtube osb, for det opnar ei verd av idear og påfunn og praktisk gjennomføringshjelp! 
Raringar! Eit påfunn eg og Å hadde ein novembersundag. 
Små charmiga kompisar som med lyklering og bjølle og sin herlege, 
lubne kropp held orden på, tja - livet ditt?!

Dette er ikkje tida for å røpe for mykje, men de skal få sjå nokre frampeik, og eg lovar å dokumentere alt på grundig vis på nyåret. Men no lyt eg hive meg på sneisane snarast! 




Sauejakka nr 2 - eg har klyppt UTAN saum eller hekling!

Adventskalender - sydd 24 tøyposar = once and for all!


Ja, eg har også eit kreativt prosjekt på gong som inneber bruk av gjerdesag! Og det er gama med power tools, hehe ;-)

Eiga utforming, både jente og vest/tunika faktisk! 
Mønster (på vesten...)kjem, fylgj med, fylgj med!

Og til slutt ei søt avslutning, slik eit kvart måltid og ein kvar dag bør ha - Tankestreg av Bente Geilsk. Kvar er beste staden å ta bilete med nok ljos i desember? I ein kvit hotelldusj...!

fredag 12. desember 2014

Nissegleder og nissestrekar



På tunet går ein nisse rundt og er så blid
og triveli med lua si, 
ho nikkar og ho smilar og ho er så glad
for nisselue vil ho gjerne ha!

Og mora ja, ho strikkar og ho strikkar, 
og ho nikkar, klokka tikkar, 
ho vil så gjerne ha med nokre prikkar, 
men nissejenta seier nei- nei-nei. 

For nissejenta er ein liten tøysekopp
og med sin kropp, ho gjer eit hopp! 
Eg vil slett ikkje vente på den Månetopp, 
for lua treng eg på min vesle kropp! 




Haha, what can I say, dette var jammen ikkje meininga, men tastaturet tok meg og vips hadde me eit lite impulsvers som tonefylgje til illustrasjonane. Som de ser, det er berre å tinge nokre timar med meg om de treng ei parodisk vise til eit selskap eller anna høve ;-) 

Nisselua vart spita på eit par kveldar, etter Liten Fugl si oppskrift her. Eg gløymde å lese alle instruksjonane men spita iherdig i veg, så nissejenta vart visst halv-langluenisse allereie halvvegs i desember og lenge før langluefesten på Månetoppen den 23... Det skuldast at eg felte kvar 3. pinne heilt til topps. Dusken laga eg og nissejenta i hop, klassisk pom-pom eller kva det nå heiter...

Fakta:
Garn: Viking garn, 130 gram inkl dusk
Pinnar nr 6
Passa til eit hovud på 3,5 år, passar nok både neste år og året etterpå der også...

torsdag 4. desember 2014

Et dukkehjem


For eitt års tid sidan sauma eg iherdig på eit uvanleg morosamt og utfordrande prosjekt - eg laga ei tøydokke til dotter Åslaug, ei waldorfdokke som mange kallar det. Ho fekk namnet Alva, og du kan lese meir om henne her.

Slike dokker har ein kropp av bomullstrikot fylt med ull, og er mjuke og faste og har ei tyngd og ein vermde i seg heilt ulik dokker av plastikk. Andletet skal ha eit nøytralt uttrykk, slik at borna i leiken sjølve kan leggje kjensler og sinnsstemningar i dokka, og det såleis er fantasien deira som avgjer om ho er glad eller lei seg, forundra eller ettertenksam. Og fordi dokkene er handlaga, er kvar og ei unik - og perfekt på ein uperfekt måte, slik me menneske er.


I år skal jolegåva til dotter og dokke vere ei fornying og utviding av garderoben, og sidan me er i den kalde årstida er det haute couture strikk som gjeld. Då damene i Vottelauget utfordra oss strikkersker med ei eventyrleg vottetevling for ein månads tid sidan, nytta eg difor høvet til å både ta del i tevling og lage jolegåver samstundes, og prosjektet passa som hand i vott - eg vann nemleg Hjarteknusarprisen med desse dokkevottane her. Bakgrunnen for mønsteret og utforminga, og tips til korleis du sjølv kan lage slike vottar (passar også til beibi), kan du lese om her på ravelry-sida mi.


Som de ser, er heile antrekket laga med utgangspunkt i blåbærmønsteret og -fargane, og med latviske fletter både her og der!


Inspirasjon, tips og instruksjon til korleis ein lagar slike dokker, sjå bloggen Tusindfryd.

Eg brukte boka "Tusindfryd-dukker" av Wenche O. Steensen då eg sauma, ei pedagogisk og fin bok eg kan tilrå om du vil prøve deg.