mandag 24. november 2014

Margit og Torjus


Margit og Torjus er våre to nyaste tilskot til familien og livet i Sjøli.
To halvtårsgamle sauer, eller lomb som dei per definisjon enno er - eit saulamb og eitt veirlamb, av rasen gamalnorsk spælsau (GNS). 

Kvifor sau? Svaret er, som på så mykje anna her i verda - kvifor ikkje?! Eg ser mest berre føremoner med å ha ein liten sauehop i hushaldet, den einaste ulempa må vere at ein lyt engasjere avløysarar til å stelle dei om ein vil reise bort i ny og ne.

Sauer er utruleg trivelege dyr. Dei er folkekjære, selskapelege og set stor pris på å verte kosa og tala med. Har ein born, er sauer plent rette i storleiken; ein tre-/fireåring kan stå kjake mot kjake og kose, dei kan utan problem ha ein "tête-a-tête" og sjå kvarandre djupt inn i augo.

Sauer har eit roleg og harmonisk gemytt. Er du god mot sauene dine, er dei gode mot deg, tolmodige og fredeleg står dei og tek i mot og gjev kos. Sauer med lam har eit naturleg verneinstinkt som alle mødre får (og her er det sterke krefter i sving; du køddar ikkje med ei mor med ungar, altså!), og kan naturlegvis verte strenge om du ikkje respekterer deira naturlege grenser og åtferd. Vêrar kan også vere nokre luringar, dei kan kome til å stange deg om du snur ryggen til, men oftast berre for å få meir merksemd eller kos, eller fordi dei synest du er ein ordentleg tulling som dei berre vil ha bort så dei kan få vere i fred. Eit ærleg uttrykk for noko dei fleste av oss tenkjer og kjenner frå tid til anna...

Sauer er kulturlandskapspleiarar av ypperste merke. Dei nyttar ein ressurs me elles ikkje kan bruke til noko, og lagar naudsynte og gode produkt - dei gjer om gras og urter, småskog og kvistar til ull, skinn og kjøt. Dei held graset stutt, held skogsvoksteren unna, dei gjer landet vårt vakkert. Samstundes gjødslar dei slik at plantene får ny næring å vekse av, slik at insektene har noko å leve av og i, og dette gjev sidan mat til fuglar som vert rikelege i både tal og typar.




Husdyr tilfører også noko anna til liva våre, til miljøet her me bur, verdiar som kan vere vanskelege å kome i hug og uvant å setje ord på. Synet av beitande dyr, roleg luntande, halen som piskar bort flugene, måten dei stoggar opp frå tid til anna, lyfter hovudet, lyttar og ser seg ikring. Lyden av sauebjøller, rolege, jamne klangar frå den uregelmessige rørsla over grasbakkane. Eit og anna brek, ei mor som kallar, eit lam som svarar og kjem springande, vibrato i røysta og glede i attersynet.

Går du heilt nære, kan du høyre lyden av tenner som mel sund gras, og når dei ligg og kviler -  lyden av jortande dyr. Lukta som ligg over markene - ikkje sterk, som etter gjødselspreiing i våronna, men den milde angen som berre kjennest som ei aning, om morgonen når sola driv bort nattedoggen, og når skyming fell og kvelden listar seg på tå over kløverenga. Den søtlege hesteangen, eller den varme, nære, rike eimen av varm ull. Det er slike sanseopplevingar som gjer oss til dei me er, som krydrar livsminna våre og gjer dei til anna enn daude fotografiske oppstillingar.

Dei gjer livet fleirdimensjonalt; dei gjev dagane lag på lag på lag med det som verkeleg er. 




Ingen kommentarer: