tirsdag 3. mars 2009

Sjela treng føde og lekamen klede


Då er det på tide å syne fram produksjonen frå den siste tida. 

Ullgenseren over er strikka i Àlafos lopi, vart ferdig til jol og tilhøyrer mannen i huset, men eg fekk æra av å vere modell.

Àlafos lett-lopi gav ein noko tunnare og lettare genser, og eg er svært nøgd med resultatet!

Mønsteret til både denne og genseren over kjem frå eige hovud.  

Når ein går mykje og langt på ski høgt til fjells, og serleg når vêret er sers kaldt og blåsande, treng ein gode vottar. Såkalla polvottar i kunststoff kan berre ha det så godt. Det er tykke, heimespita og tova ullvottar med vindvottar i bomullsstoff utanfor som gjeld. Og ser de på storleiken her (før toving, men lell...), skjønar de kven av oss som er den som går lengst og mest på ski ;-)

Anorakk er det neste som trengst. God gamaldags bomullsanorakk som gjer at ein kan gli rett inn i eit bilete frå Johansens tur, frå fastfrosne Fram mot Nordpolen i 1895.

Same bomullsstoff vart bruka i vindvottane og anorakken, men som de ser under farga eg anorakkstoffet. Tidlegare har eg bruka bjørkebork og farga stoff på same måten som ved garving av skinn, men av ein eller annan uforklårleg grunn gjekk ikkje det då eg freista (fleire gonger) i haust. Kan det vere fordi borken ikkje var hausta på rett tidspunkt? At bjørka var for gamal? At dette stoffet ikkje tok opp farge like godt som bomullstoffet eg har bruka før? Uvisst. Endte iallefall opp med å bruke tekstilfarge. 

Den 14. mars 1895 byrja Johansen og Nansen turen i lag med hundespanna sine for å nå polpunktet, men innsåg 7. april at den stutte, arktiske sumaren ikkje ville vere nok for å nå heilt fram. Dei var då på 86° 04', det nordlegaste punktet noko menneske til då hadde vore. 

Tunge tider venta, men dei kom fram til Frans Josefs land der dei overvintra, og overlevde på tran, kvalross-spekk og isbjørnkjøt. Sumaren 1896 heldt dei fram sørover, og det var nærast eit mirakel då dei på Kapp Flora møtte Jackson som leidde ein britisk ekspedisjon der. Nansen høyrde menneskelege røyster og lydar, og sprang til i retninga lyden kom frå. Langt der borte såg han små menneske, og dei visste då at dei var redda. Nansen og Johansen gjekk ned og bort til dei. «How do you do?», sa Mr. Jackson.

Nansen og Johansen fekk sidan skyss med den britiske forsyningsskuta «Windward» til Nord-Noreg, og kom til Vardø 13. juli 1896, éi veke før Fram med Sverdrup til rors kom til Skjervøy. 

Ragnar Kvam jr. har skrive boka "Den tredje mann" om Hjalmar Johansen, som også var med Amundsen mot Sørpolen i 1911. Denne kan eg sterkt tilrå, kanskje serleg som lydbok! Ingenting er som å høyre ei bok samstundes som ein målar, ryddar, køyrer bil, spitar eller bakar brød. 

22 kommentarer:

Lindas hjørne sa...

Eg er så imponert over det du fær til med sneiser og maskin.

Eg strevar her med den fyrste genseren eg nokonsinne har strikka. Må vel innrømme at det er fyrst og fremst tolmodet det skrantar på, men heilt trygg på at eg fær det til er eg ikkje. :) Ellers har det gått mykje i tova sitteunderlag - fantastisk varmt og gode varme vottar. No ventar jo lislesyster ein liten, så då har det vore eit vognteppe i produksjon.

ragnhilda sa...

Wow og atter wow!!! Har du verkeleg sydd den anorakken sjølv? Og vindvottane? Brukte du ikkje mønster? Og gensrane er jo berre sååå utruleg fine! Eg kom over ein nettstad her om dagen med herlege mønster av lopigarn. Tenkte å bestilla både oppskrifter og garn: http://www.birgirsdottir.no/ (Ja, eg MÅ ha mønster når eg strikkar;-))

Fivrel sa...

Linda: Manglande tolmod + snart moisysti = perfekt kombinasjon, då kan du nemleg spite nydelege og bitte små huver og leistar og jakker ;-)

Ragnhild: Eg spretta opp eit par gamle vindvottar og laga sirka-mønster etter dei. Anorakken har eg teikna sjølv ja. Gjekk nokså fort å saume (ein dag), men mønsterlaging og klypping tok laang tid.. ;-)
Islandsgenser vil eg på det sterkaste tilrå, går snøggare enn ein nøstebarntunika i allefall! Eg tinga au garn derifrå, snøgg levering og garnet er eigentleg veldig billeg (43 kr for 100 g). Lukke til! :-)

marit sa...

Jøss!! men kva stoff sydde du vindvottane av? Har du hatt noko på dei så dei tåler litt fukt? Kva med å poste oppskriftene. Då kan me som slit ut vindvottane alt for fort kopiere.

Maritmor sa...

Imponerende - både strikking og sying! Og en gnistrende flott representant for modellverdenen nederst! Flott anorakk. Har du vist den fram til sydama i baksida? Hils.

Marianne sa...

Jeg er virkelig imponert over hva du får til!!! Du er flink altså! De vottene så jo ordentlig gode ut å ha i vinterkulden!

Maritmor sa...

