mandag 24. november 2014

Margit og Torjus


Margit og Torjus er våre to nyaste tilskot til familien og livet i Sjøli.
To halvtårsgamle sauer, eller lomb som dei per definisjon enno er - eit saulamb og eitt veirlamb, av rasen gamalnorsk spælsau (GNS). 

Kvifor sau? Svaret er, som på så mykje anna her i verda - kvifor ikkje?! Eg ser mest berre føremoner med å ha ein liten sauehop i hushaldet, den einaste ulempa må vere at ein lyt engasjere avløysarar til å stelle dei om ein vil reise bort i ny og ne.

Sauer er utruleg trivelege dyr. Dei er folkekjære, selskapelege og set stor pris på å verte kosa og tala med. Har ein born, er sauer plent rette i storleiken; ein tre-/fireåring kan stå kjake mot kjake og kose, dei kan utan problem ha ein "tête-a-tête" og sjå kvarandre djupt inn i augo.

Sauer har eit roleg og harmonisk gemytt. Er du god mot sauene dine, er dei gode mot deg, tolmodige og fredeleg står dei og tek i mot og gjev kos. Sauer med lam har eit naturleg verneinstinkt som alle mødre får (og her er det sterke krefter i sving; du køddar ikkje med ei mor med ungar, altså!), og kan naturlegvis verte strenge om du ikkje respekterer deira naturlege grenser og åtferd. Vêrar kan også vere nokre luringar, dei kan kome til å stange deg om du snur ryggen til, men oftast berre for å få meir merksemd eller kos, eller fordi dei synest du er ein ordentleg tulling som dei berre vil ha bort så dei kan få vere i fred. Eit ærleg uttrykk for noko dei fleste av oss tenkjer og kjenner frå tid til anna...

Sauer er kulturlandskapspleiarar av ypperste merke. Dei nyttar ein ressurs me elles ikkje kan bruke til noko, og lagar naudsynte og gode produkt - dei gjer om gras og urter, småskog og kvistar til ull, skinn og kjøt. Dei held graset stutt, held skogsvoksteren unna, dei gjer landet vårt vakkert. Samstundes gjødslar dei slik at plantene får ny næring å vekse av, slik at insektene har noko å leve av og i, og dette gjev sidan mat til fuglar som vert rikelege i både tal og typar.




Husdyr tilfører også noko anna til liva våre, til miljøet her me bur, verdiar som kan vere vanskelege å kome i hug og uvant å setje ord på. Synet av beitande dyr, roleg luntande, halen som piskar bort flugene, måten dei stoggar opp frå tid til anna, lyfter hovudet, lyttar og ser seg ikring. Lyden av sauebjøller, rolege, jamne klangar frå den uregelmessige rørsla over grasbakkane. Eit og anna brek, ei mor som kallar, eit lam som svarar og kjem springande, vibrato i røysta og glede i attersynet.

Går du heilt nære, kan du høyre lyden av tenner som mel sund gras, og når dei ligg og kviler -  lyden av jortande dyr. Lukta som ligg over markene - ikkje sterk, som etter gjødselspreiing i våronna, men den milde angen som berre kjennest som ei aning, om morgonen når sola driv bort nattedoggen, og når skyming fell og kvelden listar seg på tå over kløverenga. Den søtlege hesteangen, eller den varme, nære, rike eimen av varm ull. Det er slike sanseopplevingar som gjer oss til dei me er, som krydrar livsminna våre og gjer dei til anna enn daude fotografiske oppstillingar.

Dei gjer livet fleirdimensjonalt; dei gjev dagane lag på lag på lag med det som verkeleg er. 




onsdag 19. november 2014

Slekters gang


Familien aukar støtt og stadig - no er me 10 med smått og stort: Ein gut og ei jente, ei kone og ein kar, ein katt og ein hund, ein sau og ein vêr, og eit kaninpar. Ja, og så alle mysene då - men dei vil me ikkje tale så mykje om. Dei har pusekatten Åsmund ansvar for...

Det er underleg å kome attende til bloggen no, halvanna år etter siste skriveri, og sjå at dét gjekk føre seg den 14. april 2013. Nøyaktig eitt år seinare, kom den vedunderlege, vesle guten vår, Såmund, til verda.

