mandag 11. februar 2013

Eventyret om då Oskefisen trekte det stytste strået...

(eller: Då eg oppdaga at eg er ei Mamma med ei Dotter i Barnehage og det er Karnevalstid)



Det er måndag etter morsdagsfastelaven, og på ingen måte ein blåmåndag i så måte (heller ein grønmåndag, på det vis at grøn er yndlingsfargen min, iallefall stort sett), med februarljosare dagar, gleda ved å vere deltidsarbeidande, føremiddag åleine i huset, tulipanar på bordet, kaffi av nykverna bøner, og fyrste høve til å lese i Dag og Tid sidan ho hamna i postkassa fredag - humre hjarteleg over Ragnar Hovlands innsidemann og stadfeste at ein heller ikkje denne veka er Klok på bok.

Ingen blåmåndag med harde kår etter ei helg med dans på roser, med andre ord, for helga har vore som ho plar, ho, trass i fastelaven og morsdag (og det faktum at eg no ER mor; for fastelavensbollane baka eg sjølv og tulipanane på bordet var det eg og Lislefivrel som kjøpte i høve at me er Nøgde med Livet)(og forøvrig er me ein slik familie som ikkje feirar morsdag fordi me av prinsipp ikkje støttar kommersialiseringa av oppkonstruerte høgtidsdagar. Så i staden for blomar på morsdagen ynskte eg meg ei vårgåve av Hainn te mæ, nemleg eit rom i uthuset så eg kan få meg to tåtelam i mai, og det skulle eg få ;-). 
 
Dette å verte vaksen, dette å skjøne at ein har vorte vaksen og kvar ein er i livet,  ikkje geografisk men meir på det eteriske plan (det underlege med å vere sin eigen romanfigur slik eg ofte reflekterer over at Livet kan kjennast, og det er ikkje noko gale med boka, fin er ho, ja eg vil faktisk vere såpass frimodig å plassere henne på omattlesingshylla mi, i lag med Anne og Avonlea, for om ikkje denne romanfiguren spring omkring i tidleg 1900-tal, over PEIs raudsandstrender i blondekanta, enkel men fin kjole, med ein heim som angar av eplepai og med lyden av ei skravlande Mrs Lynde på porchen; om ikkje romanfiguren har det nett slik, har ho det i allefall i hovudet, og lever i sitt eige univers av underlege kombinasjonar. Å spinne saueull til garn på kveldar der andre spinn glukose og ketonlekamar om til sveittelukt og fine framsyningsmusklar på treningssenter, men med ein podkast av førre vekas Ekko-program i øyro.)

Dette å verte vaksen og brått ein dag nokre veker etter Lislefivrelet si innrullering i barnehageverda innsjå at ein er ei Mamma, med andre ord Ei som skal kunne alt og ha svar på alt, dette ljoset som gjekk opp for meg før helga, har plassert meg på den berømmelege Planken. Då skjøna eg nemleg at fastelavenskarnevalet som skal gå føre seg i barnehagen neste fredag betyr at Eg er Mamma, eg må lage kostyme, og slik kom heile bylgja av tankar og assosiasjonar kastande over meg - Allison Pearsons "I don't know how she does it"-bokbetraktningar over karriæresmåbarnsmødre-som også må vere '50-talshusmor- med perfektekaker og heimelagakostymer, til scener frå Frustrerte Fruer der mødrene byrjar å ta ADHD-tablettane til ungane for å greie å sitje oppe heile natta og sy kostymer -

LIKEVEL må eg berre prøve å lage noko sjølv, for EG kan jo ikkje sende den lisle på karneval med plastprinsesseutstyr frå leikebutikken, det bryt jo med heile immidsjen min - og såleis var tankeverksemda i gong.


Eventyr. Emnet til inspirasjon for store og små er eventyr, og eg lurer då på om ein kan kle dotter si i skjørt og bluse og seie at "jodå, ho er den der halv-anonyme syster til jenta som redda gamlekona og vart helten i eventyret", eller bruke ullgenser og ei olabukse og hevde at ungen skal førestille Per eller Pål. Eg får ei magekjensle av at ein bør vere attkjenneleg, og då vert dei mest aktuelle rollene Trollet, ein av bukkane Bruse, ei eller anna prinsesse, kjerringa mot straumen, Gudbrand i Lia, den vesle raude høna, ein bror som vart til ei gås (evt han som berre fekk ein veng) - eller Oskeladden, også kjent som Oskefisen.

