søndag 14. april 2013

Den som har eit bibliotek
og ein hage, manglar inkje (Cicero)




Utom husnova ligg enno snjoren kvit og tung her på austlandet, nattetemperaturane er under nullpunktet, og ullklede og sjerroksar er framleis dei viktigaste klesplagga for å kome seg gjennom kvardagen. Von om vår er det nå likevel når ein berre kjenner rektig etter, for det dryp taktfast frå yfsedrypet* og fuglane fyller dei tidlege morgonar med muntre menuettar; og kveldane med kjærlege kantater.

I dag er det sumårmål, 14. april, og såleis tida for å snu primstaven over til sumarsida. Sumarhagen, eller hagesumaren - er framleis langt unna, men me markerer primstavsnuinga med å hengje opp dei nylaga fuglekassene i tre og på veggjer omkring på tunet, så solsikkefrø (som skal stå inne og spire ei god stund før dei får friluftsrøynsle trur eg!), og å skjere dei fire aplane i hagen.

Aplane er gamle og ustelte, dei ser mystisk fascinerande ut, men ber ikkje på langt nær så mykje og stor frukt som dei kunne gjort med noko varsam og nøye gjennomtenkt greinskurd.

 
 
Sjølv om eg gjerne kunne tenkt meg å ha aplar som passa til tankebileta mine om ein gamal, overgrodd hage kring eit høgt, smalt og kvitt sveitserstilhus med avskala måling og blondegardiner som rører på seg når ein luskar snøgt forbi i hagen, med ti kattar som skular på deg frå verandakant og hagetre, med vissa om den gamle dama som bur i huset, som støtt har budd i huset, som sumars tid opnar dei dobbeltfløya glasdørene mot verandaen og spelar opera så høgt og så hjarteskjerande at også fuglane har vit til å teie stille, eller som om hausten kan skimtast med korg over armen og eit stort ullsjal kring skuldrene i skogen, som ein skugge mellom dei høge trea, som ein skoddedis som brått fyller deg og brått er borte, som sankar sopp og bær, og som etter det venene dine har fortalt deg kokar dei skumlaste brygg som ho tyller i seg når vinternatta senkjer seg over skjerereira, katteskinna, hustaket og dei vridde, krokete, samanfiltra gamle aplane som strekkjer nakne greiner mot måneljoset og jamrar lydlaust om tider som aldri att skal kome -

***

Trass i dette, me vil gjerne ha eple, for me elskar søteple, eplesaft, eplekake, epleterte, eplemos og alt anna eplete, og då må ein skjere og hevde (gjødsle) og stelle fint med aplane.

Mest alt eg kan om stell av frukttre har eg lært av far min, hagebrukaren, som gjennom eit langt liv har lagt sjel og arbeid i å lage og stelle og halde i hevd ein grøderik frukt-, bær- og grønsakhage. Noko lærdom kan ein likevel også skaffe seg frå litteraturen, og eg held meg i denne samanheng til to kjelder, og to hovudprinsipp:

1. Ein skal ikkje vere for drastisk

Kjelde: Olav H. Hauge:


Eg hogg ned den store apalen utfor glaset.


Han skygde for utsyni, det var eitt, det

 
vart skumt i stova um sumaren, dessutan

 
vilde ikkje Gartnarhallen ha


Flaskeeple lenger.

 
Eg tenkte på kva far min

 
vilde ha sagt, han lika


den apalen.

 
Men eg hogg han ned.

 

 


Det vart ljosare, eg kan
 

sjå ut fjorden og elles


fylgja betre med
 

på fleire kantar.

 
Huset kom meir

 
i berrrsyni


viser meir att.

 
 

Eg vil ikkje vera ved det, men eg saknar apalen.


Her er ikkje som fyrr. Han livde for vinden og gav

 
god skugge, soli glytte gjenom greinene inn

 

 

på bordet, og um nætene låg eg ofte og lydde
 

etter susen i lauvet. Og dei Flaskeepli, det finst ikkje

 
betre eple ut på vårparten, dei har så fin krydda smak.

 
Det gjer ilt kvar gong eg ser stubben; når han er morken,

 
skal eg brjota han upp og slå han sund til ved.

