torsdag 7. februar 2013

 
I love ewe...
 
Det er berre å slå fast: Eg er ein retteleg ulling. Eg rett og slett elskar ull.

Det er noko med det lune og varme, det allsidige, det formbare. Det er tanken på at materialet kjem frå sauer - det er ikkje menneskeskapt, av ressursar som har ein ende, og gjennom ein produksjon som ureinar. Tvert om, det er eit biprodukt av noko anna nyttig; av mat og av kulturlandskapspleie! Ull kjem av jord og gras, og kan verte til jord og gras og nye sauer.

Det er vel også noko med at eg har vakse opp med sauer omkring meg, og med tanken på og vissa om at ein sau, det er den snillaste, varmaste, tryggaste, mest tolmodige venen ein kan ha. Å sitje med armane kring halsen på ein snill sau, om hausten, ute - og bore nasen og andletet djupt ned i den mjuke, lange, haustfriske, skogsangande ulla, då kan eg love deg, då kjenner du fred - heilt lengst inn i dei djupaste røtene dine.

Som klesmateriale er ull for meg heilt uunnverleg; eg kler meg med ull kvar dag. No vinters tid er det ulltrøye, ullgenser, og sjølvsagt leistar (tykke sokkar) og tøflar av ull. Ullbruken i familien har i løpet av siste halvanna året også nådd endå nye høgder, då Lislefivrelet knapt har opplevd ein levedag enno, utan ulltøy på kroppen.

Når ein på denne måten er ein storbrukar av slike klede, får ein etterkvart også eit stort utval i garderoben, og gjennom det handverket som strikking er - fargar, mønster, modellar, teknikkar, vert ein også eit levande kulturhistorisk museum der ein vandar omkring i snøen (eller forsåvidt også det grønkande graset eller gulnande lauvet).



Me er så heldige å ha ein Strikkande Familie, og dette ber serleg Lislefivrel sitt klesskåp preg av. Eg (altså mamma'n) spitar*. Gome spitar. Bestemor og Oldemor spitar. Gammeltante i Trondheim spitar i allefall! Og i posane med arvaklede me er så heldige å få, finn me også spitaklede i 100% ull som me er stolte av å kunne bruke vidare.

Den einaste ulempa eg kan sjå med ullklede (for meg som iherdig og entusiastisk strikkar), er at
1. ull er så haldbart når det vert handsama rett, og
2. det er så tøyeleg (mange trøyetruser har me bruka frå 6-18 månader, og ulljakker i halvanna år!),
at det vert alt for fullt i skuffen og ein får ikkje (treng ikkje) lage nye.
Med andre ord altså: Det er ingen ulemper, berre føremoner!



Det heldige med dette, er at eg har fått spita noko til meg sjølv til ei forandring. Denne jakka laga eg i haust, og ho er plent passeleg tunn/tykk til å bruke inne når det er for varmt med ein ordentleg ullgenser. Eg brukar jakka mest dagleg. 

Mønsteret kjem frå Sandnes, heftet heiter Mix dame 08/03, og eg har brukt alpakkagarn frå denne produsenten. Grunnfargen i mønsteret var grå, eg bytte om til ein meir alpakka-liknande farge - ljos, ljos brun. Og så laga eg bolen 10 cm lenger, slik at jakka rekk ned på foi* i staden for å slutte akkurat i livet.

Spiteprosjekt elles? Plent no er eg slik:



 - i gong med mangt, men ikkje ordentleg i gong med noko.
Det losnar vel snart, tenkjer eg, berre vent og sjå :-)

 
(og for dei som tykkjer engelsk kan vere vel så trikki som vallemål:
Ewe (i overskrifta) tyder søye, eller altså sau på engelsk :-)

 

4 kommentarer:

Lilledora sa...

Ull er gull, og godt og varmt. Man har det aldrig kjedelig hvis/når man har en del strikkerier på gang. Jakka di ligner veldig på ei jakke jeg strikka til Lottemor i Dalen, den er mørke brun og i alpakka. Barna ser velkledd ut med strikkatøy, det sa mora mi. Ser at Gullklumpen har masse, men det er vel fremdeles litt plass i skapet håper jeg?

Ugla sa...

Så sant, så sant. Ull er gull. Og kleda kan du bruke i generasjonar. Det var mangt eg kunne kjenne att i klesskåpet til Tulleruska mi, genserar som var laga for over 30 år sidan. Og eg har og sett bilete av Gullungen i ein strikkakjole som er over 60 år. Heldig er den som har ein rokk og noko ull. Lukke til med ull-prosjekta dine, Fivreld!

Fivrel sa...

Lilledora: Det er allstøtt plass til meir i skåpet! I dag har me vore i selskap hjå oldemor, og då var Lislefivrel så fjong og fin i den gule kjolen sin - den med holmønster og opphav frå det vesle raude huset på myra :-)

"Ull er gud, og gore-tex er den heilage ande", har Erlend Loe skrive i ei bok ei gong :-)

Liten Fugl sa...

Ull er det herlegaste materialet i verda så langt, synest fugleungen min, og set dei fire tennene sine i ullvotten. Det tek ingen ende, moroa ein får av å dra ut ullfibrar frå skinnfellen i gyngestolen, det einaste som hjelper er å distrahere med å lese enno ei bok. Snart skal vi spinne noko ull, vi to, den ulla som sette ein støkk i juleselskapet i år, då det kom fram frå under juletreet med si karakteristiske sauelukt. Reaksjonen var først og fremst overrasking og interesse (er det verkeleg ikkje vaska? Er det rett og slett berre ull som det ikkje er gjort noko med?) Og så enkelt som det, ein perfekt julepresang!