mandag 12. januar 2009


Dei siste seks åra har handarbeidet berre vore eit kvelds- og fritidssyssel, ei avkopling og noko eg snik meg til når eg kanskje ikkje eigentleg har tid til det, fordi eg tykkjer det er så gama. Men det var ei tid då dagane skulle nyttast til handverk, og både dagar og kveldar var fylte med garn og trådar, rokkar, vevstolar og store kjelar med dampande plantebad. O lukke. 

Fosen folkehøgskule. Eit år fylt med naturmaterialar, åfjordsbåtar, økologisk gardsdrift, bålfyring, badstoge, musikk, stjerner i augo, peparmyntete, segling, utegangarsau, plantefarga garn, jord under neglane, borkefarga anorakkar og menneske med tjøre- og harpeislukt i håret. 

Eit heilt år til å drive med gamle handverksteknikkar innan ull, skinn og vev. Betre kan det ikkje verte. Og det året vart ei slags kuliminering av noko som har fylt draumane og dagane mine langt attende i tid - det som støtt har vore der; sauene og den varme, mjuke, solskinsangande ulla deira. 

Ein kvar spinnar bør ta vare på den fyrste garnhespa si. Slik ser ein verkeleg utviklinga! Dette er mi, med såkalla unikt og sjarmerande garn :-)

Å spinne lærde eg veldig gradvis.

Då eg var lita; 6-7 år kanskje, hadde eg såå lyst på sokkar frå ulla til sauen min. "Gome," spurde eg så snilt eg kunne, "Gome, kan ikkje du spinne gån og spite leistar av ulla åt sauen min". Sjølvsagt ville Gome spinne, for Gome var Verdas Snillaste, slik bestemødre gjerne er. "Men du titta, du kan kaire", sa Gome, og så lærde ho meg å karde ulla slik at ho vart luftig og lett som ei sky, ho lærde meg å plukke ut rusket frå skogen, å snu kardane slik at ulla bytte plass på eit nærast mystisk vis, og ho lærde meg å lage dei finaste, jamnaste rullane slik at det vart lett å spinne. 

Lærde det gjorde eg ikkje då, det tek månader og år før ein kan det, men ho synte meg korleis det skulle gjerast, og ho synte meg at det å lage noko sjølv, det er då inga sak, om ein berre har vilje og tolmod til å lære. Og gjennom desse leistane, lærde eg at det er ingen ting som er så fint, som å ha noko ein har laga sjølv. 

For born gjev dét sjølvtillit, det gjev glede, det gjev ynskje om å lage meir, og ikkje minst gjev det evna til å forstå kvar ting kjem i frå, korleis alt krev arbeid for å verte til, og kor viktig det difor er å ta vare på det ein har. 

Den fyrste huva mi av heimespunne garn.

Den kvelden skulle eg lære å strikke mønster, men var så ivrig og greidde ikkje vente så eg tenkte: "Det kan vel ikkje vere så vanskeleg, eg tek vel berre brun tråd der det skal vere brun og kvit der det skal vere kvit?!" Og slik var det! Alt garnet vaskar eg berre i lunka vatn med olivensåpe, så ein del av lanolinet vert verande att. Såleis vert plagga vassavstøytande. Denne lua har vore med på mang ein grå og våt haustdag til fjells i saueleitinga, og våt i håret vert ein aldri! :-)

Mor mi kunne også spinne, og nokre år seinare hjelpte ho meg i gong med sjølve rokkinga :-) Koordinering er inga enkel sak, som mange ferske spinnarar og pianospelarar har røynt, og difor trakka ho på pedalen for meg, medan eg konsentrerte meg om tråden. 

Det gjekk endå nokre år; rokken var stundom framme, og andre tider løynt bort på eit bakrom i fleire månader om gongen. Men då eg som 14-åring laga meg 4H-oppgåva "Sauen - meir enn mat" og var med på eit spinnekurs skipa til av Bondekvinnelaget i bygda, det var då det verkeleg tok av. 