 


2. Ein skal ikkje vere for varsam (passiv)
 
 
 
Kjelde: Ruth Orbach: Eplegriser,

ei biletbok som eg har lese mangfaldige gonger sidan eg var 3-4 år, som handlar om korleis du får att i fleirfald når berre du steller godt med den gamle apalen.
 
"Det stod ein gamal apal i eplehagen vår
som ikkje hadde blomstra på mange Herrens år.

Og folk som såg han meinte: "Hogg gamle kraken ned,
og ta han med til byen og sel han vekk som ved."

Men treet stod og kviskra så berre eg forstod:
"Det er visst ingen lenger som bryr seg om meg no."
 
Eg sa: "Eg bryr meg om deg, om det kan hjelpe litt"
"Å, gjer du det," sa treet, "då skal eg gjere mitt!"
 
 
 
 
Med dette er hagelivet på Sjøli i gong - ambisjonane for sesongen er å lage kjøkenhage, etablere jordskokk-koloni, setje noko levande pil i jorda, stelle i stand ein piknik- og utfartsstad med bålplass og gode sitjeplassar oppe i den vesle lauvlunden øvst mot gjerdet, og elles innvie Lislefivrelet i gledene ved å grave i jorda, verte kjend med meitemarkane, sjå det spire og gro, rake lauv og steikje flesk - og dyrke den Høgaste Solsikka i Norigs land og rike!
 
 
 

fredag 1. mars 2013

Raudhette utan ulv

 
Så er karnevalsdagen over og prosjektet ferdig for denne gong, og alle var samde om at det hadde vore ei gama og lærerik røynsle! Trass i mange gode framlegg til alternative karnevalskostyme etter førre blogginnlegg, heldt me oss til planen om å vere Raudhette. Steg nummer ein i prosessen var å skaffe stoff, og etter dårlege resultat hjå dei to metervare-langarane som finst her i byen, vart eg nøydd til å tenkje annleis. På biletet over ser de Gautedokka som syner fram stoffet me fann - men han ville helst kle seg som bestemor/gome i eventyret, med skaut og sjal.

 
Hjå ein interiørtekstilbutikk eg ikkje vil reklamere for her, var det faktisk sal på gardiner for to veker sidan, og eg kom til slutt fram til at desse to kunne duge. Eg fann i allefall ut at raude gardiner tydelegvis ikkje er moderne for tida! Men faktisk vart det mykje finare med ei rustraud, enn med ei knall- raudhette.
 
 
Då eg kom til kassa, kika dama bak skuff og skjerm noko undrande på meg og spurde: "Du skal berre ha ei av kvar...?!" Ikkje så vanleg gardinmote det heller, kanskje, å ha heilt ulike gardiner på kvar side av glaset!
 
 
For dei av dykk som ikkje har sauma så veldig mykje, slik som meg, og tenkjer å kaste dykk over eit kostymeprosjekt, kan eg kome med ein viktig lærdom eg fekk: Val av stoffkvalitet.
 
Ja, det er viktig å finne noko du tykkjer er fint, og noko som passar til det det skal sjå ut som. Men det ER faktisk lurt å tenkje på om det er enkelt å saume av også... Mitt raude stoff til dømes, er svært laust og tunt vove, og det var frykteleg vanskeleg å
a) hindre at det rakna heilt i alle endar,
b) saume sikksakk rundt kanten for å hindre rakning, for då drog det seg til og vart skakt, og
c) halde fasongen undervegs i saumeprosessen.
Men, det gjekk jo, det også, og få ting er så gama som utfordringar ein greier å kome vellukka gjennom!
 
Kappa er laga med fôr, men sauma slik at båe sider er fine nok til å vere utside. Fleirbruk er ein lur tanke, både for miljøet - og for mødre med døtre som likar å kle seg ut, men som enno brukar så lang tid på å saume slike at klesskåpet ikkje kjem til å verte fullt med det fyrste...  
 
Eg sauma fyrst hetta, og sette denne saman med dei to kappedelane (viktig å halde tunga rett i munnen for kva som er ut og inn og fram og bak, når ein syr på vranga og plagget har fôr, fann eg ut!). Så sauma eg den lange, nedste kanten og sette inn ein blondestrimmel til pynt, og vrengde plagget før eg sauma dei to framkantane til slutt, her med ein strimmel av det grøne fôrstoffet bretta kring kanten så det vart ei fin avslutning.
 
