onsdag 30. januar 2013

"Setesdøl revolusjonerer bakeindustrien!"

 
Medan naturen lever sitt liv utom husnova, lever me  i desse januartider mesteparten av våre kvardagar innomhus. Det er godt me har hole hus, som me Valldølar seier!
 
Tidsfordriv (eller Livet, som eg plar kalle det!)har me i alle høve nok av, anten me held oss ute eller inne, og keisemd er eit ukjent ord og omgrep i denne heimen. Til dømes er to av huslydsmedlemene sers glade i å bake, og det syner seg at me utfyller kvarandre svært godt.
 
Der eg er systematisk (finne fram alle ingrediensane, stille dei opp på benken FØR bakinga tek til for alvor), er lislebakarinna fri ("eg kan godt mjøle heile bakebordet for deg før me byrjar, mamma!").
 
Når eg vert utolmodig og synest at me har elta deigen lenge nok, kan tullerusk elte og kna og trille og rulle og klemme og banke og prikke i det ævelege, til deigen på mystisk vis har gått over i ei anna form, ei anna tilstand, og i same andedrag i praksis teke turen over til Den Hi Sida (deigdøden = i smuldrar og klumpar mellom anna rusk på golvet under kjøkenbenken). 
 
Og der eg er tradisjonell på ein noko kjedeleg måte (rundstykke skal vere runde, brød avlange), er lislefivrel kreativ. Denne symbiosen resulterte her om dagen i ei nyvinning innan bakeverda, nemleg prikkstykke. Eller "rundstykke med diffus multippel fenestrering" om du føretrekk å slenge omkring deg med latinske omgrep for liksom å verke intellektuell...
 
 
Det som er heilt eineståande med denne kreative varianten av dei heller simple rundstykka, er at du kan prikke dei heilt etter eige ynskje, og såleis oppnå eit mangfald av disain (utformingar) som gjer eit kvart måltid til ein fest (serleg om du kostar på deg rett smør som kan smelte på det varme bakverket, og kokar i hop ei god suppe). Me nemner i fleng: Grisetryne-stykke, internasjonal-stikkontakt-utforming-med-tre-hol-stykke, terningkast-stykke, innertiar-stykke (eller bull's eye for å vere tøff), sirkel-prikkstykke og så bortetter. På biletet kan de sjå eit utval av desse, presentert av Åslaug, eller Creative Director: Art and Design i den lisle bakeverksemda vår.
 
I denne utgåva av Fivreldagane syner me deg altså(eksklusivt!) teknikken, som gjer at også DU kan bake prikkstykke heime. Når det gjeld smaken, var dei plent naugode*!
 

 
Det beste av alt: Medan prikkstykka står i omnen og den gode angen av heimebaka stomp* spreier seg i huset, kan ein setje seg ved kjøkenbordet med ein kopp te og Dag og Tid - sjå om ein greier Klok på bok, og sjølvsagt fyrst kike gjennom "Sett og saksa" og sjå om Setesdølen (Lokalavisa over alle lokalaviser) er representert med eitt av sine herlege sitat som på ein Haiku-aktig måte kan oppsummere Liv og Kvardag og Dramatikk (og helst mangel på sådan) i dalen.Så fantastisk heldige me er, og så godt livet kan vere, når det er dei små overskriftene som vert dei store.

 

 
 
 
 
* www.vallemal.no for ordforklåring, om du skulle trenge det!

søndag 27. januar 2013

Livsgnistring



Sola kastar sine skire strålar over oss - berre nokre få timar her i tunet, men nok til å gje eit ljosspel som både gjer godt, og ser godt ut. Frå tunet - og frå kjøkenet, kan me sjå vestover over Det Store Vatnet, og kanskje drøyme om båt og bading i ei sumarframtid som nett no synest veldig langt fram i tid.




Det gode med høgtrykk og kuldegrader om vinteren, er at det får alt til å verte finare. Himmelen er så blå, snøen så drivande kvit, og som ein stjernehimmel gnistrande, blenkjande i tusen krystallar. Landskapet tykkjest vere større, og den klare, kalde lufta får alt til å verke så reint og friskt og sunt.

