mandag 25. mai 2009

A change is gonna come


Også her, i dei små og dulde avkrokane, i dei bortløynde dalane og blant småfolka ingen andre kjenner; også her, blant ertefrø og erterbrød, mellom reisverk og panel, over nasen på sauebikkjene og under den mektig fermenterande rumen åt ei heilblods NRF-ku - er det endringar på gong.

Det sildrar gjennom skyene, det brumlar over berg; det knakar, knitrar, summar, trillar. 

Småbruket er til sals. 

Studia er over. 

Verksemda registrert. 

Flytjebilen tinga. 

[www.vaga.kommune.no]

Her kan du sjå lysinga for småbruket på finn.no

NB - Les heller prospektet enn lysingsteksten (du finn ein peikar til dette på høgresida), og sjå kva hardt arbeid og det å ikkje gje seg så lett kan føre fram til.

Den som sier at eit eigedomsprospekt ikkje kan vere på nynorsk, har eigedomsmeklarane samrøystes i ryggen. Å seie jatakk og amen til det fyrste ein eigedomsmeklar fortel deg, er å skyte seg sjølv i vitale kroppsdelar.  Sjølvsagt kan, og bør, eigedomsprospekt vere skrivne i den målforma oppdragsgjevaren nyttar! Såleis går dette inn i rekkja som nok eit døme på at ein ikkje må gje seg; ein lyt vite kva ein står for - og halde fast ved dette. Det er eg viss på ein vil vere glad for både her og no, og i lengda. 

[Her skulle det vere ein høveleg illustrasjon over emnet eigedomsmeklarar. Men det kunne jo ikkje nytte.  Difor set eg i staden inn eit bilete av noko av det aller beste denne årstida har å bjode på ;-)

http://www.flickr.com/photos/97705796@N00/3493076222/]

Om berre eit par veker, går denne vesle, umerkjelege, uvesentlege, men verkelege Verda - den Verda eg kjenner som mi, inn i metamorfosens merkverdige nestestadium.

"Farvel, Hovudstaden, hjå deg var eg gjest".

Dét fortener eit heilrøversk Ronjavårskrik!

Med ynskje om vene og vêrrike vårdagar til alle lesarar; på attersyn!

22 kommentarer:

Króknèv sa...

Det er underleg kor vanskeleg det skal vere å skrive sitt eige, norske språk i Noreg. Å møte veggen så snart ein tek kontakt med den store BØYGEN. Kor mange gjev ikkje opp når Bøygen talar! Men det flaksande fivrelet gjev ikkje opp, det veit kva det VIL. Det er dèt som gjev framgang, å vite kva ein vil, fordi det er VIKTIG! Du har store tider framføre deg. Tillukke!

Ingalill sa...

Endelig livnar det i disse lundar og.
Vakker er huset men jeg hadde ikke nok ikke hatt råd :-)) -
Er du ekte vetrinær nå forresten - med tittel i phoneboka og alt ? ahh den som bare hadde en tittel å sette på døra.

Torunn sa...

Heilt fantastisk nydeleg!! Hadde eg hatt mogelegheit hadde eg flytta inn på dagen. ;) Snart ferdig no! Lukke til i ny jobb og ny heimplass! Klem

Lilledora sa...

Koselig å "se" at det er liv i denne bloggen og. Ønsker deg alt godt nå som du skal -ut og vise hva du har lært igjennom alle disse åra. Klems

Augusta sa...

Mange års strev er snart lukkeleg avslutta, og då er ein epoke over. Men det kan vel hende at du av og til kjem til å lengte tilbake til studietida. Dei beste ynskje i din nye jobb, og nye bustad.

Ugla sa...

Til lukke fivrel, med å ha kome i mål etter 6 års strev i hovudstaden. Det er viktig med mål i livet,og no har du nådd eit av dine. Han pjokken som låg og lukte i "turnipsåkerens gress" han hadde og eit mål, han ville kaupe seg ein Ford. Du kjenner nok diktet til Rudolf Nilsen; pjokken sovna han, men du har stått på. (I parantes må eg nemne eit av mine mål: Som ung lurte eg på om eg greide å lære å køyre bil. Men eg visste at Holmen hadde greidd det, og då kunne ikkje eg vere dårlegare!)
Og no kjempar du for å få bruke nynorsken i det vanlege livet. Vi skal jo ikkje berre bruke nynorsk i lyrikken! Stå på, fivrel! Slike jenter det vil gamle Noreg ha!! Lukke til med jobb - og lukke til med å finne ein ny buplass!
MEN så koseleg plass som den Hain te dæ no skal selge, vert det vel vanskeleg å finne.

Marie sa...

Du for ein vakker plass du har budd!

Så bra at du står på ditt når det gjeld bruk av nynorsk! Eg prøver å påverke der eg kan, men jammen er det slapt mange stader. Her hjå oss finn ein ikkje eingong kort med tekst på nynorsk. Eg kjøper utan tekst og skriv sjølv...

Tillukke med ny buplass og ny jobb :)

Torill sa...

