fredag 11. september 2009

Eg har ikkje gløymt dykk.

Eg manglar heller ikkje episodar eller bilete å dele med dykk alle saman; hendingar frå eit mangslungent Herriot-liknande dyrlækjarliv i bygde-Noreg, eller bilete av dei nydelege små kjuklingane våre.

Det eg manglar, er nett. Ein verdsvev å boltre seg på. Tid også, for den del, men tida skulle eg vel funne om bylgjene frå internettet hadde nådd oss. Slik gjekk det altså å flytje ut i distriktet. Å flytje til eit gamalt, shabby (men IKKJE chick't) (muse-)hus (den soga fylgjer seinare) medfører slikt. Huset leiger me, og her er ikkje telefonliner inn (noko som fortel ein heil del - slik som at ja, det var ein gamal mann som budde der før, og etter det eg kan skjøne lever gamle menn kjedelege liv, for dei har korkje telefon som dei kan skvaldre med vener og familie med, eller internett å surfe seg gjennom verda på. Så har dei kanskje eit tun med småfugl å underhalde seg med, ein elg nedi hagen og mus som gjer sirkuskunster på kjøkenbenken, men eg seier nå som vår ven Brumm - ja takk, båe delar).

Mobilt nett har me, jøss då, me fylgjer då med, men kva hjelper det når det knapt nok er dekning og ein må springe omkring i stall og løe og ytst i hagen for å finne dekningssoner. Slike stadar har til gjengjeld ikkje straum, så då vert gleda stuttvarig.

Kva så med dette innlegget, spør du? Ah, det er Dyrsku-helg i Seljord, og alle husdyreigarar tykkjest vere så opptekne av å stelle og style både ku og geit at brunsten vert ignorert, jurbetennelsar lækjer seg sjølve og eg kan lure meg til å skrive eit lite blogginnlegg i telefontida.

Me kryssar alle fingrane for at eit småbruk snart fell ned frå himmelen til oss, at me får kopla oss på det breie bandet, og at alle sogene snart kjem ut til ålmenta. God helg!

17 kommentarer:

Mathias sa...

Det var godt å høre fra Fivrel! Dere må ha et sporty bosted, masse fin natur og frisk luft. Dette er jo nettopp drømmen for så mange!
Men - man burde naturligvis ha mobiltelefondekning, og gjerne med litt datatrafikk over mobilen også. Datatrafikk kan være vanskeligere, men hvis det er på grensen til dekning får man vanligvis mer enn god nok mobiltelefondekning med retningsantenne. Dessverre leveres de fleste nyere mobiltelefoner uten antenneuttak. Men det burde være lett å skaffe en eldre mobiltelefon med antenneuttak.
Lykke til!

Ingalill. sa...

Takk for dette landsens innblikk og den følelse av nysgjerrighet og frustrasjon det ga meg.

Stylet geit -- og ku -- og ingen bilder - er det mulig???

Landliv sa...

Fint å høre fra deg! Og jeg kan ane forholdene der, men hva dere kunne utrettet bare dere hadde hatt anledning!

Lilledora sa...

Fikk nesten sjokk jeg da jeg bare "gikk" innom bloggen din som snarest for å se om der var noe nytt. Tenk der var det et innlegg, så glad og overasket jeg ble. Godt å se at det er liv i deg, og småbruket kommer sikkert flaksende rett ned i fanget ditt en dag. Venter spendt på bilder av kyllinger og hester og kanskje ei mus og. Kos deg i helga med besøk

Ugla sa...

DEt er lenge sidan vi har sett og høyrt noko til deg, fivrel. Men via andre kanalar har vi visst at du har det bra sjølv om du har vanskar både med verdsveven og mobildekning. Du strevar med ditt, men du kjem langt med godt humør og glimt i auge. Vi ynskjer deg alt godt - med kjuklingar, hest og snart valp. Kos deg i helga - sjølv om du må jobbe.

..................... sa...

Så flott å høre! Mus på kjøkkenbenken er ikke å forakte. I den tiden jeg hadde katt, hente det at katta kom med levende mus til meg. Hadde ikke hjerte til å drepe den, så til kattens store fortvilelse så slapp jeg den ut. Hil gemalen så mye fra tante Turid:)

Marie sa...

Oi, men eg har venta på innlegg frå deg :)
Håpar at det lagar seg med nettilgang snart. -Og småbruk!

Ps, eg var på seljordsmarknaden for første gong i helga :)

Ha det bra så lenge :)

Torunn sa...

Så godt å høyre frå deg!! Bra alt står bra til med dåke.
Åååå, det hadde vore så kjekt å truffe deg på Dyrsku på Seljord. Me skulle, men så kom plutseleg ikkje avløysaren tilbake til avtala tid og reserveløysinga vår vart sjuk. Og sjølv om me ringte til gud og kvar mann, så var det ingen som hadde mogelegheit til å hjelpe oss. Så...helga me hadde gleda oss til i eit halvt år vart ingenting av, men, mne.... får ta det att til neste år. ;)

Gler meg til å høyre meir frå deg!!

Torunn sa...

Innom for å ønskje deg ei fin veke.

AngliaKakao sa...

Jeg søkte på nettet etter mønster på vindvotter og kom inn på siden din. Jeg fant ikke noen mønster her, men ble likevel værende her hele kvelden, om enn litt til og fra. Det var ordene dine som tok meg, jeg kom inn i en ny verden av så mange, vakre ord. Jeg har studert kunst og estetikk, og vant forresten Nyskapningsprisen på Dyrsku'n for noen år siden. Men jeg har aldri blitt så betatt av ord, som av dine. Det jeg leser er for meg kunst i ordform. Jeg sitter ikke foran datamaskinen lenger, men er med på din reise med ord. Jeg vet jo ikke hvem du er, men ordene dine betar meg.

Lindas hjørne sa...

Korleis stend det til Fivrel? Lenge sidan vi har høyrt frå deg. :)

Torunn sa...

Innom for å ønskje deg og dine ei riktig god jul!!

Torunn sa...

Innom for å ønskje deg eit godt nyttår og gler meg til å sjå kva som dukkar opp på bloggen din i løpet av januar. ;)

Torunn sa...

Ja, no ventar eg i spaning... ;) Gler meg til alt det flotte du skal legge ut i januar!! Håpar alt står bra til og at du kosar deg som veterinær! Ha ein strålande sundag.

Torunn sa...

Ventar i spaning på ei oppdatering frå denne jenta! Men du boltrar deg vel i lag med sauene for tida både på dagtid og midt på natta. Trekker ut flotte nye verdsborgarar og gjer bonde og sau nøgde. ;) Så det er vel kanskje ikkje den beste tida for blogging! Men eg ventar i spaning på å sjå at bloggen din hoppar opp på blogglista mi. ;)
Lukke til i lemminga!

Hilsen fra landet sa...

Fivrel - nå er det på tide med en oppdatering her!

Ingalill. sa...

Nå kan det se ut som du aldri sjekker innom her lenger, men vi som fremdeles holder stand mot massehysteriet fb, prøver nå enndå.

Takk for sist og gratulerer med dagen! - nå som du er erfaren kone regner jeg med du steller istand et nesten like festlig lag som for 2 uker siden!!