Iallefall når du bur så landleg og skogleg som oss! Me har stor glede av å bu så for oss sjølv som me gjer her - rådyra har si faste rute gjennom tunet, kan det verke som, og her om (midt på ljose) dagen stod det ein elg og kika på meg tre meter frå vegen, eit lite stykke frå huset.

For meg som ikkje er redd for dyr (men heller folk) (og sjuke kattar som må til dyrlækjaren og trur dei skal døy (sjølv om det er nett det me freistar forhindre) og såleis forsvarar seg med nebb og klør og tenner), er det slike ting som gjer kvardagen ljos og varm langt inn i hjarterota. Fuglane som så ivrig tek føre seg på fuglebrettet, ein rev som smett forbi over skisporet og forsvinn inn i skogen. Samstundes er det så hjarteskjerande, for det er mest ufatteleg korleis desse dyra overlever den nordiske vinteren. Så kaldt, så lenge, og mest utan mat - løynt under ei tykk snødyne finn dei kanskje ikkje anna enn nokre gamle, halvrotne grasstenglar, og alt vatnet har vore klaka sidan seint i november. For ikkje å tale om reinsdyra, som lever på høgheiane, det er eit under at dei overlever. 

Det gjev ei ærefrykt for livet å grunne på slikt, på livsvilkår, livsgnist, overlevingsvilje. Ein slik respekt, å kjenne seg audmjuk overfor alt dette, er kanskje for mange også sjølve grunnlaget for naturvern, for å ynskje å vere del av dei som tek vare på, held oppe og fremjar både den urørde naturen, villmarka, og ein symbiose mellom natur og kultur, ei verd der me lever med natur, dyr og planter; heller enn å utnytte og bruke opp, byggje ned og øydelegge - med dei fylgjene dette får for natur, og sjølvsagt på sikt for menneska.

Å la ungane ta i bruk naturen som ein del av kvardagen sin, kan gje dei grunnlaget til å kjenne tilhøyre til naturen, respekt og ansvar. Grunnlaget for kjensla av å ville ta vare på dyra i nærmiljøet, eller dei særeigne plantene som gror der den nye vegtraseen skal leggjast - og kanskje dei også vidarefører filosofien til å omfatte respekt og ei audmjuk tilnærming i møte med andre menneske og deira livssituasjon.

Kvardagsnaturen - i lag med foreldre og syskjen, i lag med vener: sjå småfuglane ete av solsikkefrøa me har lagt ut til dei, kikke på rådyrlorten som ligg att utom uthusveggen, gå i skogen ein vårdag for å leite etter dei fyrste blomane, ja "er du rik nok til å høyra lauvsusen ein skumrande, grå sumarkveld, - då er det enno von for deg." (OHH)




søndag 20. januar 2013

Kalde dagar


Det er kaldt. Kvitt og kaldt, over og under og i det blå mellomromet mellom steinar og nakne tre.
Alt har klaka, alt tykkjest vere stille og audt.

Kvar er alle dei små fjøyrkledde, som plar gle oss med livsglade trillande tonar? Kvar er den snøgge jasen eller pilemus silkehår? Alt har krope i hi, gått i dvale, freista kome seg unna den isnande kylen. Det einaste me kan sjå, er ein liten rådyrflokk som allstøtt er i rørsle, gjennom skogholta, over snøkledde vollar og åkrar, på stundelaus leit etter nokre mettande strå eller blad.


Her, i vinterlandet, har me funne heimen vår for ei tid framover.
Like ved Det Store Vatnet, i eit bittelite, kvitt hus, med eit lite tun og ein passeleg liten skog som næraste granne. Her er det stilt, her er det mørkt om kveldane. Her ventar mange prosjekt, med både hus og hage. I løa skal det verte hus for høner og eit par sauer, i hagen skal det kome gulrotsenger, ertehesjer og ei pilehytte.

Og i huset skal det verte (betre og meir) rom for ein liten famile, for teikning og toving, for lått og leik, for bøker og bønder og bjørnar.

Velkomne til å fylgje oss framover årstidene, med eit prosjektomfang og ei arbeidsmengd som truleg vil auke i takt med utetemperaturen!