mandag 11. februar 2013

Eventyret om då Oskefisen trekte det stytste strået...

(eller: Då eg oppdaga at eg er ei Mamma med ei Dotter i Barnehage og det er Karnevalstid)



Det er måndag etter morsdagsfastelaven, og på ingen måte ein blåmåndag i så måte (heller ein grønmåndag, på det vis at grøn er yndlingsfargen min, iallefall stort sett), med februarljosare dagar, gleda ved å vere deltidsarbeidande, føremiddag åleine i huset, tulipanar på bordet, kaffi av nykverna bøner, og fyrste høve til å lese i Dag og Tid sidan ho hamna i postkassa fredag - humre hjarteleg over Ragnar Hovlands innsidemann og stadfeste at ein heller ikkje denne veka er Klok på bok.

Ingen blåmåndag med harde kår etter ei helg med dans på roser, med andre ord, for helga har vore som ho plar, ho, trass i fastelaven og morsdag (og det faktum at eg no ER mor; for fastelavensbollane baka eg sjølv og tulipanane på bordet var det eg og Lislefivrel som kjøpte i høve at me er Nøgde med Livet)(og forøvrig er me ein slik familie som ikkje feirar morsdag fordi me av prinsipp ikkje støttar kommersialiseringa av oppkonstruerte høgtidsdagar. Så i staden for blomar på morsdagen ynskte eg meg ei vårgåve av Hainn te mæ, nemleg eit rom i uthuset så eg kan få meg to tåtelam i mai, og det skulle eg få ;-). 
 
Dette å verte vaksen, dette å skjøne at ein har vorte vaksen og kvar ein er i livet,  ikkje geografisk men meir på det eteriske plan (det underlege med å vere sin eigen romanfigur slik eg ofte reflekterer over at Livet kan kjennast, og det er ikkje noko gale med boka, fin er ho, ja eg vil faktisk vere såpass frimodig å plassere henne på omattlesingshylla mi, i lag med Anne og Avonlea, for om ikkje denne romanfiguren spring omkring i tidleg 1900-tal, over PEIs raudsandstrender i blondekanta, enkel men fin kjole, med ein heim som angar av eplepai og med lyden av ei skravlande Mrs Lynde på porchen; om ikkje romanfiguren har det nett slik, har ho det i allefall i hovudet, og lever i sitt eige univers av underlege kombinasjonar. Å spinne saueull til garn på kveldar der andre spinn glukose og ketonlekamar om til sveittelukt og fine framsyningsmusklar på treningssenter, men med ein podkast av førre vekas Ekko-program i øyro.)

Dette å verte vaksen og brått ein dag nokre veker etter Lislefivrelet si innrullering i barnehageverda innsjå at ein er ei Mamma, med andre ord Ei som skal kunne alt og ha svar på alt, dette ljoset som gjekk opp for meg før helga, har plassert meg på den berømmelege Planken. Då skjøna eg nemleg at fastelavenskarnevalet som skal gå føre seg i barnehagen neste fredag betyr at Eg er Mamma, eg må lage kostyme, og slik kom heile bylgja av tankar og assosiasjonar kastande over meg - Allison Pearsons "I don't know how she does it"-bokbetraktningar over karriæresmåbarnsmødre-som også må vere '50-talshusmor- med perfektekaker og heimelagakostymer, til scener frå Frustrerte Fruer der mødrene byrjar å ta ADHD-tablettane til ungane for å greie å sitje oppe heile natta og sy kostymer -

LIKEVEL må eg berre prøve å lage noko sjølv, for EG kan jo ikkje sende den lisle på karneval med plastprinsesseutstyr frå leikebutikken, det bryt jo med heile immidsjen min - og såleis var tankeverksemda i gong.


