torsdag 16. september 2010

Det som er -

Eit år har gått, og så var det haust att. Gulnande lauv, raudnande blåberlyng, den skarpe lufta om morgonen møter kinnet som eit fjernt minne du aldri trudde du skulle gløyme. Den veike angen av røyk, den varme vissa om ungar som vaknar til knitrande omnsvarme og eit mjukt saueskinn å krulle tærne nedi når dei set små, mjuke fotsolar mot kalde golvplankar. 

Det er noko serskilt med hausten; for meg er dette årstida med ein nyanserikdom større enn alle dei andre. Det er årstida for sansane - for lukter du kjenner att, melodiar av stille, fargesmakar, lukkesyn og ei kjensle som ikkje berre sit i fingertuppane, i den mjuke huda på kjakane - men ei kjensle som går djupt, så djupt som ei kjensle kan gå. Inn i det som er, det som kjem att, og det som allstøtt vil vere -

Hausten har så mange lukter, så mange angar og eimar som driv gjennom lufta. Den fuktige skogbotnen dekt av gult lauv, ein skoddegrå og mystisk oktoberdag med varm ullgenser og korg fylt av sopp. Det er dei tørre skogsvegane i solskinet, ei aning av hest og lær. Morgonen du vaknar og kjenner på lufta at vodden vil vere rima når du kikkar ut glaset; kvelden du kjenner ei var lukt av at i natt vil det kome snjo på fjelltoppane kring bygda der du bur. 

Ikkje er det berre luktene som er rike og mange, det same gjeld lydane. Den kalde lufta tykkjest gjere alt så klokkeklårt og reint, som om nokon har skrudd opp diskanten og fjerna dei buldrande basstonane frå flaumane i vår og torevêret i sumar. Det er stille, fullstendig stille, berre avbrote av lyden av skjerevenger som flaksar forbi og føter som landar på løetaket. Eit eple som losnar frå greina si og dett med ein dump lyd mot graset under. Ei einsleg sauebjølle når ei morgonfrisk søye ristar av seg natta og byrjar beite. Eit lam som blæktar, så skøyrt, så nære at ein mest kunne ta lyden inn mot bringa og famne om han, vogge han; vissa om kva som kjem, vissa om det som er uvisst for oss alle. 

Spurde du meg korleis hausten er å ta og kjenne på, ville eg svare deg slik: Hausten er glatte, saftsprengde søteple å plukke med fingertuppane frå den øvste greina du mest ikkje rekk, ikkje før du har strekt deg, strekt deg - og sjølv om det er på nære nippet å misse fotfestet, greier du det - gong etter gong etter gong. Den ru apalstammen, den siste veden som skal berast i hus. Hausten er varm, mjuk saueull, dampande i fjoset etter turen heim frå vodden, varm mot kjaken, mjuk mot lóvane som grev seg djupt inn i fellen, inn mot den rolege, gode sauekroppen. Hausten er regnvåte, iskalde fingrar som tek opp gjerdestolpar i skumringa, og den prikkande kjensla i varmen etterpå, hender strekte mot omnen der sumarsola brenn i lògar av bjørkeved. 

Augo vil heller aldri kunne mette seg på hausten. Endringane frå dag til dag. Graset, lauvet, blomane. Fyrst dei brennande fargane, deretter falminga. Dei grøne jordene som vert moldsvarte bak traktoren, dei bylgjande, gule kornåkrane som brått står att som naken halmstubb, utan vern mot ver og vind og mørke netter. 

Har du kjent smaken av haust? Åh, alle kjenner smaken av haust - ingenting er så friskt og fyldig og nærande og varmt, som smaken av haust. Det er no me skal hauste! Det er no me skal få løn for alt strev, lukke for alle bekymringar. Syrlege, saftfylde, søte eple! Mjuke, blodraude plommer. Saft og sylte, mos og gelé, pai og muffins og alt godt som er, for eit heilt år - dét skal me syte for no! Grønsaker skal opp or jorda, kjøt skal saltast og mørnast. I skogen finn me ber og på heia, i bjørkeskogen, på den løynde staden ingen får vite om, der veks gullet, det låge, bortgøymde, fantastiske kantarell-gullet. 

