onsdag 10. desember 2008



Vinteren er no verkeleg her, med mørke og kyl, skarpe stjernekveldar og glitrande snøsolkrystalldagar.  Kveldane byd på fyring i omnen, stearinljos og store koppar varm krydderte - men også friskt raude kjakar og glede ute i det fri.

I går var me reine polarfararane då me gjekk etter posten, med skinnluer og kanadasko, rim i augnevippene og 23 kalde kring nova. Det er så stilt og fredeleg her nede ved elva, berre fuglar og rådyr og ein snjobrøytar i ny og ne. Men då me gjekk for å bere inn to-tre vedfang her om kvelden, trur du ikkje me møtte på ein snodig skapnad plent der, i vedskjolet!

Ein liten luring såg det ut til, med raud ullhuve, reinsskinn og snøgge, små steg bortover mot skogen. Det er godt å vite at nissane enno held ut i fjos, løer og skjol, slik at også småfuglar, trauste hestar, varme, trygge kyr og snille sauer får noko ekstra omsut og godt no når året er på sitt mørkaste og kaldaste. Alle gardar treng ein nisse, ein flokk småfuglar og eit og anna rådyr over tunet - 



11 kommentarer:

Marie sa...

Skulle ikkje tru me budde i same landet, her er det så vidt under 0 C. Snø har me heller ikkje, men i dag har me hatt strålande sol frå skyfri himmel. No er det måneskin, så fint er det!
Nissen har eg faktisk sett eg også, men det var nok ingen fjøsnisse for han sa at han måtte tilbake til nordpolen og lage ferdig julegåver.
Eg var med barnehagen på låvebesøk. Fint pynta med langbord, grankvister, juletre og høyballar. "Og okse der og asen stod", iallefall nesten. Shetlandsponny, geiter, høner og marsvin. Ja, dei budde vel ikkje på låven til dagleg nokon av desse da og marsvinet blei nokså snart bore innomhus. Ponnyen blei tatt ut slik at dei barna som ville fekk ri. Hønene budde i sitt eige vesle hønsehus, dei var ikkje på låven i det heile.
Det vanka risengrynsgraut og raud saft. Flott uteområde med leikeapperat for barna på garden var veldig populært. Me kjørte buss til og frå gjennom nydeleg landskap. Flott dag :)

Kathrine sa...

Å, er det du som er nissen i år? ,-)

Fint i G-dal disse dagene. Vi reiser nedover i morgen med gaver hit og dit. Blir litt mindre og lettere med gaver nå når alle tanteungene har blitt så store.

Her er det "bare" -15 i dag, men kaldt fra Trondhemsfjorden. Litt snø og.
Masse fugler på foringsplassene, Rådyr har jeg ikke sett i hagen i år. Men det er mye i skogen ovenfor her og på åkrene bortom her.

Ha en fin dag, og hils til J:-))

Torunn sa...

Så koseleg! Ja, alle gardar treng ein nisse. :) Så herleg med mykje snø og mange minus. Me er nok ikkje så heldige at me har det her, men det er skyfri himmel og sol i dag. Stille på sjøen er det og, og ein seglebåt utan segl... Håpar på ordentleg vinter til jul, men det er vel optimistisk for oss som bur på Vestlandet.
Kandidatballet er vel vel overstått no, og snart ventar vel vitnemålsutdelinga. Er det den 19.? Tenkjer det vert deilig!! Har du ein jobb som ventar på deg og? Håpar det! Ønskjer deg mykje lykke til som nyutdanna veterinær! Eg kan ikkje seie anna enn at det er fantastisk flott!! Utruleg deilig å vere ute frå dei gamle lokala på NVH. ;) Deilig å kunne gå heim frå jobb og vite at det ikkje er noko ein MÅ lese på, men eg kan lese viss eg ynskjer. ;) Lærer så utruleg mykje!! Det er jammen meg eit spanande yrke me har valgt. Ynskjer deg ei fantastisk adventstid! No skal eg fyre i ovnen, ta fram strikketøyet og varme meg opp litt før eg skal ut å gå ein tur med gardabikkja vår. ;)

Ragnhild sa...

Hehehe, såg ut som nissen hadde det godt og varmt:-) Men kvar i alle dagar er dette? Det kan jo ikkje vera Oslo? Har ikkje sett nissar her på årevis.

Maritmor sa...

Hei:) Julekortstemning! Raude vesle huset med lys i vintermørkret! Og nissen!... men eg trur ikkje det var han som var her tidlegare år....... Lyset denne tida er så fantastisk fint! Eg kosar meg:) Her er det -12 i dag, skjora sit og ventar på mat! Det gjer sikkert småfuglane og. Kos deg i denne fine førjulstida !

Lilledora sa...

ÅÅÅÅÅÅ, så koselig det ser ut på tunet deres. Og så fin fjøsnisse, han lignet på noen jeg kjenner.
I morgen skal vi på teatret og se Skogsnissen, Nordpolnissen og Fjøsnissen. Jeg gleder meg, og vi kan jo nesten alle sangene
" Jeg er en Nissemann, kommer i fra Nisseland, og på løftet har jeg laga, mange fine julegava, som du til jul skal få, hei og hå og hei og hå, trallaosv. Nydelig ikke sant?

Torill sa...

Så koselegg tun dokke har. Skikkelig julestemning. Det er ikkje lenge igjen no, men julekjensla har ikkje kome heilt enno.

Astrid sa...

Åh, for eit koselege bilete, med koseleg tekst til!!
Takk for dei utruleg stemningsfulle kommentarane på bloggen min, du er så flink å formidle stemning og lukke:)
Eg har noko til deg, kom innom bloggen min og hent om du vil:)

Astrid sa...

"eit koselege bilete" skulle sjølvsagt vere "nokre koselege bilete" ;)

Ugla sa...

Denne nissen såg bra ekte ut. Og ikkje var han amerikanisert. Det var nok ein fjøsnisse. Vonar at han får grauten sin på jolekvelden. Det ser så koseleg ut på tunet. Ljos i alle glas og fin og kvit snø. Og varmt har de det vel inne? Å ha nok av ved - og ein god omn, eit glas med noko god drikke og ei tjukk bok - det er joleferie. Men før vi kjem så langt må vi vel skrive jolebrev i år også? Skriv vi ikkje så får vi heller ingen svar. Eg er godt i gong; berre handskrivne brev frå meg i år.

Torunn sa...

Klart eg kan røpe kor eg fann oppskrifta. ;) Den fann eg her: http://www.birgirsdottir.no/productview/20044615/ Ynskjer deg ei riktig god jul!