Oppe i halsen hekla eg to syljer av sylvgarn, med eit "sylvlekkje" som batt dei i hop. (Trudde aldri eg skulle gå på Husfliden og kaupe SYLVGARN! Eg har sikkert tidlegare kasta eit "hmf"-blikk på enkelte med slikt glorete, syntetgarn i armane når eg sjølv har stått der med mine nøste naturfarga finullgarn, men ikkje no meir!)
 
 
Lislefivrel klar til karneval!
Som de jo skjønar er dette ei autentisk Raudhette, som syner at ein ikkje berre kan kle seg fint (les: Raud kappe) når ein skal gå og sjale seg hjå gome si*, men også praktisk (les: Sjerroksar på føtene og skinnhuve på toppen!)
 
 
Dersom nokon er interesserte i arbeidsteikningar (svært enkle, men lell), kan eg leggje dei fram her også. Det kan jo hende at einkvan har hamna her på sida mi etter å ha søkt som meg på: Raudhette, Rødhette, karneval, kostyme, barn, lage sjølv, lage selv, sy, mønster. Og i motsetnad til meg, så har de faktisk funne noko på dette!

mandag 11. februar 2013

Eventyret om då Oskefisen trekte det stytste strået...

(eller: Då eg oppdaga at eg er ei Mamma med ei Dotter i Barnehage og det er Karnevalstid)



Det er måndag etter morsdagsfastelaven, og på ingen måte ein blåmåndag i så måte (heller ein grønmåndag, på det vis at grøn er yndlingsfargen min, iallefall stort sett), med februarljosare dagar, gleda ved å vere deltidsarbeidande, føremiddag åleine i huset, tulipanar på bordet, kaffi av nykverna bøner, og fyrste høve til å lese i Dag og Tid sidan ho hamna i postkassa fredag - humre hjarteleg over Ragnar Hovlands innsidemann og stadfeste at ein heller ikkje denne veka er Klok på bok.

Ingen blåmåndag med harde kår etter ei helg med dans på roser, med andre ord, for helga har vore som ho plar, ho, trass i fastelaven og morsdag (og det faktum at eg no ER mor; for fastelavensbollane baka eg sjølv og tulipanane på bordet var det eg og Lislefivrel som kjøpte i høve at me er Nøgde med Livet)(og forøvrig er me ein slik familie som ikkje feirar morsdag fordi me av prinsipp ikkje støttar kommersialiseringa av oppkonstruerte høgtidsdagar. Så i staden for blomar på morsdagen ynskte eg meg ei vårgåve av Hainn te mæ, nemleg eit rom i uthuset så eg kan få meg to tåtelam i mai, og det skulle eg få ;-). 
 
Dette å verte vaksen, dette å skjøne at ein har vorte vaksen og kvar ein er i livet,  ikkje geografisk men meir på det eteriske plan (det underlege med å vere sin eigen romanfigur slik eg ofte reflekterer over at Livet kan kjennast, og det er ikkje noko gale med boka, fin er ho, ja eg vil faktisk vere såpass frimodig å plassere henne på omattlesingshylla mi, i lag med Anne og Avonlea, for om ikkje denne romanfiguren spring omkring i tidleg 1900-tal, over PEIs raudsandstrender i blondekanta, enkel men fin kjole, med ein heim som angar av eplepai og med lyden av ei skravlande Mrs Lynde på porchen; om ikkje romanfiguren har det nett slik, har ho det i allefall i hovudet, og lever i sitt eige univers av underlege kombinasjonar. Å spinne saueull til garn på kveldar der andre spinn glukose og ketonlekamar om til sveittelukt og fine framsyningsmusklar på treningssenter, men med ein podkast av førre vekas Ekko-program i øyro.)

