onsdag 30. januar 2013

"Setesdøl revolusjonerer bakeindustrien!"

 
Medan naturen lever sitt liv utom husnova, lever me  i desse januartider mesteparten av våre kvardagar innomhus. Det er godt me har hole hus, som me Valldølar seier!
 
Tidsfordriv (eller Livet, som eg plar kalle det!)har me i alle høve nok av, anten me held oss ute eller inne, og keisemd er eit ukjent ord og omgrep i denne heimen. Til dømes er to av huslydsmedlemene sers glade i å bake, og det syner seg at me utfyller kvarandre svært godt.
 
Der eg er systematisk (finne fram alle ingrediensane, stille dei opp på benken FØR bakinga tek til for alvor), er lislebakarinna fri ("eg kan godt mjøle heile bakebordet for deg før me byrjar, mamma!").
 
Når eg vert utolmodig og synest at me har elta deigen lenge nok, kan tullerusk elte og kna og trille og rulle og klemme og banke og prikke i det ævelege, til deigen på mystisk vis har gått over i ei anna form, ei anna tilstand, og i same andedrag i praksis teke turen over til Den Hi Sida (deigdøden = i smuldrar og klumpar mellom anna rusk på golvet under kjøkenbenken). 
 
Og der eg er tradisjonell på ein noko kjedeleg måte (rundstykke skal vere runde, brød avlange), er lislefivrel kreativ. Denne symbiosen resulterte her om dagen i ei nyvinning innan bakeverda, nemleg prikkstykke. Eller "rundstykke med diffus multippel fenestrering" om du føretrekk å slenge omkring deg med latinske omgrep for liksom å verke intellektuell...
 
 
Det som er heilt eineståande med denne kreative varianten av dei heller simple rundstykka, er at du kan prikke dei heilt etter eige ynskje, og såleis oppnå eit mangfald av disain (utformingar) som gjer eit kvart måltid til ein fest (serleg om du kostar på deg rett smør som kan smelte på det varme bakverket, og kokar i hop ei god suppe). Me nemner i fleng: Grisetryne-stykke, internasjonal-stikkontakt-utforming-med-tre-hol-stykke, terningkast-stykke, innertiar-stykke (eller bull's eye for å vere tøff), sirkel-prikkstykke og så bortetter. På biletet kan de sjå eit utval av desse, presentert av Åslaug, eller Creative Director: Art and Design i den lisle bakeverksemda vår.
 
I denne utgåva av Fivreldagane syner me deg altså(eksklusivt!) teknikken, som gjer at også DU kan bake prikkstykke heime. Når det gjeld smaken, var dei plent naugode*!
 

 
Det beste av alt: Medan prikkstykka står i omnen og den gode angen av heimebaka stomp* spreier seg i huset, kan ein setje seg ved kjøkenbordet med ein kopp te og Dag og Tid - sjå om ein greier Klok på bok, og sjølvsagt fyrst kike gjennom "Sett og saksa" og sjå om Setesdølen (Lokalavisa over alle lokalaviser) er representert med eitt av sine herlege sitat som på ein Haiku-aktig måte kan oppsummere Liv og Kvardag og Dramatikk (og helst mangel på sådan) i dalen.Så fantastisk heldige me er, og så godt livet kan vere, når det er dei små overskriftene som vert dei store.

 

 
 
 
 
* www.vallemal.no for ordforklåring, om du skulle trenge det!

5 kommentarer:

Ugla sa...

At Tulleruska mi var ein så habil dekoratør innan bakekunsten, visste eg ikkje. Men eg har jo sett hennar evne til å illuminere avissider med dei utrulegaste krusedullar, strek og prikkar, så eg var ikkje overraska. Og eg vonar at med tida vert ho like ordhag som mor si, Det store fivreldet, for det er ein fryd å lese desse orda.

Lilledora sa...

Så koselig det hørtes ut, og jeg syns at den prikkete bollen så ekstra god ut. Litt vanskelig å lese skrifta, men det skyldes vel mine gamle øgon. Det er så koselig å lese om dere, og tusen hjertlig takk for mailen med de fine bildene

Fivrel sa...

Takk for koselege kommentarar :-) Og når det gjeld skrifta - betre no? No var veel lita, eg er samd i det. Velkomne på besøk, både Lilledora og Bibliofiolen, så skal de få smake bakekunsten vår!

Maritmor sa...

Mmmmmm..... det lukter så godt av nybakt brød. Syns neste jeg kjenner det helt hit .....

Ugla sa...

Så bra at det kjem noko nytt frå dine kantar