I denne perioden fekk eg meg også to angorakaninar, og utvida spinnespekteret frå saueull - høvesvis kortfibra frå dala og den lange, relativt ulike fiberen til spælsauen, til også å omfatte den himmelske kaninfiberen. Ingenting - eg seier det gjerne på ny - ingenting er så mjukt, så varmt, så kvitt og så nydeleg som garn spunne av angoraull. 

Øvst frå venstre: To nøste spælsaugarn (to-tråds), ulike naturfargar. Stort nøste: Uvaska dalasaugarn (ein-tråds). Nedst til venstre: Vaska garn, tunt to-tråds frå dalasau. Eitt nøste frå utegangarsau, og to nøste angoragarn, høvesvis tunn og tykk kvalitet (båe to-tråds). 

Då eg kom til Fosen i 2001, var det såleis ikkje for å lære å spinne, eller garve skinn, eller plantefarge, for alt dette hadde eg alt prøvd på heime i fleire år. Det var for å få tid til dette, for å få bruke tida til dette. Eg tenkjer likeins i dag: Tenk å få bruke eit heilt år, på berre å spinne, plantefarge, veve, strikke, garve, og drive med trearbeid. Reinspikka lukke, det er dét det er. 

Bakside av sjal

Eg veit ikkje kva det er, men det er vel likeins med alle intense interesser, anten det er sport, sjakk, sirkus eller song - ein har funne sin stad i verda, ein meistrar, ein utviklar, ein oppnår. Ein kjem i flytsona, og tida berre flyg.

For meg er det å spinne rein meditasjon. Det å lyfte på garnet i plantefargingsgryta er tusen gonger meir spennande enn å sjå på fotballkamp. Lukta av varm saueull er betre enn lukta frå alskens franske, fine flakongar.

Det er nært, det er ekte, det er som mold og haustrått lauv i skogen, som nevra frå ein krokete fjellbjørkelegg, det er sjølvaste kjernen i det som er. 

11 kommentarer:

Kathrine sa...

Flott lesing:-) Og nå skal jeg snart lånerokken i Selbu. Har tenkt på det lenge, den står nå bare der i kjellerstua. Og jeg har masse ull liggende på loft og kjeller. Må lete fram kardene først, karde tuller før en setter igang.
Og så hjelper det så på tørre never, ull med lanolin:-))

Ha ei flott uke!

he...fotballkamp ja. Lenge siden jeg var på kamp med J på Lerkendal,-) J syns de to tantene var så dumme, at han sa lagene hadde byttet side etter pausen. Ler av det enda. Hils J forresten:)

Kathrine sa...

Låne rokken, skal det stå.-)

Torunn sa...

Så flott!!! Skulle ynskje eg kjente deg betre då eg gjekk på NVH så du kunne lært meg kunsten å farge garn, karde og spinne. Me lærte å karde og spinne då eg var på leirskule i 5.klasse, men det er jo så lenge sidan.... Det er så flott med slike gamle kunster og så utruleg viktig å ta vare på det!! Du er utruleg flink!!!

Torill sa...

Sjølv likar eg både parfyme og fotball, men sauer er også alrighte dyr :-) Eg må verkeleg lære meg å spinne og karde, det ser så kjekt ut! Masse fint garn du har laga og sjalet ditt såg godt ut å ta på seg. Fosen kjenner eg godt til, kjenner fleire som har gått der, men ikkje når du gjekk. Båtbygging f.eks.

Lilledora sa...

Jeg har ikke noe forhold til sau jeg, ikke kan jeg spinne heller, men jeg har hatt masse ull opp i gjennom åra, Jeg har vasket ulla og brukt den til fyll i div. ting, og jeg må si at vakerommet mitt har luktet sau mangen gang.
Du er flink med hendene dine, både med å lage ting, og stelle med dyr, så jeg vet at du blir en veldig flink dyrlege.
Tilslutt må jeg bare inrømme at jeg liker parfyme bedre enn sau-lukt, men jeg er jo bare ei byjente, som ikke forstår bedre.