Dette å verte vaksen og brått ein dag nokre veker etter Lislefivrelet si innrullering i barnehageverda innsjå at ein er ei Mamma, med andre ord Ei som skal kunne alt og ha svar på alt, dette ljoset som gjekk opp for meg før helga, har plassert meg på den berømmelege Planken. Då skjøna eg nemleg at fastelavenskarnevalet som skal gå føre seg i barnehagen neste fredag betyr at Eg er Mamma, eg må lage kostyme, og slik kom heile bylgja av tankar og assosiasjonar kastande over meg - Allison Pearsons "I don't know how she does it"-bokbetraktningar over karriæresmåbarnsmødre-som også må vere '50-talshusmor- med perfektekaker og heimelagakostymer, til scener frå Frustrerte Fruer der mødrene byrjar å ta ADHD-tablettane til ungane for å greie å sitje oppe heile natta og sy kostymer -

LIKEVEL må eg berre prøve å lage noko sjølv, for EG kan jo ikkje sende den lisle på karneval med plastprinsesseutstyr frå leikebutikken, det bryt jo med heile immidsjen min - og såleis var tankeverksemda i gong.


Eventyr. Emnet til inspirasjon for store og små er eventyr, og eg lurer då på om ein kan kle dotter si i skjørt og bluse og seie at "jodå, ho er den der halv-anonyme syster til jenta som redda gamlekona og vart helten i eventyret", eller bruke ullgenser og ei olabukse og hevde at ungen skal førestille Per eller Pål. Eg får ei magekjensle av at ein bør vere attkjenneleg, og då vert dei mest aktuelle rollene Trollet, ein av bukkane Bruse, ei eller anna prinsesse, kjerringa mot straumen, Gudbrand i Lia, den vesle raude høna, ein bror som vart til ei gås (evt han som berre fekk ein veng) - eller Oskeladden, også kjent som Oskefisen.

Eg nemnde i førre innlegg at det er mange strikkekunnige i familien. Det er også fleire svært flinke saumarinner (!), og sidan eg ikkje er ei av desse har eg eit lite grann prestasjonsangst for prosjektet trass i at eg snøgt har utelukka alle ovannemnde figurar som er dyr. Så må me eliminere alle fæle roller, for eg vil ikkje at Fivrelet skal kome som eit fælt troll med hol i magen og graut rennande ut, og skremme alle dei hine ungane. Og enn så lenge, no når det enno er eg som tek dei store avgjerdslene - prinsesse vert det ikkje.
Så, det einaste eg kom på som var ei fin rolle og eit enkelt kostyme, var sjølvsagt Raudhette.

Eg ville førebu meg og få med alle detaljar som kunne vere relevante for utforminga av drakta, og las difor snøgt gjennom eventyret om Raudhette og Ulven. Eg hadde ikkje kome langt uti før det slo meg at eit og anna nok hadde vorte fortrengt gjennom åra som har gått, eller så har forteljarane utelete dei mest makabre detaljane. Til dømes var det jo slik at Ulven faktisk slukte både gome og lisle raudhettejenta, og der låg dei nedi magen og hadde det klamt og trongt og sikkert ikkje veldig mykje luft å puste i, før ein jegar kom og ville skjote den sovande ulven. Han kom heldigvis til å tenkje seg om då han ikkje kunne sjå gome nokon stad, og spretta i staden opp buken på (den stadig sovande) ulven."Eureka!" - plent som han hadde mistanke om, der kom jammen både Raudhette og gome ut av ulvemagen, noko ugne i kroppen, men elles i fin form. Dei fylte magesekken med stein og sauma att.

No endte det jo med at ulven dauda til slutt, for ein kan visst ikkje leve når magen er full av stein, så snipp snapp snute, eventyret endar godt for dei gode kreftene i soga.

Konklusjonen etter gjennomlesing vart at me lyt nok levere med ein lapp i barnehagen: "Som foreldre vil me presisere at me tek avstand frå all vald og makabre hendingar som går føre seg i dette eventyret, men då sy-dugleiken åt Mamma til Lislefivrel ikkje er av dei største, har me likevel valt å sende vesle dotter som Raudhette."

No er det jo ikkje sikkert at eg får dette til i det heile, og har de framlegg til eventyrfigurar som høver betre både for rolleinnehavar og kostymeansvarleg, må de endeleg seie i frå. Enn så lenge skal eg teikne og måle og kanskje driste meg på å klyppe i stoffet eg har kjøpt på gardinsal i dag, og gje dykk oppdatering i løpet av veka.