Eit anna kjært og godt familiemedlem fyller i desse dagar eitt år; dokka Alva.
Det var eit veldig artig og utfordrande prosjekt å lage ei slik dokke, og undervegs gledde eg meg til å sjå uttrykket hennar Åslaug då det vesle tøy-andletet openberra seg or gåvepapiret jolekvelden.


Sidan den tid har Alva fått vore med på mykje og mangt, vorte tydeleg eldre, mist ei flette som vart sauma på att, og fått av og på seg kleda sine eit utal gonger. Jolegåva frå meg i år vert ny garderobe, noko som venteleg vil glede både Alva og mor hennar.

Eg kjem ut or dvalen....og skipar eit nytt politisk parti

Når bjørnen går i hi, freistar eg kome meg ut av dvalen.
Bloggdvalen.
For det er på ingen måte nokon livsdvale eg balar med, heller tvert om - for kvardagane, ja LIVET, om ein skal sjå stort og poetisk på det, er ei rekkje augneblinkar som ballar på seg, utan rast eller ro; og tida, ja tida kjem og kjem og går og går og er her støtt og stadig utan å gje rom nok og ro nok og i det heile teke  - det er for få timar i døgeret, for få dagar i veka og for få veker og månader i året!

For få til kva då? Det er jo ikkje for få timar til å rydde opp, pusse vindauge, brette klede eller vaske do. Dei timane er det slett ikkje så nøye med. Det kunne også godt vore færre minutt per døger det var lov å kikke på fjesboki også. Eller sitje i bil. Saka er at det er for lite tid i livet til å strikke.


Hadde det vore mogeleg, ville eg røysta på Bygdelista som går til val på "Meir tid til strikking kvar dag!". Så vidt eg veit finst ikkje slikt noko parti, og kva anna kan ein då gjere enn å ta saka i eigne hender. Eg vil skipe eit nytt politisk parti.



Bilete frå http://tadanl.blogspot.no/2005/10/illustration-for-knitting-zine.html

Det er nemleg ikkje berre manglande strikketid eg ynskjer å gjere noko med. Det trengst også meir tid til å spinne! Ja, spinne garnet ein skal strikke av. Så trengst det sjølvsagt også nokre timar årleg for å farge garnet. Plantefarging. Noko som inkluderer behov for meir tid til å gå i skog og mark og hauste inn lauv og lav og lusegras.

"Lovfesta rett til kjøkenhage". Dette er ein annan viktig parole i bygdelistepartiet mitt. Alle skal ha rett til å dyrke sin eigen mat, viss dei vil. Og skal ein ha berekraftig grønsakproduksjon, treng ein husdyrgjødsel må vite. Derav punkt 2: "Herunder fritt uttak av tid til framskaffing av jordforbetrande middel" - eller som det står i den tilhøyrande rettleiaren: "Alle skal få bruke den tida dei treng til å stelle sauene og kaninane og hestane sine, slik at dei lagar mest mogeleg lort".



For ikkje å tale om lesing av bøker og drikking av te (og stundom kaffi, når kvelden kjem kufst og ein treng å halde seg vaken for å få spunne og spita meir). Og sist men ikkje minst, tid til å inkludere BORNA  i alt dette, slik at dei også kan lære seg om dei enkle gleder, å skape sitt eige, å bruke hendene, å lage lokalt heller enn å kjøpe masseprodusert frå Asia (internt, heller enn eksternt barnearbeid), å dyrke og lage og nyte mat - i det heile tatt å leve eit godt liv med det me har av eigne ressursar, å leve eit liv som minst mogeleg går på bekostning av andres ve og vel, anten det er dyr eller menneske, her eller der.




Entre libros y gatos; Ilustración de Erin McGuire

Altså, stutt oppsummert, bygdelista Det gode liv-partiet sitt partiprogram:


1. Strikking kvar dag
2. Spinning kvar veke
3. Sauming når ein får lyst og behov
4. Mykje tid i kjøkenhagen
5. Meir tid til lesing (inkludert lydbokhøyring saman med alle ovannemnde aktivitetar)
6. Lesing, leik og kreative gleder i hop med ungane
7. Lage og ete god stuttreist, økologisk mat; mykje grønsaker, og dyr som har hatt gode liv
8. Te og kaffi og sjokolade til alle
9. Daglege skogsturar for lekam og sjel (og finne fine materialar til å lage ting og tang).

- ja, og så var det blogginga, då...