onsdag 12. november 2008

Saum

I heile vår gjekk eg og ynskte meg symaskin. 

Grunnen til det var nok delvis den grenselause inspirasjonen eg fekk av å nyss ha byrja lese bloggar, denne merkelege aktiviteten som får deg hekta og avhengig på 1-2-3, kombinert med eit uimotståeleg ynskje om å gjere noko anna enn å heile tida lese pensumbøker og skrive faglege notat. Eg hadde så lyst til å lage noko, skape noko, få fram noko nyttig!

Overgangen har vore hard, frå eit svært kreativt og praktisk år med all slags handverk på Fosen folkehøgskole; spinning, strikking, nålebinding og veving, garving av skinn og trearbeid - til studiekvardagen i Hovudstaden. Det er vanskeleg å drive med plantefarging på ein liten hybelkomfyr; for ikkje å tale om feittgarving av skinn og koking av borkelåg i timesvis. Takk og pris for det mobile handarbeidet - spitet mitt og nålebindinga er stort sett med over alt. Men no byrjar studiet nærme seg slutten, mitt umedvite indre sansar at Livet skal atter en gang forenes med mitt legeme og min sulteforede sjel, og eg har difor byrja vakne til att.

Eg har td koka bjørkebork på komfyren - men må vonbroten innsjå at einskilde kunster kan ha gått tapt i teoretiseringsprosessen av hjernen min, for det kvite anorakkstoffet vert ikkje brunborka og eg veit ikkje kva eg gjer gale. Fosen-anorakken min er nemleg gyllen bjørkebrun og meir om den sidan. 

Mor mi var fornuftig, som ho plar vere, og sa: "Men Fivrelet mitt, trur du no det er så lurt at du skaffar deg symaskin nett no i vår, du som har dei kliniske eksamenane dine rett rundt tre-fire månadshjørner og alt? Trur du ikkje at du heller vil kome til å saume enn lese då?"

Så sant, så sant. Sjølvsagt hadde ho heilt rett. Og klok som eg er (klok av skade eller klok av medfødd, arveleg vet, det veit ingen) - venta eg. Eg bia. Og las. Og tok eksamen. Men då eg ein vakker dag i august fylte år og stod med hendene i gjærdeigen og gledde meg til selskap med fine serviettar og te og sjokoladekake og alt som i verda vakkert er - veit du kva som hendte då? Eg fekk den gåva eg  hadde ynskt meg så lenge - ei symaskin! Ei Husqvarna Viking som kom i posten frå Ål :-) 

Og då er det klart ein vert inspirert! Og får så mange idéar og tankar og planar, og sjølvsagt les ein ikkje den store, tunge, tykke pensumboka DÅ, så takk og pris for moderleg innsikt i vår. 

Slik fekk eg høve til å gjere meg kjend i Oslos stoffmiljø.Me talar Grønland, me kviskrar om Tøyen og sms'ar om (og det skulle du kanskje ikkje tru) Riddervolds plass i Homannsbyen. For byen er full av stoff. Flotte stoff! Sikkert mange slags stoff, som alle gjev rus på kvar sin måte - eg var i alle fall i tøystoff-rus, der eg farta mellom kråmbuene og kaupte stripete stoff, gamaldags stoff, vakre shabby chic-stoff og fantastisk artige dyrestoff.

Kven kan vel stå i mot det sjarmerande hundestoffet de ser her øvst?! Ikkje eg. Dét vart til ei hendig lita A4-notatbok-tilpassa veske til ei hundeelskande veninne. 

Ei anna veninne er system-frik som meg (ORDNUNG - i det minste når det høver...), og kva anna får ho vel då enn eit snilt (vallemål), nett (trøndersk), hendig og søtt (oslosk reklamemål) strikkepinneetui. Ei sneise-seng! Her ligg 2,5 - 3,0 - 3,5 osb fint på rekkje og rad og søv sin søte sneisesvemn, medan dei drøymer om intime omgangar med alpakka, mohair og god, gamaldags, ru ull. 

Det vert mykje prøving og feiling for ei som aldri har lært meir saum etter at symaskin-sertifikatet var unnagjort i tekstilen (faktisk er eg ikkje viss på om me hadde dette ei gong, eller om eg berre har adoptert idéen frå andre sine soger...). Eg er flinkare med vicryl 2-0, nålehaldar og levande vev enn med symaskina iallefall - men med ein del meir trening skal du sjå eg får like sirlege uttrykk i tøyet mitt, som kattane har under buken når dei har vore inne og fått fjerna eitpar eggstokkar og anna stæsj ;-)  

15 kommentarer:

Kathrine sa...

Hmm... Her "ser" vi på hverandre, symaskina og jeg. Og det er det... ,-)

Fivrel sa...

Skular på kvarandre, tippar eg! Hihi

Ragnhild sa...

Eg òg er veldig glad i symaskina mi, som eg fekk i 30-årsgåve:-D. Om vinteren ligg symaskina stort sett i dvale, men eg skulle veldig, veldig gjerne ha sydd eit slikt strikkepinne-etui no til vinteren! (Eg strikkar om vinteren, syr om våren). Brukte du mønster eller sydde du det på frihand? (Eg hadde forresten likt at det fanst eit etui som passa til ALLE strikkepinnane mine, både rundpinnar, lange pinnar og gigantiske pinnar. Men det er jo ikkje mogleg ...)

