onsdag 19. november 2014

Slekters gang


Familien aukar støtt og stadig - no er me 10 med smått og stort: Ein gut og ei jente, ei kone og ein kar, ein katt og ein hund, ein sau og ein vêr, og eit kaninpar. Ja, og så alle mysene då - men dei vil me ikkje tale så mykje om. Dei har pusekatten Åsmund ansvar for...

Det er underleg å kome attende til bloggen no, halvanna år etter siste skriveri, og sjå at dét gjekk føre seg den 14. april 2013. Nøyaktig eitt år seinare, kom den vedunderlege, vesle guten vår, Såmund, til verda.

Eit anna kjært og godt familiemedlem fyller i desse dagar eitt år; dokka Alva.
Det var eit veldig artig og utfordrande prosjekt å lage ei slik dokke, og undervegs gledde eg meg til å sjå uttrykket hennar Åslaug då det vesle tøy-andletet openberra seg or gåvepapiret jolekvelden.


Sidan den tid har Alva fått vore med på mykje og mangt, vorte tydeleg eldre, mist ei flette som vart sauma på att, og fått av og på seg kleda sine eit utal gonger. Jolegåva frå meg i år vert ny garderobe, noko som venteleg vil glede både Alva og mor hennar.

1 kommentar:

Ugla sa...

Endeleg er du attende, Fivreld!
Eg har venta lenge, men du er som musa Fredrik i biletboka. Du samlar på ord og fargar, stemningar og tankar - og når du då kjem ut av skapet, får vi høyre om alt det du driv med og vil drive med, om du har tid. Kom igjen, lat oss få ta del i livet på småbruket.