søndag 9. november 2008

Fargesyn



Eg likar best jordfargar. Naturfargar. Sauefargar. Brune, grå, svarte tonar; lanolinkvitt og fjordingfarga, mosegrønt og lyngraudt. Og det ser ein lett, anten ein tek ein kikk i klesskåpet eller garnutvalet mitt.
Og lagar eg meg eit plagg i kombinasjonen ull og naturlege fargar - den brune islendaren til dømes, så kan du vere viss på at eg går med det så å seie dagstøtt. Eg har sagt det før, og eg vil seie det mange gonger att: Ull er gull.



Men det kan jo vere gama å freiste noko ANNA stundom au. Tenkte eg. Og skulle prøve meg på Fargar. Det fine med natur- og jordfargane, er at alle passar saman. Nyansane høver i hop, det vert harmonisk og fint uansett. Slik er det ikkje med andre slags fargar, og eg var spent på kva utfallet ville verte, då eg - i løpet av tre ulike garnbutikkbesøk, skaffa meg dette garnet.



Det er fleire veninner av meg som har gått med fine, store, kule magar i haust, og slik kom Askelad-garnet til å verte små barselgåver som snart skal sendast av stad. Og sjå her - er det ikkje utruleg, kor ulike uttrykk dei same fargane, i ulike kombinasjonar gjev? Den ljose blå, asurblå er felles i alle, og kombinert med høvesvis mørk blå, mørk grøn og ljosegrøn.





Det vart ei god røynsle og fine små luer, så eg tenkjer det vert både brune, grå, raude og blå tonar i garnhylla framover.



13 kommentarer:

Marie sa...

Å så skjønne småplagg du har strikka :) Heldige dei små som får dei! Er samd med deg om at ull er gull :)

Ha ein fin søndag :)

Lilledora sa...

Så fine djeveluer du har strikket, fine farger, osså er du så flink til å strikke små sokker. Heldige er de som du kjenner og som har store runde mager

Torill sa...

Kjempesøte klede! Er det plantefarga garn eller kva merke er det? Har du laga noko av eigespunne garn? Har veldig lyst å sjå :-) Håpar du elles har hatt ei fin helg.

Ugla sa...

Heldige er desse tre små som du vil varme i vinter. Så små og nuskate ting, gullungane vert riktig fine - og varme. Så får vi vone at foreldra finn gode norske namn til dei.

Fivrel sa...

Torill: Dette er Nøstebarn sitt 2-tråds Askelad-garn. Både det naturfarga, og det andre. Islendaren derimot, er i Alafos lopi (islandsk ull må vite). Men eg skal jammen meg grave fram nokre heimespunne og -spita produkt når eg er heime i jola! Då skal du få inspirasjon :-) Og så plantefarga, sjølvsagt.

Oo, no vart eg inspirert sjølv au, og saknar rokken min og den gode angen av sau og lanolin i heimen. Ei gong må eg berre ta meg eit år fri (minst) for å spinne og farge. Sauepermisjon!

Hehe, det er målet mitt - det Ultimate Klesplagg: Ta i mot lammet i fødsel. Fylgje det i barndomen og oppveksten og sjå det leve det gode klorofyll-liv fram til haustulla skal av. Klyppe lammet, karde ulla, spinne garn, plantefarge det, og strikke ein genser. Det er dét eg kallar ein heimelaga genser ;-) (ja, eg er FULLT klar over at eg er kravstor :-)

Tove sa...

For ein nydeleg blogg du har! Og kor vakkert du skriv! Dette er ein blogg etter mitt hjarte, så om det er greitt for deg legg eg deg til i blogglista mi slik at eg finn tilbake til deg!

Varme klemmar frå Sunnmøre

Torill sa...

Skulle gjerne hatt eit år fri sjølv. Det får verte den tid huslånet er nedbetalt, om 20-30 år....

Ragnhild sa...

Kjempefine luer! Eg elskar Askeladden-fargane, har kjøpt inn både knallgult og turkis no, som skal bli til eitt eller fleire prosjekt i romjula:-) Kva oppskrift brukte du på luene?

Fivrel sa...

Ragnhild: Djevellue-oppskrifta (tykkjer no ikkje så mykje om det namnet, men... er jo ein klassikar! :-)kjem frå Myk start. Ei super oppskrift, ein kjem snøgt inn i det og då er det berre kos å spite. På trikken og tbanen, bruk ein rundpinne og det tek mikroskopisk lite plass i veska! Var godt nøgd med stripene også, når ein skal byte farge annankvar pinne går det (mentalt) ekstra fort.

Ragnhild sa...

Jepp, eg har lenge gått med ein plan om å strikka djevellue. Eg har "En myk start" - enkel oppskrift, ser det ut til:-)

Kathrine sa...

Hmmm...Nå er det jammen lenge siden jeg har strikka du. Strikka da ungene var små, nå har de lært å strikke sjøl.
Farger du garnet sjøl og kanskje? Mye fine sopper en kan bruke, og ikke minst kutiss ,) Blir en fin blåfarge av det, og du har vel tilgang til noen liter til min søster?

Fine gaver de får alle venninnene dine:-) Ha en fin uke!

Maritmor sa...

Hei Fivrel! Så mange fine strikkaplagg. Koseleg å sjå. Mange fine fargar! Sjølv har eg fått tak i lingarn. Det skal verta ein tunikalignande sak. Då ungana var små strikka eg bleiebukser av ubahandla ull, og gensere og bukser.Det vart folk av dei og! No går det trått med strikkinga. Skuldar på tida - at den ikkje strekk til, men det er berre noko vås... Den store guten skal vel og få ei "djevellue"? Ull er fint. Sjølv bruka eg det mykje til toving. ha en finfin strikkekveld:):)

Ragnhild sa...

Takk for fine ord om bloggen min! Eg legg no ikkje så mykje arbeid i han, men set pris på at andre likar det eg skriv:-)

No har eg strikka ein fin, liten jakke i Askeladdengarn;-) (Har heldt på ei stund, då)