søndag 4. januar 2009

Nytt år


Så er jole- og nyttårsfeiring over for denne gong, og me er i gong med eit nytt år. Eit heilt nytt, kvitt og kaldt år, fylt av reine, ubrukte dagar. Så mykje som ventar, så mykje som skal hende. Ein del er planlagt, ein del er kjent. Men mesteparten ligg enno løynt for oss. 

Dette vert eit år med ekstra mykje nytt og spennande for meg og dei ikring meg - heilt sidan eg kom til Oslo for å studere i 2003 har dette årstalet, '09, stått føre meg som ei høg, lysande stjerne der oppe. Juni '09, seks år etter at eg tok til som student på Noregs Veterinærhøgskole i Oslo, er eg ferdig. For min del vert det som å leggje attom seg ein æra, ein epoke. Og samstundes byrje noko nytt, noko svært nytt, og svært spennande. Dette tenkjer eg mykje på, og det har vorte sagt mange gonger no i jola: "Skal tru kvar me feirar jol om eitt år?!" Skal tru kva som hender, skal tru korleis det går. Men, som me seier - den tid! Fyrst skal dei siste fem månadane som student gjennomførast, hovudoppgåve skal skrivast og den siste kunnskapen frå NVH bankast inn i skolten. 

Me har hatt ein god joleferie heime, med det som høyrer med. Hente joletre i skogen lislejolepdagjen, pynte det om kvelden. Lage peparkakehus! For fyrste gong, måtte jo vente til den husbyggjarkunnige var med. Laga fyrst 1:1-modell i papp, og baka og steikte så med stor varsemd og omtanke.

Å setje i hop delane med brennheit knekk var ei ny oppleving - dette var jo rett og slett helseskadeleg verksemd! Me brende oss båe, men har nok gløymt alt og freistar på nytt att neste år...

Ei anna røynsle me gjorde oss var at melisglasuren IKKJE må vere for flytande, då dette gjer husfasaden noko meir trist enn ynskjeleg...

Det var ikkje berre tradisjonelle joleaktivitetar heime på garden - siste dagane og tida før kyrkjeklokkene ringde jola inn var to av oss nemleg travelt opptekne inne i garasjen. Porten var attleten, radioen song, det var ljost og fint, og far min hadde streng beskjed om IKKJE å kome inn. Aller siste førebuingane måtte me gjere jolekvelden - etter maten, før pakkene. Då kledde eg av meg den vesle svarte og smatt inn i stillongsen, joggebuksa og boblejakka mi, og konstaterte noko seinare, då eg stod med skiftenøkkelen i handa, at eg truleg - nei heilt sikkert var den einaste seks-og-tjuge-år-gamle jenta i Noreg som klokka 18.30 jolekvelden stod ute og skruva på ein avrettar. 

For det var ein avrettarhøvel det heile dreidde seg om. Ein solid og gamal, velbruka jernreidskap - noko sliten i utsjånaden, men stødigare og betre enn moderne lettvektarar. Dette var gåva frå mor mi, meg  og kjærasten, til far min som hadde rundt jubileum tidlegare i desember. Han er ein ivrig og flink hobbysnikkar, og hadde lenge irritera seg over den nye, men dårleg fungerande avrettarhøvelen han kjøpte for ein del år sidan. Kjærasten fekk fatt på denne gamle Eskilstuna, me frakta han bakpå bilen heim til jol, lura på kjettingar på traktoren og køyrde høvelen inn i garasjen medan far min var på arbeid - og bruka sidan fleiredagar på å pusse, måle, smørje og stelle. No står han på plass nede i fjøset, snart klar til bruk på nytt tre som skal høvlast og klargjerast for ymse snikkeri.

Før:

Etter:

Mellom jol og nyttår spende me på oss skia og fôr til fjells, kjærasten og eg. Eg var lukkeleg fersk eigar av eit par skifeller, og dei brattaste bakkane gjekk etterkvart (når formen steig... ;-) som ein draum. Tusen takk! KVIFOR, spør eg, kvifor bale seg opp bratte bakkar på bakglatte ski, når ein kan gå rett opp som ei Prinsesse i Snøen. Nedover gjekk det også noko seinare enn før, og det passar meg midt i blinken. 

Bua vår ligg ved eit vatn på kring 1000 meter over havet, og her fekk me ein roleg og fredeleg overgong til eit nytt år. Ingen saluttar, ingen eksplosjonar eller pengar opp i røyk - berre god mat, varm bu og triveleg selskap, saman med radio, bok og kortspel. 