Eg nemnde i førre innlegg at det er mange strikkekunnige i familien. Det er også fleire svært flinke saumarinner (!), og sidan eg ikkje er ei av desse har eg eit lite grann prestasjonsangst for prosjektet trass i at eg snøgt har utelukka alle ovannemnde figurar som er dyr. Så må me eliminere alle fæle roller, for eg vil ikkje at Fivrelet skal kome som eit fælt troll med hol i magen og graut rennande ut, og skremme alle dei hine ungane. Og enn så lenge, no når det enno er eg som tek dei store avgjerdslene - prinsesse vert det ikkje.
Så, det einaste eg kom på som var ei fin rolle og eit enkelt kostyme, var sjølvsagt Raudhette.

Eg ville førebu meg og få med alle detaljar som kunne vere relevante for utforminga av drakta, og las difor snøgt gjennom eventyret om Raudhette og Ulven. Eg hadde ikkje kome langt uti før det slo meg at eit og anna nok hadde vorte fortrengt gjennom åra som har gått, eller så har forteljarane utelete dei mest makabre detaljane. Til dømes var det jo slik at Ulven faktisk slukte både gome og lisle raudhettejenta, og der låg dei nedi magen og hadde det klamt og trongt og sikkert ikkje veldig mykje luft å puste i, før ein jegar kom og ville skjote den sovande ulven. Han kom heldigvis til å tenkje seg om då han ikkje kunne sjå gome nokon stad, og spretta i staden opp buken på (den stadig sovande) ulven."Eureka!" - plent som han hadde mistanke om, der kom jammen både Raudhette og gome ut av ulvemagen, noko ugne i kroppen, men elles i fin form. Dei fylte magesekken med stein og sauma att.

No endte det jo med at ulven dauda til slutt, for ein kan visst ikkje leve når magen er full av stein, så snipp snapp snute, eventyret endar godt for dei gode kreftene i soga.

Konklusjonen etter gjennomlesing vart at me lyt nok levere med ein lapp i barnehagen: "Som foreldre vil me presisere at me tek avstand frå all vald og makabre hendingar som går føre seg i dette eventyret, men då sy-dugleiken åt Mamma til Lislefivrel ikkje er av dei største, har me likevel valt å sende vesle dotter som Raudhette."

No er det jo ikkje sikkert at eg får dette til i det heile, og har de framlegg til eventyrfigurar som høver betre både for rolleinnehavar og kostymeansvarleg, må de endeleg seie i frå. Enn så lenge skal eg teikne og måle og kanskje driste meg på å klyppe i stoffet eg har kjøpt på gardinsal i dag, og gje dykk oppdatering i løpet av veka.

PS -  Nokre timar seinare: Eg har DIVERRE googla raudhette (då kom det berre opp islandshestar, så eg hoppa over på engelsk utan heilt å vite om ho direkte omsett då er "vesle raude ridehette?!, men sjekka ikkje det vidare) og har funne tolkingar og analysar av eventyret som no gjer meg veeldig i tvil om eg kan sende lisle gull avgarde med denne soga i ryggen?! Om eg ikkje kan det, må eg ha hjelp til å finne alternative eventyr, og då må moralen vere uklanderleg! Hm. Tenkjer eigentleg barnehagen på kor mykje oppstyr enkelte foreldre kan få ut av ei liksom uskuldig og fin tilstelling som eit karneval (kan vere) er?! DS


No skjønar eg forresten kvifor eg må ha dotter mi i barnehagen. Korleis skal eg elles kunne greie å planleggje og gjennomføre og evaluere produksjonen av eit Karnevalskostyme på ei veke?!

7 kommentarer:

Torunn Hansen sa...

Mamma lagde et drage/dinosaur-kostyme til meg en gang når jeg var ca 4 år. Det var en grønn joggedress med påsydd rompe (rompa var fyllt med putefyll, nådde i gulvet og hadde tagger langs med). Også sydde hun en grønn lue med ører og tagger på. Dette er nok det fineste kostymet jeg har hatt =) Hører også med til historien at min lillesøster også brukte dette flittig, og tilslutt arvet nabojenta det og hun løp rundt i kostymet en hel sommer =) Andre forslag til kostymer er en av dvergene i Snehvit, heks, politi, gammel dame, balettdanser (med strutteskjørt) eller kanskje fugleskremsel (Trollmannen fra Oz). Håper det ordner seg med kostyme og karneval =)

Ugla sa...