Eventyr. Emnet til inspirasjon for store og små er eventyr, og eg lurer då på om ein kan kle dotter si i skjørt og bluse og seie at "jodå, ho er den der halv-anonyme syster til jenta som redda gamlekona og vart helten i eventyret", eller bruke ullgenser og ei olabukse og hevde at ungen skal førestille Per eller Pål. Eg får ei magekjensle av at ein bør vere attkjenneleg, og då vert dei mest aktuelle rollene Trollet, ein av bukkane Bruse, ei eller anna prinsesse, kjerringa mot straumen, Gudbrand i Lia, den vesle raude høna, ein bror som vart til ei gås (evt han som berre fekk ein veng) - eller Oskeladden, også kjent som Oskefisen.

Eg nemnde i førre innlegg at det er mange strikkekunnige i familien. Det er også fleire svært flinke saumarinner (!), og sidan eg ikkje er ei av desse har eg eit lite grann prestasjonsangst for prosjektet trass i at eg snøgt har utelukka alle ovannemnde figurar som er dyr. Så må me eliminere alle fæle roller, for eg vil ikkje at Fivrelet skal kome som eit fælt troll med hol i magen og graut rennande ut, og skremme alle dei hine ungane. Og enn så lenge, no når det enno er eg som tek dei store avgjerdslene - prinsesse vert det ikkje.
Så, det einaste eg kom på som var ei fin rolle og eit enkelt kostyme, var sjølvsagt Raudhette.

Eg ville førebu meg og få med alle detaljar som kunne vere relevante for utforminga av drakta, og las difor snøgt gjennom eventyret om Raudhette og Ulven. Eg hadde ikkje kome langt uti før det slo meg at eit og anna nok hadde vorte fortrengt gjennom åra som har gått, eller så har forteljarane utelete dei mest makabre detaljane. Til dømes var det jo slik at Ulven faktisk slukte både gome og lisle raudhettejenta, og der låg dei nedi magen og hadde det klamt og trongt og sikkert ikkje veldig mykje luft å puste i, før ein jegar kom og ville skjote den sovande ulven. Han kom heldigvis til å tenkje seg om då han ikkje kunne sjå gome nokon stad, og spretta i staden opp buken på (den stadig sovande) ulven."Eureka!" - plent som han hadde mistanke om, der kom jammen både Raudhette og gome ut av ulvemagen, noko ugne i kroppen, men elles i fin form. Dei fylte magesekken med stein og sauma att.

No endte det jo med at ulven dauda til slutt, for ein kan visst ikkje leve når magen er full av stein, så snipp snapp snute, eventyret endar godt for dei gode kreftene i soga.

Konklusjonen etter gjennomlesing vart at me lyt nok levere med ein lapp i barnehagen: "Som foreldre vil me presisere at me tek avstand frå all vald og makabre hendingar som går føre seg i dette eventyret, men då sy-dugleiken åt Mamma til Lislefivrel ikkje er av dei største, har me likevel valt å sende vesle dotter som Raudhette."

No er det jo ikkje sikkert at eg får dette til i det heile, og har de framlegg til eventyrfigurar som høver betre både for rolleinnehavar og kostymeansvarleg, må de endeleg seie i frå. Enn så lenge skal eg teikne og måle og kanskje driste meg på å klyppe i stoffet eg har kjøpt på gardinsal i dag, og gje dykk oppdatering i løpet av veka.

PS -  Nokre timar seinare: Eg har DIVERRE googla raudhette (då kom det berre opp islandshestar, så eg hoppa over på engelsk utan heilt å vite om ho direkte omsett då er "vesle raude ridehette?!, men sjekka ikkje det vidare) og har funne tolkingar og analysar av eventyret som no gjer meg veeldig i tvil om eg kan sende lisle gull avgarde med denne soga i ryggen?! Om eg ikkje kan det, må eg ha hjelp til å finne alternative eventyr, og då må moralen vere uklanderleg! Hm. Tenkjer eigentleg barnehagen på kor mykje oppstyr enkelte foreldre kan få ut av ei liksom uskuldig og fin tilstelling som eit karneval (kan vere) er?! DS


No skjønar eg forresten kvifor eg må ha dotter mi i barnehagen. Korleis skal eg elles kunne greie å planleggje og gjennomføre og evaluere produksjonen av eit Karnevalskostyme på ei veke?!

torsdag 7. februar 2013

 
I love ewe...
 