Så du forresten programmet om Børge Ousland og Thomas Ulrich som fulgte i Nansens og Johansens spor, fra Nordpolen, gjennom Frans Josefs land, over Barentshavet og videre like til Oslo. De overvintret ikke slik som Nansen og Johansen, men de fant overvintringsplassen, med beinrester av hvalross og isbjørn ! Beinrester som hadde ligget der siden de to andre var der. De hadde en strabasiør tur tross moderne utstyr! Fasinerende:)

Ugla sa...

Jø å jø! Kor flink du er, pi'. Han er heldig han, kjærasten din, som får så varme og vellaga klede. Men du er vel heldig, du og. Som får bu i så flotte, restaurerte hus - og har nok av ved i vinterkulda!

Marie sa...

Eg er så imponert over dei som strikkar etter eige hovud!
Kjempeflott resultat!

Slike tova vottar blir kalla "fisjevottar" på desse trakter. Når fiskerane hadde slike vottar fraus dei ikkje om vottane vart våte.

Ønskjer deg kreative og gode dagar :)

Fivrel sa...

Marit i Jostedalen: Eg gjekk på rainbow tekstiler (eller liknande stappfull butikk i downtown Oslo, med stoff (TØYstoff) i alle fargar og strukturar) og fann ein type kraftig, tykk bomullslerret. Veit ikkje om det heiter noko spesielt, eg. Men er så kraftig at ein tydeleg ser vevnaden.

Marit på Tretten: Det er ikkje SÅ proft at eg tør syne fram til supersaumaren i Baklia, nei.. :-|
Programmet såg me, ja, og beundringa for Johansen og Nansen auka meir og meir, medan Ousland sank stadig lågare i status. Måten han oppførte seg mot dyra dei møtte, måten ha la skuld på turkameraten når det butta i mot og skuta som skulle hente dei vart forsinka - nei, det var ikkje så veldig imponerande. Heller ikkje det faktum at dei kunne ringe heim og få helikopterhjelp når som helst.

Men at dei to karane for snart 115 år sidan greidde strabasane, det er heilt utruleg fascinerande og imponerande. Les boka! :-)

Kathrine sa...

Ha ha, J som anorakkmodell :)Ikke dårlig du!
Og ja, ullvotter er det eneste som holder varmen, riktignok med vindvotter på om det blåser. Flotte!

Og nå har jeg sett Ouslands turer både på nord- og sydpolen. Og en tur han arangerte for turister over Grønnland. Mere sytete mann skal du lete lenge etter. At det går ann! Husker kona hans kjefta på han i telefon da han var på sydpolen. Sutrekaill rett og slett!
Sånn, nå fikk jeg klemt ut av meg det også. He..
Ha en fin og sømrik dag. Skulle ikke du skrive oppgave egentlig?

,)

Lilledora sa...

Ja, jeg sier det igjen, du er makalaus, kjempedin anorakk og vanter.
Jeg så Ouslands tur jeg og der han gikk i Nansens og Johansens fotspor. Men jeg tror ikke Ousland og kompisen delte sovepose for å holde varmen. Vært mye snakk om den soveposen og hva de drev med, men det er jo ikke vår buisness det, er det vel????

Klara sa...

Hei! Blei tipsa om bloggen din, og kjem nok til å kikka innom her av og til! Imponerande ting du lagar! håpar alt står bra til! fått deg jobb? det var meg frå suldal du prata med.....viss du hugsar. velkommen til å kikka innom søstrene bakka sin blogg! litt om liv og lagnad i suldal.... :-) Klara

Landliv sa...

Trodde ikke det var SÅ avanserte ting du drev med - så nydelig mønster og så SYR du anorakk selv, eller misforsto jeg?? Trodde du drev med litt småtteri jeg da. Gleder meg veldig til å treffe deg snart. Jeg er nedlesset i lesing, har bare en liten surftepause nå. God helg!

Landliv sa...

Vindvottene ser helt fantastiske ut - det er nok sikkert det aller ypperste man kan ha på... og ikke misnt TANKEN på at sin kjære har laget dem til seg med sine egne hender og masse kjærlighet vil jo varme i seg selv!

Astrid sa...

Imponert er berre forbokstaven!!! Dette kan eg berre drøyme om...første steg må då vere å børste støvet av symaskina... Er nok ingen kløppar der nei:/

Eg er forresten imponert over dei flotte strikkaplagga du har produsert også. Ein slik eskimogensar står øvst på ønskelista mi over strikkaplagg til meg sjølv:)

Takk for tipset om lydbok, det må vere tingen for meg om dagen kjenner eg. Tidsklemma klyp meg snart i baken, endå eg prøvar så godt eg kan å lure meg unna...

Eg har forresten ei utmerking til deg på bloggen min:)

Ynskjer deg ei fin veke!

syglad sa...

Så staselig denne karen ble da...
Jeg hadde ikke drømt om at vi har slike modeller i fammilien vår

Med hilsen Sylvi

Landliv sa...

Tusen takk for herlig besøk hos deg. Det satte vi STOR pris på!

Lilledora sa...

Har jeg takket for den kjempefine burdagsgaven. Tror ikke det, så hermed, tusen takk, den er i bruk og har hengt på kjøkkenet i hele påska til almens beskuelse.

Landliv sa...

Tenker på deg, håper det går bra!! Spennende tider går dere i møte. Klem

Torunn sa...

Håpar alt går bra med deg og at du har fått deg jobb!! Tenkjer på deg, veit du. ;) Ynskjer deg ei riktig fin helg!

Anonym sa...

Virkelige flotte islandsgensere du har strikket!