Min kjære fivrel. Kvifor streve slik når det kan vere så enkelt. Kvifor eventyr? Er ikkje ein biletbokfigur like god? Kva med eit lite fivrel som nett har kome ut av puppa. Eller Den lisle larven aldrimett - før ho vart eit fivrel!!
Vi får vel sjå resultatet når det vert ferdig.

Lilledora sa...

Gleder meg, gleder meg, gleder meg til å se Vesla som Rødhette eller Larven aldri mett, eller en sommerfugel. Det var så bra med Lille-Prinsen, han skulle bare være Sabeltann han, Prinessa stilte høyre krav, skulle gjerne være en krokkodille eler dinosaur eller noe annet ekstremt vanskelig. Homla og Lotte i dalen var det enklere med. Homla var enten søt parinsesse eller skummel sjørøver, og Lottemor var Geisha. Vinterharepus er og enkelt, bar kle ungen i hvit genser og strømpebukse og en hvit strømpebukse tredd over hode, klippet hull til ansikt og skumgummi.biter tredd inne i beina til ører. Lett som en plett.

Liten Fugl sa...

Eg var utkledd som eit av mine idol, Pippi, på karneval i barnehagen. Det var ståltråd i flettene, mamma sine sommarskopå beina, lange strømper med knapp festa i kortbuksene for å halde dei oppe. eg måtte ta til takke med tusjfregner, for trass mine ivrige solingsforsøk, hadde eg ikkje klart å få fregner. Elles har eg kledd ut rullingane som dei hellige tre kongar ein gong, Muffe vart ved eit anna høve utkledd som mumie, Hannepanne som juletre og han med ø i begge endar som vampyr. Elles vart Hannepanne sitt Hufsa-kostyme godt motteke på ein nyleg fest :) eg har sjølv vore Kleopatra, sjukepleier (i autentisk kostyme frå søttitalet), indianar, troll, og faktisk også Raudhette! Raudhette høyrest veldig overkommeleg og fint ut, spør du meg! Litle gull blir sikkert kjempesøt! Dessutan kan du jo velge å kle henne ut som Raudhette FØR ho vart slukt, så slepp du alt slimet. Ikkje tenk så mykje på det der som kjem etterpå, kven veit vel sikkert om alle dei andre verkeleg levde lukkelege alle sine dagar?

Lilledora sa...

ÅÅÅÅÅ, jeg glemte at Prinessa var Pippi engang, med rødt farga hår og alt, hun var NYDELIG

Fivrel sa...

Takk for fine innspel! Dette med å skulle vere utkledd som ein eventyrfigur er det jo ikkje eg som har kome på, men barnehagen. Kor vidt eventyr-rammene femner veit eg ikkje, kan ein vere eit tilfeldig dyr eller person og berre gå ut i frå at ein slik finst i eit eller anna eventyr...? Eg trur me held oss på trygg grunn og til kjende figurar. Og dette utelukkar jo då diverre dei fleste supre framlegga dykkar, frå fivrel (ikkje akkurat enkelt det heller då, Ugla! Silkepapirvenger i ein barnehage vert fort gråt og elende, er eg redd), via Hufsa (skummel!) og Pippi (ho har eg au vore!) til krokodille og dinosaur. Drake er forøvrig sjølvsagt ein klassisk eventyrfigur, men eg trur eg må psyke meg opp minst eitt år til før eg gyv laus på taggete rovesaum...! Og harepusen til Lilledora var ein kjempeide, men eg trur ikkje den strømpebuksa med øyreføter (fotøyre?) hadde vore lenge på hovudet til vesle sprell, som har SVÆRT bestemte meiningar om kva hovudplagg ho vil ikle seg :-)

Liten Fugl sa...

Lat mannen din lage Kari Trestakk-kostyme! Kan jo berre sette saman nokre ferdigproduserte kiler i brynjemønster festa med litt ståstreng :) men det spørs om veslefivrel syns det er i orden...