Heime om kvelden, det mørknar tidleg no; i gangen heng dei jord- og skogsangande ullgenserane me har bruka ute heile dagen. Hunden ligg lukkeleg og søv, flat og varm framføre omnen. Det sprakar, det varmar, og frå kjøkenet kjenner du himmelske lukter, inkje mindre. 

I steikjepanna ligg elgbiff og kantarell, i gryta kokar nye jordeple. Grønsakssuppa frå hagen står og godgjer seg for dei som vil ha - gulrot, purre, blomkål, lauk, erter og kål; og til dessert er det lun eplepai. For ein herleg dag me har hatt! For ei herleg årstid det er! Og så vedunderleg, velsigna heldige me er, som har alt dette. 

12 kommentarer:

Kathrine sa...

Jippi! Min årstid! Mens andre fortviler, sutrer og syter over høsten, koser jeg meg:) Flott skrevet, Gyro:))
Og nå er vi snart på vei til hytta igjen. Bare torsdag i dag, men i morgen...En herlig tid!
Si meg, er du også høstbarn?

Kos dere!

Ingalill. sa...

Jeg liker høsten jeg også - men skjønner at ting er litt mer sødmefylt i mer landlige omgivelser, enn her hvor epletrærne dør, rør sprekker og bringebær råtner på kvist.

Jeg ble nesten litt trist over egen skjebne, men trøster meg med at det er den nygifte afterglowen som ennå ikke har sluppet taket :-))

Vakkert skrevet og jeg er ellevilt glad over tegn på bloggliv.

Fivrel sa...

Kathrine: Eg er seinsumarbarn (24.august), men vel å definere det som haust sidan årstidsrekninga går ut frå - ikkje Greenwich, men fjellbygda-meantime :-)

Lilledora sa...

Datt nesten ned av stolen jeg, da jeg så at DU hadde et innlegg på Fivreldagar-bloggen.
Som vanlig nydelig levert, ble nesten litt sentimental jeg her jeg sitter og spiser M, som Gemalen hadde med hjem fra flyplassen. Han har igjen vært i Afrika.

Torunn sa...

Fantastisk!! Endeleg eit blogginnlegg frå denne jenta! Takk for sist! Det var så koseleg å treffe deg på kurset i Dyreparken. ;) Herleg skrive. Hausten er ei utruleg flott årstid. Den er min favoritt. Flotte fargar. Tekopp, stearinlys, fyr i peisen og eit strikketøy i hendene. Ha ei flott veke vidare, Gyro.

Fivrel sa...

Torunn: Takk for sist, ja, det var kjempekoseleg! :-) Og du kan ta ære for at det endeleg vert aktivitet her att, eg fekk så dårleg samvit for at eg ikkje har blogga på eit heilt ÅR, og hadde det ikkje vore for bloggane våre - hadde me jo ikkje visst kven den hin var eingong! Så takk for inspirasjon, og kos deg i haustkveldane framover :-)

Ugla sa...

Fivrel! Endeleg eit livsteikn frå deg. Eit heilt år har gått, og det må ha skjedd mykje i livet ditt sidan du ikkje har hamra noko ned på maskina di. For å seie det med Fredrik i biletboka til Leo Lionni: Du er ein diktar! Vakre ord som gjev dei rette haust-stemningane. Lange kveldar med strikking eller ei gama bok, då kan hausten kome.

Frostsol sa...

:D

Bente Jorunn sa...

Amen!

Augusta sa...

Kvar årstid gjev glede - og du set ord på det. Takk!

Maritmor sa...

Hei:) Her var det mye stemning, lyriske vendinger og vakkert språk! Alle de tankene og følelsene som mange har, greier du å skrive så vakkert om. Er så enig i det du skriv om høsten. Her spraker det i farger! Bjørka er gul og vakker, rogna står der med mørke raudt bladverk, jordbærbladene har mange farger. De amerikanske blåbærplanene som vi planta et år, står der med røde blad! Sibirlønna er illrød! Jeg tok med fotoapparatet på hagevandring i går:) Ja, og så har vi alle jordfargene......
Håper du fortsetter og skriver. Gleder meg over vakkert språk og lyriske og maleriske vendingner. Ha en fortsatt strålende høst.

Anonym sa...

Eg tykkjer om blåggen din, Fivrel. Vonar du skriv meir.