søndag 27. januar 2013

Livsgnistring



Sola kastar sine skire strålar over oss - berre nokre få timar her i tunet, men nok til å gje eit ljosspel som både gjer godt, og ser godt ut. Frå tunet - og frå kjøkenet, kan me sjå vestover over Det Store Vatnet, og kanskje drøyme om båt og bading i ei sumarframtid som nett no synest veldig langt fram i tid.




Det gode med høgtrykk og kuldegrader om vinteren, er at det får alt til å verte finare. Himmelen er så blå, snøen så drivande kvit, og som ein stjernehimmel gnistrande, blenkjande i tusen krystallar. Landskapet tykkjest vere større, og den klare, kalde lufta får alt til å verke så reint og friskt og sunt.

Iallefall når du bur så landleg og skogleg som oss! Me har stor glede av å bu så for oss sjølv som me gjer her - rådyra har si faste rute gjennom tunet, kan det verke som, og her om (midt på ljose) dagen stod det ein elg og kika på meg tre meter frå vegen, eit lite stykke frå huset.

For meg som ikkje er redd for dyr (men heller folk) (og sjuke kattar som må til dyrlækjaren og trur dei skal døy (sjølv om det er nett det me freistar forhindre) og såleis forsvarar seg med nebb og klør og tenner), er det slike ting som gjer kvardagen ljos og varm langt inn i hjarterota. Fuglane som så ivrig tek føre seg på fuglebrettet, ein rev som smett forbi over skisporet og forsvinn inn i skogen. Samstundes er det så hjarteskjerande, for det er mest ufatteleg korleis desse dyra overlever den nordiske vinteren. Så kaldt, så lenge, og mest utan mat - løynt under ei tykk snødyne finn dei kanskje ikkje anna enn nokre gamle, halvrotne grasstenglar, og alt vatnet har vore klaka sidan seint i november. For ikkje å tale om reinsdyra, som lever på høgheiane, det er eit under at dei overlever. 

Det gjev ei ærefrykt for livet å grunne på slikt, på livsvilkår, livsgnist, overlevingsvilje. Ein slik respekt, å kjenne seg audmjuk overfor alt dette, er kanskje for mange også sjølve grunnlaget for naturvern, for å ynskje å vere del av dei som tek vare på, held oppe og fremjar både den urørde naturen, villmarka, og ein symbiose mellom natur og kultur, ei verd der me lever med natur, dyr og planter; heller enn å utnytte og bruke opp, byggje ned og øydelegge - med dei fylgjene dette får for natur, og sjølvsagt på sikt for menneska.

Å la ungane ta i bruk naturen som ein del av kvardagen sin, kan gje dei grunnlaget til å kjenne tilhøyre til naturen, respekt og ansvar. Grunnlaget for kjensla av å ville ta vare på dyra i nærmiljøet, eller dei særeigne plantene som gror der den nye vegtraseen skal leggjast - og kanskje dei også vidarefører filosofien til å omfatte respekt og ei audmjuk tilnærming i møte med andre menneske og deira livssituasjon.

Kvardagsnaturen - i lag med foreldre og syskjen, i lag med vener: sjå småfuglane ete av solsikkefrøa me har lagt ut til dei, kikke på rådyrlorten som ligg att utom uthusveggen, gå i skogen ein vårdag for å leite etter dei fyrste blomane, ja "er du rik nok til å høyra lauvsusen ein skumrande, grå sumarkveld, - då er det enno von for deg." (OHH)




Ingen kommentarer: