torsdag 26. februar 2009



Så lyt vonbrotet ut også til heimskringla forøvrig - familieauken gjekk ikkje heilt som planlagt, og det vert såleis framleis berre oss tre i heimen. Vonbrotet er stort, om ikkje heilt uventa, for er det ein ting som er sikkert når det gjeld biologi, så er det at ingenting er plent som ein trur eller ventar. MEN! Om fire månader er det løpetid att, og då spørs det om ikkje me finn tak i ein staut gjetarhund og freistar lukka på ny :-) 

Elles er det Fantastisk Februar her oppe i Vinterlandet som eg atter ei gong har sett snuten mot. På kjøkenet sit eg med matbordet fullt av permar og ark som flyt - no skal resultata frå feltstudie og epidemiologiske undersøkjingar inn i tabellar, eg skal boltre meg med diagram og figurar i excel, og diskusjonen skal skride fram med sine velformulerte konklusjonar og korrekt refererte litteraturtilvisingar. Fjuh, det er jammen ikkje berre berre å skrive Fordjupingsoppgåve! (For å sitere Henning Solberg: "But, but, it isn't only, only"). 

Andre stadar i huset er det Revolusjon på gong - trappa i gangen er borte  og ein bratt stige gjer nytta som bindelekken mellom fyrste og andre høgda - med andre ord er IKKJE svevndrukne turar ned på do klokka tre om natta tilrådelege. Elles har omnen vore borte ei stund, og i dag sette me inn ein ny Ulefos etter å ha måla brannmuren, fått ny skiferhelle under og nye omnsrøyrar på. Men trur du ikkje at det svårte på røyrane FLASSA AV etter 15 minutts fyring. Så den fine, svarte røyren står no med eit gapande, galvanisk grin midt i den fine, nymåla gangen. Då er det berre på'n igjen, køyre bil ein time for å få tak i nye, rive røyrane, få sot over alt, vaske på nytt... 

Mange illrøynsler kan delast med andre for å bidra til læringsprosessar - td er det ingen god idé å pusse golv med pussemaskin UTAN støvpose på. Med mindre ein treng ei orsaking for å få  vaska heile huset sitt veldig grundig. Det får ein nemleg gjort, i ein uvanleg grundig støvsuge- og vaske- og -tørkeprosess. Kvar minste krinkelkrok. Men du og du, så fint det vert etterpå :-) 

Elles er det gardinsauming på gong, eg har vore så lur å ta med meg symaskina frå Oslo til Vinterheimen, og har såleis planar om å sysle noko i det små med saum, mellom anna, no når me brått fekk så GOD TID framover... 

Forresten har eg kaupt meg bil sidan sist! Den må eg jammen flashe i neste innlegg. Gled dykk! 

Bibliofiolen delte ei herleg oppskrift med oss førre dagen, på LAUP, og det har me kosa oss med i dag. Ferske, mjuke, med ein nydeleg anis-kryddersmak. Takk for tipset! 

14 kommentarer:

Anonym sa...

Lykke til med oppgåveskrivinga:) Godt at du/de har vet til å kose dykk med deilige laup imellom slaga:) Eg prøvde også bibliofilen sine laup... med godt hell. Det vert ikkje siste gongen:)

Gode helsingar frå sunnmøre- Elisabeth

Maritmor sa...

Så stusseleg at det ikkje kjem småkryp oppi vestre. Jaja, betre lykke neste gong!Og "Vinterlandet" er så vakkert vakkert. Eg har vore på fleire kjempefine skiturar i fjellet ovanfor her vi bur. Det må vere godt å kome hit etter dagar i Tigerstaden. Ser på bilete frå bygater med møkkete snog, bilar og kaos! Hels gemalen frå gamletanta!

Maritmor sa...

Ja, og lykke til med oppgaver :)

Astrid sa...

Etter nokre veker med bloggepause er eg tilbake. No har eg lese meg nedover på bloggen din -som er eit kapittel for seg sjølv; nydeleg!!!
Eg kjenner det av og til som vi er sjelefrendar, mykje av det du så skildrande fortel er slikt som eg sjølv kjenner meg så godt att i:)

Tusen takk for utmerkinga som eg har fått med deg -eg set veldig stor pris på å få den med deg!

Ynskjer deg lukke til vidare med oppgåva, tippar at du kjem ut av den med glanskarakter:)

Lindas hjørne sa...

Leitt å høyre om at den planlagte familieauka ikkje gjekk som planlagt. Håpar at lukka er betre ved neste forsøk.
Ellers kan det rapporterast at snøen forsvinn sakte men sikkert frå heimstaden. Eg har planar om å få meg ein skitur eller to i løpet av helga så det får ein satse på går bra!

Ugla sa...

Betre lukke neste gong. Med alt. Både valpar og omnsrøyr! Og golvsliping!! Og gjer no leksan' dine bra. Men du sit vel helst ved symaskina, eller fartar du rundt i ditt nye dollarglis? Vart det ein Ford Mustang??

Torunn sa...

Trist å høyre at familieauken ikkje gjekk som planlagt! Men betre lukke neste gong!
Så flink du er som har tatt symaskina fram,- eg burde ha funne fram mi og... Mykje som skulle vore sydd og som har vore planlagt i årevis...
Korleis går det med oppgåva? Finn de ut noko revolusjonerande? :) Ynskjer deg mykje lukke til! Ikkje mange månadane att no før du er ferdig på NVH!

Marie sa...

Lukke til med alt du arbeider og syslar med både oppgåve og gardinsying :)

God helg :)

Landliv sa...

Masse jobb for tiden forstår jeg, - både i huset og med papirer/dataskjerm.

Nei biologien er ikke forutsigbar. Er det sikkert at det var vellykket paring og at det var på korrekt tid? Ikke så enkelt det der. Jeg fikk selv tatt prøve fra livmorhals for å sjekke hvor i løpetiden man var (ikke jeg altså men hunden!!) og fikk hjelp av oppdretter ved paringen. Endel "triks" for å si det sånn som jeg tror jeg skal formulere muntlig til deg i stedenfor her! :-D

Landliv sa...

Gratulerer med doning forresten! Veeldig praktisk.

Lilledora sa...

Dumt at det ikke ble noen hvalper, men det går sikkert bedre neste gang. Gratulere med ny bil. Liker så godt å lese bloggen din, du skriver så godt.

Fivrel sa...

Landliv: Tidspunktet var bra, ho kom til hannhunden omlag ei veke etter løpetidas 1. dag, og var der i over 14 dagar. Ein reknar generelt at proøstrus er 9 dagar, og at ovulasjon skjer omlag 3. dag i østrus, altså omlag 12 dagar etter løpetids 1. dag.

Hannhunden har mange kull etter seg, og Visp har hatt 2 kull à 6 kvelpar før. Ho er sju år no. Så alt skulle liggje til rette, men biologien er framleis utilrekneleg :-)

Triksa dine vil eg gjerne få levande attfortald ved høve, ja ;-)

Gerd Irene sa...

For en koselig og fin blogg du har! Og jeg fikk lyst til å flytte på landet og bo i et lite, rødt hus...:)

Torunn sa...

Knallflott!!! Du er så flink atte!! Lykke til med oppgåva!!