PS -  Nokre timar seinare: Eg har DIVERRE googla raudhette (då kom det berre opp islandshestar, så eg hoppa over på engelsk utan heilt å vite om ho direkte omsett då er "vesle raude ridehette?!, men sjekka ikkje det vidare) og har funne tolkingar og analysar av eventyret som no gjer meg veeldig i tvil om eg kan sende lisle gull avgarde med denne soga i ryggen?! Om eg ikkje kan det, må eg ha hjelp til å finne alternative eventyr, og då må moralen vere uklanderleg! Hm. Tenkjer eigentleg barnehagen på kor mykje oppstyr enkelte foreldre kan få ut av ei liksom uskuldig og fin tilstelling som eit karneval (kan vere) er?! DS


No skjønar eg forresten kvifor eg må ha dotter mi i barnehagen. Korleis skal eg elles kunne greie å planleggje og gjennomføre og evaluere produksjonen av eit Karnevalskostyme på ei veke?!

torsdag 7. februar 2013

 
I love ewe...
 
Det er berre å slå fast: Eg er ein retteleg ulling. Eg rett og slett elskar ull.

Det er noko med det lune og varme, det allsidige, det formbare. Det er tanken på at materialet kjem frå sauer - det er ikkje menneskeskapt, av ressursar som har ein ende, og gjennom ein produksjon som ureinar. Tvert om, det er eit biprodukt av noko anna nyttig; av mat og av kulturlandskapspleie! Ull kjem av jord og gras, og kan verte til jord og gras og nye sauer.

Det er vel også noko med at eg har vakse opp med sauer omkring meg, og med tanken på og vissa om at ein sau, det er den snillaste, varmaste, tryggaste, mest tolmodige venen ein kan ha. Å sitje med armane kring halsen på ein snill sau, om hausten, ute - og bore nasen og andletet djupt ned i den mjuke, lange, haustfriske, skogsangande ulla, då kan eg love deg, då kjenner du fred - heilt lengst inn i dei djupaste røtene dine.

Som klesmateriale er ull for meg heilt uunnverleg; eg kler meg med ull kvar dag. No vinters tid er det ulltrøye, ullgenser, og sjølvsagt leistar (tykke sokkar) og tøflar av ull. Ullbruken i familien har i løpet av siste halvanna året også nådd endå nye høgder, då Lislefivrelet knapt har opplevd ein levedag enno, utan ulltøy på kroppen.

Når ein på denne måten er ein storbrukar av slike klede, får ein etterkvart også eit stort utval i garderoben, og gjennom det handverket som strikking er - fargar, mønster, modellar, teknikkar, vert ein også eit levande kulturhistorisk museum der ein vandar omkring i snøen (eller forsåvidt også det grønkande graset eller gulnande lauvet).



Me er så heldige å ha ein Strikkande Familie, og dette ber serleg Lislefivrel sitt klesskåp preg av. Eg (altså mamma'n) spitar*. Gome spitar. Bestemor og Oldemor spitar. Gammeltante i Trondheim spitar i allefall! Og i posane med arvaklede me er så heldige å få, finn me også spitaklede i 100% ull som me er stolte av å kunne bruke vidare.

Den einaste ulempa eg kan sjå med ullklede (for meg som iherdig og entusiastisk strikkar), er at
1. ull er så haldbart når det vert handsama rett, og
2. det er så tøyeleg (mange trøyetruser har me bruka frå 6-18 månader, og ulljakker i halvanna år!),
at det vert alt for fullt i skuffen og ein får ikkje (treng ikkje) lage nye.
Med andre ord altså: Det er ingen ulemper, berre føremoner!



Det heldige med dette, er at eg har fått spita noko til meg sjølv til ei forandring. Denne jakka laga eg i haust, og ho er plent passeleg tunn/tykk til å bruke inne når det er for varmt med ein ordentleg ullgenser. Eg brukar jakka mest dagleg. 

Mønsteret kjem frå Sandnes, heftet heiter Mix dame 08/03, og eg har brukt alpakkagarn frå denne produsenten. Grunnfargen i mønsteret var grå, eg bytte om til ein meir alpakka-liknande farge - ljos, ljos brun. Og så laga eg bolen 10 cm lenger, slik at jakka rekk ned på foi* i staden for å slutte akkurat i livet.