Så kjekt at du er tilbake, tenkjer du har hatt det travelt med innspurten. Når det gjeld nynorsk og salsannonser var det ikkje noko problem å få annonsa på nynorsk den gongen vi skulle selje.Det vart ikkje til at vi gjorde det, men meklaren såg berre på nynorsk som positivt då det skilte seg ut.

Huset er kjempekoseleg, skal dokke flytte langt? Det var mange ting på ein gong som har skjedd. Skuleslutt, eiga verksemd og ny bustad. Var det noko meir eg ikkje fekk med meg?

Lykke til med kvardagen, og god tur ut av oslo.

Homla sa...

Det småbruket hadde jeg kjøpt på flekken - hadde det bare befunnet seg litt nærmere trønderheimen.
Utrolig idyllisk - akkurat sånn man drømmer om.

Grattis med vel overstått utdanning - og lykke til med ny jobb;)

Maritmor sa...

Hei Fivrel!
Tenk at framande snart skal tråkke ned dørastokken til den praktfulle staden langt oppi Vestre! Litt vedmodig må det vera for dykk båe.
Men slik er det -- nye blad i boka for fleire.
Gratulerer så mykje med eksamen og ferdig veterinær. Du, det var den undulaten da.......Du ser vel innom! Hihi.
Eg ynskjer deg og kjærasten lykke til framover.

Kathrine sa...

Pussig med engelsk overskrift på innlegget ,) Hva hadde det blitt på nynorsk tro? Noe flott iallefall:)

Tenker dere får solgt fort, en nydelig plass! Ønsker dere lykke til, og lykke til med jobben din som dyrlege. Skjønte du har fått jobb alt, for ei stund iallefall.
Og kos dere i sommer med bua i fjellet:) Livet går videre:)

Klem fra nord for Dovre. Der ingen skulle tru....

Fivrel sa...

Endring, var vel eigentleg overskrifta på dette innlegget, men det vert då liksom noko MEIR ut av det, når ein kan sitere ein President of the unaited steits, og for å symbolisere at det er Store Ting i kjømda :-) Hehe. Men det er lenge mellom kvar gong overskriftene er engelske, så ENJOY så lenge du kan ;-)

Lilledora sa...

Gubben hilser så mye og sier at har småbruket vært nærmere her så har han kjøpt det på flekken. Syns det var helt toppers, både med snø og uten.

Ragnhild sa...

Til lukke!!! (med alt!) Huset ser jo berre SÅ idyllisk ut, og med annonse på nynorsk i tillegg må jo dette gå strålande;-) Gler meg til å følgja med på flyttelasset (gjennom bloggen):-)

Landliv sa...

Ja jeg la merke til språket i teksten og skjønte at du hadde hatt en finger med i spillet!

Har tenkt så på deg! Så mye nytt som skjer. Egoistisk sett ville jeg hatt deg nære meg, men logisk sett så er jo dit du skal på vei hjemover for deg iallefall.

Stor klem herfra!

Landliv sa...

Må bare si at plassen er unik med en stemning som er vanskelig å finne nå for tiden... Skapt med kjærlighet og omtanke av din kjære.

Torunn sa...

Så spanande! Berre ein månad no så startar du i det verkelege livet. Me skal besøke Natalie i Lunde under Dyrsku i Seljord, så kanskje me møtast då? Det hadde vore kjekt å sjå kvar du held til. Har de funne nokon ny plass å bu? Fått solgt det nydelege småbruket? Håpar alt ordnar seg vidare for dåke og. Ynskjer dåke begge ein fantastisk sumar og lukke til i ny jobb! Klem

Homla sa...

Hvordan går salget? Strykende??

Fivrel sa...

Då er bruket selt, og både me og kjøparane er godt nøgde :-) Så då vert det å pakke i hop - fyrst i hovudstaden (har i skrivande stund 1 - éin! skuledag att!), og så alt frå oppi dalen. Om ein månads tid går flytjebilen vestover, og oppdatering fylgjer med kva som skjer på dei kantar au. Skal ikkje sjå bort i frå at det vert eit nytt bruk ein eller annan stad... ;-) Takk for alle trivelege helsingar og at de fylgjer med au, det er gama :-)

Torunn sa...

Innom for å ønskje deg ein fin søndag og håpar alt står bra til med jobb og ny heim.

Ingalill. sa...

Nå vet ikke jeg om du sjekker her i det hele tatt - kanskje er du blitt en sånn - bare faceb. teller.

Uansett - ville jeg bare ønske deg hjertelig tillykke med morgendagen (24)og karrieren. Leste på en ugleblokk at du jobber døgnet rundt - akkurat om McDreamy og Meredith :-) -

Landliv sa...

Kanskje du vil vise oss dine søte små?? :nysgjerrig:

Her driver jeg og gir vann med sukker og salt for å opprettholde elektrolyttbalansen, Olivia drikker lite selv. Hun protesterer høylydt så det er vel et godt tegn men ellers så er jeg ikke så optimistisk. Hun er i isolasjon, de andre virker friske og raske og har gjennomført sauekuren.

So long!