Fivrel sa...

Ragnhild: Eg såg på eit liknande etui eg fekk for nokre år sidan, og laga eigne tilpassingar.

Du nemner ei velkjent problemstilling der, med system for ALLE sneisane. Eg har serskilt problem med å få orden på rundpinnane. Men det er ei spennande, lita utfordring du kastar ut, og som du sjølv seier er umogeleg... :-)

Ugla sa...

Så godt at du fekk det ynskte deg. Du har ei fornuftig mor, og det er godt du høyrer på det ho seier deg. Ein skal ha vørdnad for dei eldre. Dei veit best. (Stundom).Du er veldig kreativ, så eg tenkjer familien din har høge forventningar til kva du lager til jol. Du veit at det som er heimelaga er best. Strikkegenet kjem vel frå morssida, skjønar eg, etter det du tidlegare har skrive. Men saume-genet? Saumar far din? Eller held han seg til treskjerarjernet??
Eg har no planar om å strikke sokkar. Igjen. Men denne gongen trur eg at eg tek ulike fargar på dei. Vil prøve å vere kreativ.
Symaskina mi har stått framme ei stund, etter at eg sauma ein saum på eit dynetrekk. No trur eg ho skal få kvile. I kassa si. Under trappa. Så veit eg no kvar ho er.

Kathrine sa...

Riktig, vi skuler ja:-( Så der er vi forskjellige jeg og søster W.

God helg:-))

Marie sa...

Gratulerer med ny symaskin! Du er godt i gong med syinga alt ser eg :)
Det er så kjekt å lese tekstane dine, dei er reine kåseria. Du får kontakte Norgesglaset og høyre om dei ikkje treng ein kåsør til :)
God helg :)

Landliv sa...

Så fantastisk! Ante ikke at "stoff-verdenen" hadde fanget deg. Og du: for en herlig adspredelse mellom slagene i klinikk og skriving for deg. Bare det ikke tar helt overhånd da - ugla får passe litt på deg.
Klem

Torunn sa...

Så mykje flott!! Ja, symaskina mi gler eg meg til å ta fram litt og. Blir så altfor lita tid. Er enklare å strikke for då kan ein vere sosial samstundes,- det er litt vanskeleg med ei symaskin. ;)

Astrid sa...

Du er ein "einar" i å skrive!
Eg vert glad inni meg av å lese det du skriv:)
Og så er du så flink til å nytte fleire ord som er på veg inn i den hurtig-veksande og "O`fæle ord-gløymeboka"
Eg er sikkert ikkje flink nok sjølv, men eg prøvar å vidareformidle eit nynorsk sråk som ungane skal vere stolte av. Språk er viktig for meg, kjenner at eg vert engasjert når eg pratar/skriv om det:)

Gratulerer med symaskina forresten! Mi står bortimot ubrukt -eg er nok ikkje av den mest kreative og skapande sorten på den fronten eg...

Ynskjer deg ei fin veke!

HomlisBomlis sa...

Grattis med ny symaskon!!
Jeg fikk også ny symaskin en gang -det triste er bare at den er mer hjemme hos giveren enn hos meg ;)
Lurer på om det er lenge til hun skal reparere sin egen - kremt kremt

Savner deg inne på bloggen min - rart at du ikke kommer inn!?? Har du prøvd å slette cookies og temporary files?? Det hjelper ofte når ting ikke går som man vil.

Kos deg!!!

HomlisBomlis sa...

Symaskon - hahahahahaha - noen ganger er jeg ustyrtelig morsom!!!

Torill sa...

Synest du er flink som kjøper nytt garn og gjer det du har lyst til. Restegarn er keisamt når eg har sett på same garnet i fleire år og undra over kva eg skal nytte det til. Eg har fått mykje garn i gåve og då er ikkje alltid fargane heilt meg. Av og til kjøper eg også garn i ein særskild farge dersom den fargen skal vere ein del av noko større om du forstår.

Å sy er kjempekjekt! Eg gjekk på kurs for nokon år sidan og så vart det ikkje meir med det. No har eg endeleg fått meg kjøkenbord så no manglar eg berre lys. Har eg lys, har eg ikkje unnskuldning for å ikkje sy meir. Det er no så kjekt når ein først kjem i gong :-)

Astrid sa...

Kjekt at du ville vere med på jubileumskonkurransen på bloggen min:)
Eg fekk gode frysningar over heile kroppen då eg las om juleminnet ditt... Du skriv så godt at det ei oppleving å lese, det er som eg kan høyre lyden av bjøllene, kjenne lukta av gran, omnsrøyk og bjørkeved der eg sit godt innepakka i saueskinn i sleden;)
Det verkar som eit juleminne som gjer at ein kjenner seg uendeleg rik!
Ynskjer deg ein fin dag:)

Bente Jorunn sa...

Du er så god til å skrive Gyro!!! At eg kan lese om sying (som eg ikkje har den minste peiling på etter å ha fått det for meg at eg skulle sy eit heimelaga fancy skjørt for nokre år sidan, på mors gamle maskin, men endte med å knekke nåla og fokuset skifta frå vakre linjer til skrått skjørt med morosame knappar sydd på for hand) og storkose meg!