Spiteprosjekt elles? Plent no er eg slik:



 - i gong med mangt, men ikkje ordentleg i gong med noko.
Det losnar vel snart, tenkjer eg, berre vent og sjå :-)

 
(og for dei som tykkjer engelsk kan vere vel så trikki som vallemål:
Ewe (i overskrifta) tyder søye, eller altså sau på engelsk :-)

 

onsdag 30. januar 2013

"Setesdøl revolusjonerer bakeindustrien!"

 
Medan naturen lever sitt liv utom husnova, lever me  i desse januartider mesteparten av våre kvardagar innomhus. Det er godt me har hole hus, som me Valldølar seier!
 
Tidsfordriv (eller Livet, som eg plar kalle det!)har me i alle høve nok av, anten me held oss ute eller inne, og keisemd er eit ukjent ord og omgrep i denne heimen. Til dømes er to av huslydsmedlemene sers glade i å bake, og det syner seg at me utfyller kvarandre svært godt.
 
Der eg er systematisk (finne fram alle ingrediensane, stille dei opp på benken FØR bakinga tek til for alvor), er lislebakarinna fri ("eg kan godt mjøle heile bakebordet for deg før me byrjar, mamma!").
 
Når eg vert utolmodig og synest at me har elta deigen lenge nok, kan tullerusk elte og kna og trille og rulle og klemme og banke og prikke i det ævelege, til deigen på mystisk vis har gått over i ei anna form, ei anna tilstand, og i same andedrag i praksis teke turen over til Den Hi Sida (deigdøden = i smuldrar og klumpar mellom anna rusk på golvet under kjøkenbenken). 
 
Og der eg er tradisjonell på ein noko kjedeleg måte (rundstykke skal vere runde, brød avlange), er lislefivrel kreativ. Denne symbiosen resulterte her om dagen i ei nyvinning innan bakeverda, nemleg prikkstykke. Eller "rundstykke med diffus multippel fenestrering" om du føretrekk å slenge omkring deg med latinske omgrep for liksom å verke intellektuell...
 
 
Det som er heilt eineståande med denne kreative varianten av dei heller simple rundstykka, er at du kan prikke dei heilt etter eige ynskje, og såleis oppnå eit mangfald av disain (utformingar) som gjer eit kvart måltid til ein fest (serleg om du kostar på deg rett smør som kan smelte på det varme bakverket, og kokar i hop ei god suppe). Me nemner i fleng: Grisetryne-stykke, internasjonal-stikkontakt-utforming-med-tre-hol-stykke, terningkast-stykke, innertiar-stykke (eller bull's eye for å vere tøff), sirkel-prikkstykke og så bortetter. På biletet kan de sjå eit utval av desse, presentert av Åslaug, eller Creative Director: Art and Design i den lisle bakeverksemda vår.
 
I denne utgåva av Fivreldagane syner me deg altså(eksklusivt!) teknikken, som gjer at også DU kan bake prikkstykke heime. Når det gjeld smaken, var dei plent naugode*!
 

 
Det beste av alt: Medan prikkstykka står i omnen og den gode angen av heimebaka stomp* spreier seg i huset, kan ein setje seg ved kjøkenbordet med ein kopp te og Dag og Tid - sjå om ein greier Klok på bok, og sjølvsagt fyrst kike gjennom "Sett og saksa" og sjå om Setesdølen (Lokalavisa over alle lokalaviser) er representert med eitt av sine herlege sitat som på ein Haiku-aktig måte kan oppsummere Liv og Kvardag og Dramatikk (og helst mangel på sådan) i dalen.Så fantastisk heldige me er, og så godt livet kan vere, når det er dei små overskriftene som vert dei store.

 

 
 
 
 
* www.vallemal.no for ordforklåring, om du skulle trenge det!

søndag 27. januar 2013

Livsgnistring



Sola kastar sine skire strålar over oss - berre nokre få timar her i tunet, men nok til å gje eit ljosspel som både gjer godt, og ser godt ut. Frå tunet - og frå kjøkenet, kan me sjå vestover over Det Store Vatnet, og kanskje drøyme om båt og bading i ei sumarframtid som nett no synest veldig langt fram i tid.




Det gode med høgtrykk og kuldegrader om vinteren, er at det får alt til å verte finare. Himmelen er så blå, snøen så drivande kvit, og som ein stjernehimmel gnistrande, blenkjande i tusen krystallar. Landskapet tykkjest vere større, og den klare, kalde lufta får alt til å verke så reint og friskt og sunt.

