fredag 1. mars 2013

Raudhette utan ulv

 
Så er karnevalsdagen over og prosjektet ferdig for denne gong, og alle var samde om at det hadde vore ei gama og lærerik røynsle! Trass i mange gode framlegg til alternative karnevalskostyme etter førre blogginnlegg, heldt me oss til planen om å vere Raudhette. Steg nummer ein i prosessen var å skaffe stoff, og etter dårlege resultat hjå dei to metervare-langarane som finst her i byen, vart eg nøydd til å tenkje annleis. På biletet over ser de Gautedokka som syner fram stoffet me fann - men han ville helst kle seg som bestemor/gome i eventyret, med skaut og sjal.

 
Hjå ein interiørtekstilbutikk eg ikkje vil reklamere for her, var det faktisk sal på gardiner for to veker sidan, og eg kom til slutt fram til at desse to kunne duge. Eg fann i allefall ut at raude gardiner tydelegvis ikkje er moderne for tida! Men faktisk vart det mykje finare med ei rustraud, enn med ei knall- raudhette.
 
 
Då eg kom til kassa, kika dama bak skuff og skjerm noko undrande på meg og spurde: "Du skal berre ha ei av kvar...?!" Ikkje så vanleg gardinmote det heller, kanskje, å ha heilt ulike gardiner på kvar side av glaset!
 
 
For dei av dykk som ikkje har sauma så veldig mykje, slik som meg, og tenkjer å kaste dykk over eit kostymeprosjekt, kan eg kome med ein viktig lærdom eg fekk: Val av stoffkvalitet.
 
Ja, det er viktig å finne noko du tykkjer er fint, og noko som passar til det det skal sjå ut som. Men det ER faktisk lurt å tenkje på om det er enkelt å saume av også... Mitt raude stoff til dømes, er svært laust og tunt vove, og det var frykteleg vanskeleg å
a) hindre at det rakna heilt i alle endar,
b) saume sikksakk rundt kanten for å hindre rakning, for då drog det seg til og vart skakt, og
c) halde fasongen undervegs i saumeprosessen.
Men, det gjekk jo, det også, og få ting er så gama som utfordringar ein greier å kome vellukka gjennom!
 
Kappa er laga med fôr, men sauma slik at båe sider er fine nok til å vere utside. Fleirbruk er ein lur tanke, både for miljøet - og for mødre med døtre som likar å kle seg ut, men som enno brukar så lang tid på å saume slike at klesskåpet ikkje kjem til å verte fullt med det fyrste...  
 
Eg sauma fyrst hetta, og sette denne saman med dei to kappedelane (viktig å halde tunga rett i munnen for kva som er ut og inn og fram og bak, når ein syr på vranga og plagget har fôr, fann eg ut!). Så sauma eg den lange, nedste kanten og sette inn ein blondestrimmel til pynt, og vrengde plagget før eg sauma dei to framkantane til slutt, her med ein strimmel av det grøne fôrstoffet bretta kring kanten så det vart ei fin avslutning.
 
Oppe i halsen hekla eg to syljer av sylvgarn, med eit "sylvlekkje" som batt dei i hop. (Trudde aldri eg skulle gå på Husfliden og kaupe SYLVGARN! Eg har sikkert tidlegare kasta eit "hmf"-blikk på enkelte med slikt glorete, syntetgarn i armane når eg sjølv har stått der med mine nøste naturfarga finullgarn, men ikkje no meir!)
 
 
Lislefivrel klar til karneval!
Som de jo skjønar er dette ei autentisk Raudhette, som syner at ein ikkje berre kan kle seg fint (les: Raud kappe) når ein skal gå og sjale seg hjå gome si*, men også praktisk (les: Sjerroksar på føtene og skinnhuve på toppen!)
 
 
Dersom nokon er interesserte i arbeidsteikningar (svært enkle, men lell), kan eg leggje dei fram her også. Det kan jo hende at einkvan har hamna her på sida mi etter å ha søkt som meg på: Raudhette, Rødhette, karneval, kostyme, barn, lage sjølv, lage selv, sy, mønster. Og i motsetnad til meg, så har de faktisk funne noko på dette!

5 kommentarer:

Liten Fugl sa...

Så fin raud hette og ikkje minst Raudhette - så skjønn! Vi har vore spente på framhaldet av førre innlegg på bloggen, så no fekk vi verkeleg sjå! Eg har laga ei raud badekåpehette som eventuelt kan gjenbrukast på eit karneval ein gong, om den ikkje blir sliten ut av den harde bruken den er under for tida.
Då brukte eg eit tjukt, knallraudt badehandkle og to likeins vaskeklutar. Ikkje så fjong som denne, med fine blondekantar og for og greier, den var veldig fin!

Lilledora sa...

ÅÅÅÅ, ssom jeg har ventet på dette innlegget, og det er jo sant som man sier at man aldri kan vente for lenge på noe sååååå fint. Du er jo kjempeflink Fivrel, kappa var jo sååååå lekker, og den vesle var jo så skjønn. Blodekant nede, P-genet kommer stadig frem. Håper den vesle hadde det moro på sitt første karneval. Kan hende at du har kommet på gal hylle her i livet du, kankje du skulle ha vært karneval-designer i stede for dyrlege. God helg til dere tre.0

Bente Jorunn sa...

Åh! Som eg nyt å lese dei siste innlegga!

Du skriv så godt, så skildrande og så flott frå den store romanen, Livet.

Takk for at vi får eit innblikk :D

Ugla sa...

Du å du, så fin tulleruska mi er som Raudhette. Neste karneval vonar eg at dei har middelalderen som tema(!), då kan lisle-fivrelet utverde kappa og vere veslesyster til Kristen Lavransdatter, Ulvhild. Den sylja du hekla, trur eg nok vekte åtgaum.

Hilsen fra landet sa...

Noomin! Så nydelig! Og så flott arbeide... Fantastisk! Nyt påsken og tiden sammen <3