søndag 2. november 2008

Kjensla av Haust


Ute var det mange minusgrader og snøen låg som eit kvitt dekke over grasstubb og steinar. Skumringa byrja alt i firetida, og det var ikkje lenge før det var heilt mørkt utom glaset. Men inne var det godt og varmt, i omnen spraka det godt frå den tørre bjørkeveden, talgljosa lyste opp i glaskarmen i kjøkenet og kjensla av Haust fylte alle krokar. Berre ein ting mangla: Eplekake! For det vert ingen retteleg fredagskveld i slutten av oktober med mindre ein har lun eplekake og rykande varm krydderte!


 Bibliofiolens Spesial: Rom og rosinkak' med eple

Legg 100 gram rosiner i ei skål og ha over 4 matskeier rom.

Kutt opp 4 store eple i båtar.

Rør 150 sukker og 150 margarin kvitt, og ha i to egg.

Vend 150 gram sikta kveitemjøl og 1 ts bakepulver inn i røra.

Legg halvparten av deigen oppi godt smurt form. 

Fordel eplebitane og rosinane oppå, og legg så resten av deigen over.

Deigen er  nokså seig, men det gjer ingen ting om han ikkje dekkjer heile forma, dette årnær sæ når kaka står i omnen.

Til slutt har du på omlag 50 gram valnøter  på toppen, og strør med noko lite perlesukker.

Steik på nedste rille i omnen, 175 grader omlag 1 time. 

Kos dykk! 

13 kommentarer:

Torill sa...

For eit fantastisk flott språk du har, kvar er du frå? Eg har ikkje sett denne bloggen før, men eg skal legge den til mine favoritter med ein gong. Du har veldig like interesser som meg, og det er berre så artig å sjå at andre kan vere like "kjerring" som meg :-) Eg har akkurat kjøpt meg kardeutstyr og drøymer om sau, eg har vore medlem av Framtiden i våre hender, likar kjeldesortering, har drivhus, skal bygge hus på landet og er strikkegal. Eg blir glad av å finne likesinna. At du skriv nynorsk er ein bonus :-)

Torill sa...

er det din hund forresten? Border collie står høgt på ønskelista her :-)

Astrid sa...

Mmmmmh! Dette såg godt ut:)
Lun eplekake er ein haust-favoritt! Denne varianten har eg ikkje smakt før, men kanskje eg skal prøve den?
Nydeleg Border collie, eg har ei "veslesyster", Ronja, som liknar på denne:) Utruleg kloke hundar!!

Kathrine sa...

Sikkert lest Footrot Flats? Av Murray Ball. Tegneserie fra New Zealand om en Border Collie.Kjempeartig!! Prøv den! Kos deg med eplekake:-)

Nunne sa...

Ja, det kan du være siker på jeg skal...lage den kaka.
Du har en fantastisk koselig blogg. Jeg trives godt på kjøkkenet ditt.! Ville gjerne vært ilag med deg der, og laga kake og strikka litt :)
Klem fra Nunne.

pepperkverna sa...

ÅH, denne så god ut! Det blir nok glede her i huset når denne kommer på bordet. Da sender vi en varm tanke til deg. Hege

Ugla sa...

Den eplekaka er KJEMPEGOD. Eg har allstøtt ei flaske billig rom i kjøkenskåpet. Til å bruke i denne kaka - sjølvsagt. Og har du attpåtil heimelaga is, då vil gjestane dine sitje der med lys i augo. At det går an...

HomlisBomlis sa...

Mmmmmmm - den så god ut.
Bare send ut en invitt, så hiver jeg barna i bila og kjører sporenstreks;)

Lilledora sa...

Så koselig det kjøkkenvinduet og benken ser ut, så varmt og koselig. Eplekaka skal jeg prøv når jeg engang får ånden over meg igjen. Den lille søte hunden ser så koselig ut, håper du har det bra og igjen må jeg si at det er såååå koselig at du er på nettet igjen.

Astrid sa...

Takk for den fine kommentaren på bileta mine!
Eg er veldig knytt til og veldig glad i heimstaden min,så dei fleste motiva eg tek bilete av er i frå "mitt" paradis:)

Du såg nok rett då du såg ein rundballehekk (eg visste ikkje at det heitte det, for då vi hadde dyr på garden hadde vi knapt teke i bruk rundballefenomenet) i elva. Forrige helg då den store blesten var på vitjing, var det forskjellige ting som flytta på seg her rundt nova, deriblant naboen sin rundballehekk;)

Ha ein fin tirsdagskveld!

..................... sa...

God kveld i stuggun! Det er fint å sjå at datan har vorte frisk. Og at du har lagt inn nye friske fraspark ...Turid og gjengen i Pepperstad...

Astrid sa...

Utmerking til deg på bloggen min:)

Maritmor sa...

Nok ei tante som heng seg på! Trur nok eg må prøve eplekakeoppskrifta til helga. Eldste sonen kjem heim frå tigerstaden. Godt med ei god kake da! Bloggen din er vakker og koseleg! Likar den godt. Hels gemalen frå tanta hans!!