Det er berre å slå fast: Eg er ein retteleg ulling. Eg rett og slett elskar ull.

Det er noko med det lune og varme, det allsidige, det formbare. Det er tanken på at materialet kjem frå sauer - det er ikkje menneskeskapt, av ressursar som har ein ende, og gjennom ein produksjon som ureinar. Tvert om, det er eit biprodukt av noko anna nyttig; av mat og av kulturlandskapspleie! Ull kjem av jord og gras, og kan verte til jord og gras og nye sauer.

Det er vel også noko med at eg har vakse opp med sauer omkring meg, og med tanken på og vissa om at ein sau, det er den snillaste, varmaste, tryggaste, mest tolmodige venen ein kan ha. Å sitje med armane kring halsen på ein snill sau, om hausten, ute - og bore nasen og andletet djupt ned i den mjuke, lange, haustfriske, skogsangande ulla, då kan eg love deg, då kjenner du fred - heilt lengst inn i dei djupaste røtene dine.

Som klesmateriale er ull for meg heilt uunnverleg; eg kler meg med ull kvar dag. No vinters tid er det ulltrøye, ullgenser, og sjølvsagt leistar (tykke sokkar) og tøflar av ull. Ullbruken i familien har i løpet av siste halvanna året også nådd endå nye høgder, då Lislefivrelet knapt har opplevd ein levedag enno, utan ulltøy på kroppen.

Når ein på denne måten er ein storbrukar av slike klede, får ein etterkvart også eit stort utval i garderoben, og gjennom det handverket som strikking er - fargar, mønster, modellar, teknikkar, vert ein også eit levande kulturhistorisk museum der ein vandar omkring i snøen (eller forsåvidt også det grønkande graset eller gulnande lauvet).



Me er så heldige å ha ein Strikkande Familie, og dette ber serleg Lislefivrel sitt klesskåp preg av. Eg (altså mamma'n) spitar*. Gome spitar. Bestemor og Oldemor spitar. Gammeltante i Trondheim spitar i allefall! Og i posane med arvaklede me er så heldige å få, finn me også spitaklede i 100% ull som me er stolte av å kunne bruke vidare.

Den einaste ulempa eg kan sjå med ullklede (for meg som iherdig og entusiastisk strikkar), er at
1. ull er så haldbart når det vert handsama rett, og
2. det er så tøyeleg (mange trøyetruser har me bruka frå 6-18 månader, og ulljakker i halvanna år!),
at det vert alt for fullt i skuffen og ein får ikkje (treng ikkje) lage nye.
Med andre ord altså: Det er ingen ulemper, berre føremoner!



Det heldige med dette, er at eg har fått spita noko til meg sjølv til ei forandring. Denne jakka laga eg i haust, og ho er plent passeleg tunn/tykk til å bruke inne når det er for varmt med ein ordentleg ullgenser. Eg brukar jakka mest dagleg. 

Mønsteret kjem frå Sandnes, heftet heiter Mix dame 08/03, og eg har brukt alpakkagarn frå denne produsenten. Grunnfargen i mønsteret var grå, eg bytte om til ein meir alpakka-liknande farge - ljos, ljos brun. Og så laga eg bolen 10 cm lenger, slik at jakka rekk ned på foi* i staden for å slutte akkurat i livet.

Spiteprosjekt elles? Plent no er eg slik:



 - i gong med mangt, men ikkje ordentleg i gong med noko.
Det losnar vel snart, tenkjer eg, berre vent og sjå :-)

 
(og for dei som tykkjer engelsk kan vere vel så trikki som vallemål:
Ewe (i overskrifta) tyder søye, eller altså sau på engelsk :-)