søndag 15. februar 2009


Det vert visst stilt lenge om gongen herifrå - dagane, kveldane, helgene, vekene er fylde med alt mellom himmel og jord. Fyrst og fremst lange skuledagar og skriving av hovudoppgåve (er det ikkje det eine, så er det det andre, og er det ikkje saueoppgåve, så er det team-/leiingsoppgåve, kursrapport eller journal).  I tillegg er det mange og hektiske freistnadar på å nyte og nytte vinteren og snøen medan han enno er her, treffe vener medan eg enno er her, utnytte Oslo medan studenttida enno er her - osb, osb. I tillegg har me i det små byrja førebu oss på at det kanskje, vonleg og truleg kjem nokre nye, små familiemedlemer etter kvart; som ein del har fått med seg var Vispi så heldig og fekk vere på kjærleiksferie i Solør i jola, og i slutten av februar bør både heim og folk vere fysisk og mentalt klare for eitpar intense småbarnsmånader. 

Elles tenkte eg å vise nokre glimt frå kor fint det er i ferd med å verte i Huset! Snikkaren har vorte 50/50 snikkar og målar, og har etter fleire månaders iherdig innsats vorte ferdig med heile 2. høgda. No er han i full gong med gangen nede - det skal ny panel på veggane, denne skal målast, trappa skal rivast og fiksast og målast på nytt, og golvet skal slipast og få ny overflatebehandling. Er han ikkje flink?! Eg tykkjer nå han er heilt super :-)

Her ser de bilete frå eitt av soveroma oppe - artig å sjå kor forandra eit rom vert med nye fargar!  

17 kommentarer:

Marie sa...

Trendar kjem og trendar går, eg vona denne lyse som er no varer ei stund.

Kos med kvelpar, ja også ein god del hardt arbeid i tillegg!

Det er ei utmerking til deg på bloggen min :)

Marie sa...

Eg likar ikkje å bli plassert på ein pidestall, det er så langt ned, hehe, og ikkje er det ryggstø heller... Det må isåfall vere dronninga av Heimdal, ikkje mange å tevle med der, hehe.

ragnhilda sa...

Kven bur eller skal bu i Huset? Det såg veldig fint ut! Kvalpar er søte. Når skal det skje? Og kor lenge varar hunde-svangerskap?

Fivrel sa...

Hundar er drektige i gjennomsnittleg 62-64 dagar, og kvalpane plar vere i lag med mor til dei er omlag åtte veker gamle. Då må dei ut i verda og finne seg ein ny heim :-) Eller, heldigvis, den nye heimen kjem til dei.
Hundar får også mellom 1 og 10 kvalpar, vanlegvis midt i mellom, og Visp har fått seks kvalpar to gonger før. Så me ventar i spaning!

Huset/småbruket har vore heimen til Snikkaren, og sesongheimen min dei siste åra, men til vårs skal han ut på den opne marknaden. Då søkjer me alle nye beitemarker :-) Så om nokon kjenner ein liten familie som er på utkikk etter eit særs idyllisk og fredeleg "smultronställe", tak kontakt! :-)

Lindas hjørne sa...

Det er alltid så triveleg å stikke innom bloggen din. Du skriv så godt! :)

Kathrine sa...

Koselig syssel framover til dere da:)Mora er iallefall snill og lydig.

Vet ikke av noen som kan kjøpe småbruket, men dere finner nok noen. Og hvor går ferden med dere? Sør eller nord?

Lykke til fortsatt med oppgava og fine dager utover:-D

Fivrel sa...

Linda: Så koseleg å høyre frå deg her! Allstøtt så artig når lesarane kjem ut frå Anonymitetens Mørke Hjørne og seier eit lite hallo :-)

"Då søkjer me alle nye beitemarker", skreiv eg, og ser i etterkant at det kom noko gale ut. Rett skal vere rett: "Då søkjer me alle tre, SAMAN, nye beitemarker". ;-) Alltid greit å unngå spekulasjonar!

Kvar ferda går, veit berre den som les dette og har ein dyrlækjar-jobb til meg og med dette får inspirasjon til å hovudjakte oss til nett DEN trivelege, vesle bygda - som har bruk for fire hovud, fire hender, tolv føter og to rover, og ein stor haug entusiasme og pågangsmot :-)

Ugla sa...

No er vi mange som er bra spente på korleis det går med Vispi, og kor mange kvalpar ho får. Det vert vel bilete og rapportar på bloggen?
Han er flink og dyktig, snikkaren din! Det er fint både i og utanfor huset hans. Blåfargen på soveromet var stilig.

Fivrel sa...

Hehe, Ugla, dumt at du lika blåfargen når det er den me har måla over... ;-)

Lilledora sa...

Å, jeg er så spent på å få høre om de små, skulle,gjerne,ville ha hatt en hvis situasjonen hadde vært annerledes, men sånn er det nå bare.
Skulle,ville,gjerne,ønske at det hadde blitt en stilling i nærheten her, så kunne vi ha blitt litt bedre kjent. knis, knis

Ugla sa...

Å jø, å jø - fivrel. Sit du no oppe heile natta med spitet ditt. Har ikkje mor di fortalt at det er svevnen før midnatt som er "godvakkersvevnen"? Det må vere ein brist i oppsedinga av deg at du ikkje kjem deg til køys i rett tid. Korleis var det då du var berre ungen, tru??
Med omsyn til fargen på romet. Eg trudde at huset hadde meir enn eit soverom oppe - og at båe roma var like - med glas og med omnar.

Torill sa...

Kunne så gjerne tenkt meg ein liten hund... Og Border Collie som er min favoritt, kven kan vel ha betre barseltid då??

Trollkåno sa...

Hei på deg!
So fin blogg eg har oppdaga no, veldig kjekt å sjå og lese....
Vart sjølvsagt interessert når eg såg bilde av Vispi, sidan me har tre Border Colliar sjølv.
Spennande med småkvelpar, det har me ikkje hatt. Her må eg fylgje med....
Ha det so bra!

Landliv sa...

Jeg har altså fått med meg at blåfargen var den GAMLE og ikke den nye :-)

Eh, jeg likte egentlig også blåfargen da men... nå er jeg en veldig "blå" person. Den nye fargen betraktes sikkert som lettere og mer aktuell av andre.

Når er terminen igjen?? Husker at du kom AKKURAT midt i min 11-barnsfødsel den gangen for lenge siden! Vi trodde først at det var 5 stk og begynte å rydde vekk, men så kom det 6 til. Fantastisk.

homlisbomlis sa...

Har det kommet noen hundebeibisser??
Vi venter i spenning;)

Torunn sa...

Så flott det vert!! Og så så kjekt med kvalpar!! Lykke til med innspurten på NVH!

Bente Jorunn sa...

Så gama med valpar! Me venter moglegvis ein i juni... Men ein kan jo aldri vite, men til helga skal mora parast med den utvalde herren, to flotte, svarte labradorar!

Eg gler meg uansett til å sjå bilete av søte små her!

Og PS: Vi har handla hus (!). Og då skal Junijenta endeleg få ut! I vår skal ho kastrerast, i litt god tid før husovertakelse i juni, senn skal ho få vere inne ei stund, senn ut i den store verda og jakte mus, rotter og flaggermus!