søndag 14. desember 2008



Når hovudet er tvangsstappa fullt av paragrafar, rygg og nakke stive og støle etter mangfaldige timar framføre dataskjermen og motet byrjar svikte sjølv om målet stadig nærmar seg - då er det godt å ha ein ivrig og logrande liten hund som så snilt bed "Vil du ikkje vere med ut ein tur og leike i snjoren?", og ein kjærast som finn fram ein ekte fakkel og tek meg med nord i skogen der det openberrar seg ein lavo - med tørr bjørkeved, granbar og reinsskinn. 

Ein liten time ute i snjoren, i mørket og bålrøyken, og med underlege fenomen-observasjonar - det gjev attende piffen og livsgleda og SNART vert det joleferie og ALDRI MEIR EKSAMEN.

O lukke :-)

11 kommentarer:

Torunn sa...

Åååå, så koseleg!! Og for ein god kjærast du har!! Så flott at han gir deg nokre koselege avbrekk slik at du får opp motivasjonen til eksamen!! Ynskjer deg så mykje lukke til,- det går nok kjempebra!! Og tenk; ALDRI meir eksamen på NVH!!!!! Det er ei fantastisk kjensle å vite at det er ferdig! Då er det berre innspurten att med oppgåva, klinikk og kurs og det er berre kjekt! Sjølv om oppgåva fort kan bli litt stress på slutten, alt etter kva veileidar du har... Hihi...:) Men...du er snart, snart heilt, heilt ferdig på NVH!!!! Lukke til!!

Astrid sa...

Herleg stemningsrapport!!
Kan det verte meir romantisk? Lavo, bål, reinsskinn, og ein kjærast med fakkel:)
FOR eit herleg avbrekk frå pugging og studering!
Her fekk me levert oppgåva innan fristen 15.des. så no tek eg "juleferie", frå studiane vel og merke, jobbe må eg sjølvsagt anten det er kvardag eller fest...

Eg ynskjer deg ein strålande juleferie, nyt kvar ein dag! Lukke til med eksamen -eg heiar på deg:)

Astrid sa...

Eg har forresten ei utfordring til deg på bloggen min, du tek den om du har tid og lyst:)

Torill sa...

Er det siste semesteret ditt? Så fantastisk! Det er kjekt å vere student, men enda kjekkare å byrje å tene eigne pengar. Kva skal du verte? Var det dyrlege (veterinær som det eigentleg heiter)?

Heldig du er som har ein kjæreste som tek deg med ut i skogen og tenner bål. Kanskje eg og får skog snart som eg kan kose meg i?

Lykke til med eksamen!

Fivrel sa...

Tusen takk for alle lukkeynskjingar til eksamen! Det funka, alle gode vibbane kom fram og no er eg ferdig og lukkeleg over at det gjekk så godt. Fjuh!
Då er det berre 6 månader att på skulen, med kurs og oppgåveskriving - og så er eg ferdig dyrlækjar, tenkje seg til!

Astrid - takk for utfordringa, eg tek henne ei av dei næraste dagane! ;-)

Lilledora sa...

Jeg skulle bare si at jeg har tenkt på deg og at jeg har sendt masse gode vibber. Tenk 6 mnd. fram i tid, da kan mammaen din fortelle om "min datter vetrinæren" Hurra for deg, stolt av deg og gla i dæ. Klems

Lilledora sa...

Glente å si gratulere med det flotte resultatet da

Viola sa...

Så herleg innlegg i dag, og så utruleg snilt av kjærasten å lage i stand slik på ein kald vinterdag. Høyrer at eksamen gjekk fint, takk og lov. Du jobber hardt, men så får du igjen også. Ha ein god joleferie.

Kathrine sa...

Innom for å ønske deg og J en riktig god jul:-)) Godt du er feridg med den eksamengreia, og at det gikk bra?
Hørte dere skulle feire jul på andre kanter enn i G. Fine dager ønskes fra alle oss her!

GOD JUL!

Landliv sa...

Aldri si aldri når det gjelder eksamener.... ;-)

Jeg har hatt det ekstremt travelt og alt har gått på halv tolv inkl. å sende julehilsener og gaver... vil bare nevne det. Og få ønske dere riktig herlige juledager alle sammen. Stor klem

Torill sa...

God jul! Vert det nokre bileter av noko du har strikka av sjølvspunne garn? Eg er so nyskjerrig! Familien min ler av meg som ønskjer meg sauer og drøymer om sjølvspunne garn. Men eg skal vise dei :-)