søndag 20. januar 2013

Kalde dagar


Det er kaldt. Kvitt og kaldt, over og under og i det blå mellomromet mellom steinar og nakne tre.
Alt har klaka, alt tykkjest vere stille og audt.

Kvar er alle dei små fjøyrkledde, som plar gle oss med livsglade trillande tonar? Kvar er den snøgge jasen eller pilemus silkehår? Alt har krope i hi, gått i dvale, freista kome seg unna den isnande kylen. Det einaste me kan sjå, er ein liten rådyrflokk som allstøtt er i rørsle, gjennom skogholta, over snøkledde vollar og åkrar, på stundelaus leit etter nokre mettande strå eller blad.


Her, i vinterlandet, har me funne heimen vår for ei tid framover.
Like ved Det Store Vatnet, i eit bittelite, kvitt hus, med eit lite tun og ein passeleg liten skog som næraste granne. Her er det stilt, her er det mørkt om kveldane. Her ventar mange prosjekt, med både hus og hage. I løa skal det verte hus for høner og eit par sauer, i hagen skal det kome gulrotsenger, ertehesjer og ei pilehytte.

Og i huset skal det verte (betre og meir) rom for ein liten famile, for teikning og toving, for lått og leik, for bøker og bønder og bjørnar.

Velkomne til å fylgje oss framover årstidene, med eit prosjektomfang og ei arbeidsmengd som truleg vil auke i takt med utetemperaturen!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Så koselig at de ble liv i bloggen igjen. Da har jeg ihvertfall to blogger jeg kan følge. Håper dere trives i det lille hvite huset, det så nå bra koselig ut. Her er det og kaldt, men lite snø, heldigvis, vet den kommer, men snart blir det jo VÅR, og da reiser den igjen sin vei. Håper den lille trives på barnehagen, går hun hverdag?

Anonym sa...

Du skriver som en dikter! En fryd å lese :) Håper alt står bra til!

-Beth-

Ugla sa...

Du er som musa Fredrik i i boka av Leo Lionni - du samlar på fargar, luktar og vakre ord og brukar dei i dei iskalde dagane - og held motet oppe hos store og små, dei som tykkjer at vinteren er sers kald og lang i år. Gome og gofa saknar Gullet sitt, og gled seg til å kome og sjå korleis det er inne i huset.

Fivrel sa...

Takk for kommentarar! Alt er vel med oss tre tobeinte og eine firbeinte (!), den lisle er i si andre barnehageveke no og har det godt der. Ho kjem nok til å vere der 4 eller 5 dagar i veka, men heller mange og stutte dagar, enn to laaange.

Ja, Lilledora, snart vert det vår, og det vert fantastisk herleg! Joggesko og lette klede, solskin og blomar, ahh! Men me hadde vel ikkje sett slik pris på våren hadde det ikkje vore for denne kallege kylen fyrst...

Ugla: Me gler oss til de kjem!

Anonym sa...

så koselig å lese om hvordan dere har det! :)
dere vil bli et savn i bygda! har vært utrolig koselig å bli kjent med deg og skjønne åslaug :)
håper dere trives godt på ny plass og får fine dager fremover mot lysere tider.

god klem fra valle; margrethe og marius :)