fredag 11. september 2009

Eg har ikkje gløymt dykk.

Eg manglar heller ikkje episodar eller bilete å dele med dykk alle saman; hendingar frå eit mangslungent Herriot-liknande dyrlækjarliv i bygde-Noreg, eller bilete av dei nydelege små kjuklingane våre.

Det eg manglar, er nett. Ein verdsvev å boltre seg på. Tid også, for den del, men tida skulle eg vel funne om bylgjene frå internettet hadde nådd oss. Slik gjekk det altså å flytje ut i distriktet. Å flytje til eit gamalt, shabby (men IKKJE chick't) (muse-)hus (den soga fylgjer seinare) medfører slikt. Huset leiger me, og her er ikkje telefonliner inn (noko som fortel ein heil del - slik som at ja, det var ein gamal mann som budde der før, og etter det eg kan skjøne lever gamle menn kjedelege liv, for dei har korkje telefon som dei kan skvaldre med vener og familie med, eller internett å surfe seg gjennom verda på. Så har dei kanskje eit tun med småfugl å underhalde seg med, ein elg nedi hagen og mus som gjer sirkuskunster på kjøkenbenken, men eg seier nå som vår ven Brumm - ja takk, båe delar).

Mobilt nett har me, jøss då, me fylgjer då med, men kva hjelper det når det knapt nok er dekning og ein må springe omkring i stall og løe og ytst i hagen for å finne dekningssoner. Slike stadar har til gjengjeld ikkje straum, så då vert gleda stuttvarig.

Kva så med dette innlegget, spør du? Ah, det er Dyrsku-helg i Seljord, og alle husdyreigarar tykkjest vere så opptekne av å stelle og style både ku og geit at brunsten vert ignorert, jurbetennelsar lækjer seg sjølve og eg kan lure meg til å skrive eit lite blogginnlegg i telefontida.

Me kryssar alle fingrane for at eit småbruk snart fell ned frå himmelen til oss, at me får kopla oss på det breie bandet, og at alle sogene snart kjem ut til ålmenta. God helg!