Eg vil avslutte med gode ynskje for det nye året til dykk alle - måtte fredelege dagar, glede og lått, godt samvære mellom menneske, nyttig og gjevande arbeid og god helse gjere 2009 til eit år me minnest med glede. 

10 kommentarer:

Lilledora sa...

GODT NYTTÅR
Så koselig å høre at at dere har hatt ei koselig jul både hjemme og på fjellet.
Du skriv så godt (ja, jeg vet at jeg gjentar meg) at jeg blir helt revet med. Så artig med den hemmelige gaven. Skulle gjerne ha vært der og sett jeg og ja. håper at vi treffes i det nye året, og husk vi har alltid ei nyredd seng i det lille røde huset på myra

Lilledora sa...

Glemte helt å si tusen takk for julegaven. Gleder meg til å sy fast Lilledora-merket. Lo godt da jeg pakket opp "Lilledora reiser til farfar", og i en annen pakke fra en bekjent fikk jeg "Berits vei", ble veldig overasket og veldig glad. Tusen takk

Torunn sa...

Nydeleg skrive! Ser ut til at du har hatt ei flott julefeiring! Lykke til med siste innspurten på NVH!!! Nyt den!! Du er snart ferdig!! :) :) :)

Stina sa...

Godt nytt år! Så moro med den flotte gaven, den må jo gå inn i historien som en av de aller hardeste pakkene. Og så stilig pepperkakehus, jeg er særlig imponert over 1:1-modellen, den slags grundighet ville kanskje gjort seg hos oss også, så ville huset i det miste se edru ut.

Må tilføye at det er en glede å lese bloggen din, med et nydelig språk.

Torill sa...

Så fin benken vart, den har verkeleg vorte eit klenodium. Å gå på ski oppover fjellsidene er så kjekt når ein har fellar, og når ein har nådd toppen og ser utover, gløymer ein slitet det var oppover. Eg likar å renne nedover når det er puddersnø, då går det litt seinare :-)

Godt nytt år og lukke til med siste semesteret på NVH. Spennnande!

Maritmor sa...

Hei:) og godt nytt år! Ser ut til at det var ei framifrå koseleg jule-og nyttårsfeiring. Vakre bilete frå fjellet. Har ikkje vore der nokon gong. For gjennom dalen ein gong for mange år sidan. Men fjellet har eg ikkje sett. Artig gåve til faren din! Her er det kvardag att. I dag har eg fri. Skal til mor og far ein tur utpå dagen. Været er kaldt og klårt. Lyset er vakkert denne tida på året! Vakre pastellfargar. Eg har hatt nokre turar ute med fotoapparatet. Laurdagskvelden blir det tur til baksida:) Lykke til med studiane:)

Kathrine sa...

Hei og GODT NYTT ÅR:-)) Flott gave da!
Håper du ikke har frosset på deg kattunger etter den kalde praksisen i bilen,-)

Her er det så utrulig vær. Nesten så en blir lattermild. Først masse snø, så mye mere snø...Og så bøtter og badekar med regn. Hu og hei:) Fuglene synger, takrennene klukker og plena er snart helt grønn igjen. Du og du, er det vår alt? Én skitur har vi hatt på nyåret, nå er det mere dykkerdrakt og skøyter som duger.
Men, noen har det værre enn vi. Så en skal ikke klage nei.
Ønsker deg lykke til med innspurten. Husker veldig godt mitt siste halvåret på SHKS. Det gikk bra det og,)
Riktig god helg til deg og J.

Viola sa...

Godt nytt år til deg. Det var flott å ”bli med” til Stavatn, fekk reint heimlengsel. Eg har no helst vore der sumarstid, men nokre påskehelger har det no vorte. Du fortel så levande at det er ei fryd å sjale seg hjå deg. Lykke til med siste bolken av studiet.

Ragnhild sa...

Eg er imponert over kor nevenyttig du er! Ikkje berre når det gjeld strikking, men når det gjeld hardare materiale òg;-) Tippar far din vart glad!

Det lappeteppet i margen der ser knallfint ut!

Landliv sa...

Så fantastisk en gave... så godt å lese at han får sånn omtanke fra dere alle. Må få høre hvordan han reagerte, han må ha blitt svært overrasket! Og for en vekt det må ha vært å frakte det. Herlige bilder. Stor klem fra meg