Anonym sa...

Flott innlegg! ;)Må seie eg vert heilt mesunneleg på folkehøgskuleåret ditt! Ja, eg trur deg verkeleg når du seier O lukke! :) Eg er ikkje så flink med hendene men eg er sooooo fasinert av å kunne gamle kunstar som handarbeid og matlaging( det er min kunst! ) Dei kunne dette med å leve i pakt med naturen og kalre seg på det naturen gav... der har vi ein heil del å lære! :) Og du kan inspirere... kjket å lese!

Gode helsingar frå Elisabeth

Ugla sa...

Eg tykkjer eg kan sjå deg framom meg - der du stend ute under open himmel og kokar og strevar med vatn og garn og urter. Ja, det er ei lukke å farge garn med planter. Eg hadde plantefarga garnnøster liggjande i fleire år før eg bestemte meg kva eg skulle bruke dei til. I mellomtida hadde det gått med garnet mitt som det gjorde med lua til Ingrid Sletten.
Og moralen: Bruk garnet med ein gong - farg meir til neste år!

Maritmor sa...

Hei:) Takk for kommentar! Det er ikke helt lett med en håndtein, men som du sier: øvelse. Og øvelse gjør vel mester:) Tja, langt fram dit da.... Du har vel prøvd både smått og stort når det gjelder spinning!
Mye god pølse fra Ringebu, ja....

Og bloggen din.. lenge siden jeg har vært inne her. Artig å lese. Skulle gjerne hatt en luggom rokk jeg også. Får greie meg med den vesle enda. Plantefarging har jeg ikke prøvd. Tar du på deg å være kursleder kanskje? Jeg stiller opp. Ser deg forresten ute mars. Hørte fra Baksida at du skulle melde deg på pilfletting. Jeg har meldt meg på. Syns det hørtes spennende ut. Har tidligere prøvd tægerbinding. Det er litt mer arbeid enn pilfletting.

Her snør det stille og rolig. Det er så fredelig med stille rolig snø! Balsam for sjela. Jeg baker kaku. Så blir det vel suppe og fersk kaku til middag i dag. Og litt god mat til kvelds.
Ha en vidunderlig helg hos J. Hils så mye:)

Lilledora sa...

Har en award til deg i bloggen min. God helg

Astrid sa...

Åååh, slik herleg lesing!!
Eg skulle ynskje at eg kunne litt av det som du skriv om her... Drøyme, drøyme... Kanskje ein gong om nokre år?
Er så einig med deg i at saueullukt er av dei beste lukter ein kan tenkje seg -og det frå ei som også likar lukta av parfymer:)
Friske, fine, sunne sauer som vert henta ned frå fjellet... Noko av det eg saknar med sauene er nettopp det å stikke nasa ned i den gode, tjukke, saueulla, medan fingrane mine forsvinn i eit deilig lanolinbad:) Nyte den varme, mjuke, lett kitlande pusten mot halsen min frå ei stolt, sterk og klok søye... Den som er så heldig å ha fått oppleve slikt kjenner seg RIK!

Takk for eit nydeleg innlegg, både i ord og i bilete av nydeleg handarbeid! Du er verkeleg flink!!

Ja, kvar skal de feire jul neste år skal tru? Kanskje du skal undersøkje om det du får deg jobb i Ørsta/Volda området?! Kanskje kjem du over eit gammalt gardsbruk om du er heldig? Så kan du lære meg å strikke mine eigne plagg -heilt frå grunnen av:)
For ikkje å snakke om at du må lære meg å farge garn! ;)

Liten Fugl sa...

Eg smiler så mykje av å lese dette. Det er mykje gamalt nytt i dette innlegget, og det er ingen dårleg ting. Det er noko som varar, som gleda over å ha laga eit eige sjal av eigenspunne ull frå sauar du har kjent. Det varer og varer og lev vidare, som kunnskap som overførast frå mødre til døtre.
Og forresten, når primstaven blir snudd, er det tid for å starte konkurransen vår!