Iallefall når du bur så landleg og skogleg som oss! Me har stor glede av å bu så for oss sjølv som me gjer her - rådyra har si faste rute gjennom tunet, kan det verke som, og her om (midt på ljose) dagen stod det ein elg og kika på meg tre meter frå vegen, eit lite stykke frå huset.

For meg som ikkje er redd for dyr (men heller folk) (og sjuke kattar som må til dyrlækjaren og trur dei skal døy (sjølv om det er nett det me freistar forhindre) og såleis forsvarar seg med nebb og klør og tenner), er det slike ting som gjer kvardagen ljos og varm langt inn i hjarterota. Fuglane som så ivrig tek føre seg på fuglebrettet, ein rev som smett forbi over skisporet og forsvinn inn i skogen. Samstundes er det så hjarteskjerande, for det er mest ufatteleg korleis desse dyra overlever den nordiske vinteren. Så kaldt, så lenge, og mest utan mat - løynt under ei tykk snødyne finn dei kanskje ikkje anna enn nokre gamle, halvrotne grasstenglar, og alt vatnet har vore klaka sidan seint i november. For ikkje å tale om reinsdyra, som lever på høgheiane, det er eit under at dei overlever. 

Det gjev ei ærefrykt for livet å grunne på slikt, på livsvilkår, livsgnist, overlevingsvilje. Ein slik respekt, å kjenne seg audmjuk overfor alt dette, er kanskje for mange også sjølve grunnlaget for naturvern, for å ynskje å vere del av dei som tek vare på, held oppe og fremjar både den urørde naturen, villmarka, og ein symbiose mellom natur og kultur, ei verd der me lever med natur, dyr og planter; heller enn å utnytte og bruke opp, byggje ned og øydelegge - med dei fylgjene dette får for natur, og sjølvsagt på sikt for menneska.

Å la ungane ta i bruk naturen som ein del av kvardagen sin, kan gje dei grunnlaget til å kjenne tilhøyre til naturen, respekt og ansvar. Grunnlaget for kjensla av å ville ta vare på dyra i nærmiljøet, eller dei særeigne plantene som gror der den nye vegtraseen skal leggjast - og kanskje dei også vidarefører filosofien til å omfatte respekt og ei audmjuk tilnærming i møte med andre menneske og deira livssituasjon.

Kvardagsnaturen - i lag med foreldre og syskjen, i lag med vener: sjå småfuglane ete av solsikkefrøa me har lagt ut til dei, kikke på rådyrlorten som ligg att utom uthusveggen, gå i skogen ein vårdag for å leite etter dei fyrste blomane, ja "er du rik nok til å høyra lauvsusen ein skumrande, grå sumarkveld, - då er det enno von for deg." (OHH)




søndag 20. januar 2013

Kalde dagar


Det er kaldt. Kvitt og kaldt, over og under og i det blå mellomromet mellom steinar og nakne tre.
Alt har klaka, alt tykkjest vere stille og audt.

Kvar er alle dei små fjøyrkledde, som plar gle oss med livsglade trillande tonar? Kvar er den snøgge jasen eller pilemus silkehår? Alt har krope i hi, gått i dvale, freista kome seg unna den isnande kylen. Det einaste me kan sjå, er ein liten rådyrflokk som allstøtt er i rørsle, gjennom skogholta, over snøkledde vollar og åkrar, på stundelaus leit etter nokre mettande strå eller blad.


Her, i vinterlandet, har me funne heimen vår for ei tid framover.
Like ved Det Store Vatnet, i eit bittelite, kvitt hus, med eit lite tun og ein passeleg liten skog som næraste granne. Her er det stilt, her er det mørkt om kveldane. Her ventar mange prosjekt, med både hus og hage. I løa skal det verte hus for høner og eit par sauer, i hagen skal det kome gulrotsenger, ertehesjer og ei pilehytte.

Og i huset skal det verte (betre og meir) rom for ein liten famile, for teikning og toving, for lått og leik, for bøker og bønder og bjørnar.

Velkomne til å fylgje oss framover årstidene, med eit prosjektomfang og ei arbeidsmengd som truleg vil auke i takt med utetemperaturen!