torsdag 27. november 2008

Fivrel i frost


Det er ikkje mange fivrel å sjå på denne tida av året.

Det er november, det er mørkt, det er kaldt (i alle fall relativt kjøleg, det skulle vore kaldt, men det er det sjeldan i denne "forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den"), og det er ingen blomar å drikke nektar frå eller friskt grøne lauv å kvile vengjene på når sola står høgst på himmelkvelven. Dei einaste fivrela ein ser er brune og sprø og flagrar viljelaust i ein kald og kraftig kastevind; det er halvt ihopkrulla lønelauv, det er dauden utan sansar utan kjensler utan liv.

Lat oss likevel, eller kanskje nett difor - dvele eit lite grann ved desse vedunderlege skapningane.

Fivrel. Fjärild. Sommarfugl. Butterfly.

Dette er på ingen måte ein fugl, eller ei fluge - det er nærare bestemt ein liten personlegdom i riket Animalia, rekkja Arthropoda (leddyr), klassen Insecta og orden Lepidoptera.Det finst over 120 000 skildra artar av fivrel, og dette er såleis ei av dei større gruppene mellom insekta. I Noreg har ein funne meir enn 2000 fivrelartar. "Dagsommarfuglar" er dei fargerike, dagaktive insekta dei fleste kjenner som fivrel, og av desse har me mindre enn 100 artar i Noreg.

"Ved sida av dei fargesprakande og vakre dagsommarfuglane høyrer òg mange meir nøytrale og ofte natt- eller skymingsaktive artar til sommarfuglane. Desse «nattsvermerrane» eller «mòlen», som dei ofte blir summerte som, utgjer hovudvekta (92 %) av sommarfuglane, men er ikkje rekna som noka naturleg gruppe" (frå wikipedia)

Sjå på denne: Fivrelside på nett - observasjonar, fakta, galleri og flygetider.

Eg går ut frå at de kjenner til dei fantastiske arbeida til Eric Carle? I denne samanhengen tenkjer eg sjølvsagt spesielt på "The very hungry caterpillar." Frå dei fargerike teikningane i denne boka er det nok mange born som har lært seg kva metamorfose er, og kor fantastisk det er at ein larve kan verte til eit fivrel! Boka er nemleg omsett til 46 ulike språk, og finst i ei rekkje utgåver, i storleikar heilt ned til dei som har sider av tykk papp og små, små bokhungrande born kan leike seg med.

Carle har laga ei rekkje flotte bøker som både små og store kan gle seg over; eg kjenner at det kriblar i bok-organet mitt (det må vel vere hjarta?!) når eg ser omslaga på bøkene hans, og får ein nostalgi i sinnet som på same tid er vemodig og lukkestemd. Det finst så mange gode og vakre barnebøker der ute! Eg tenkjer Wenche Øyen, Oddmund Hagen, Beatrix Potter, Leo Lionni, Mette Newth, Max Velthuijs, berre for å nemne nokre bitte, bitte få. Men no har eg kome reint ut av det her. Berre ein siste ting - eg fann jammen ei bok av Hr. Carle eg aldri har lese, og som eg no offisielt ynskjer meg til jol: The lamb and the butterfly. Kva kan vere meir midt i blinken?!

Også saumen min har vorte påverka av dei sterke tendensane til lepidoptera. Dette er ein liten lurkik på eit seinare innlegg, som inneheld tråd og tøy og filosofering over kor flink ein kan vere til å disponere kveldstida si når ein ikkje har fjernsyn, er åleine heime, det regnar, er mørkt og radioen har mange fine program på www.nrk.no/radio

Inger Hagerup har skrive dikt om fivrel. Det same har Wergeland. Eg saknar derimot nynorsk fivrel-lyrikk, då eg ikkje kan anna enn å tykkje at nynorsk er så fint i dikt, og at fivrel er eit mykje vakrare ord enn sommerfugl. 

Ein annan som har skrive om fivrel, om enn på ein mindre romantisk-naiv måte, er Gert Nygårdshaug. Visste de at han har ei av dei største fivrelsamlingane i Noreg? Eller at den kjende boka hans Mengele Zoo handlar om nettopp fivrel? 

Eg har vore så heldig å fengje pakke i posten, juhu! Det er allstøtt så gama. Serleg når pakka kjem frå Bibliofiolen, for ho set i hop dei beste og gamaste pakkene eg veit om :-) Gjennom det siste året har det, merkeleg nok, byrja dukke opp fivrelting  blant det meste eg får frå den kanten. Td vart det fivrelmuffins og fivrelserviettar i eit selskap her tidlegare i haust. Mest alle bileta i dette innlegget er henta frå det som har kome frå den kanten. 

Det øvste biletet på bloggen i dag syner eit av dei venaste hand- og menneskelaga fivrel eg har sett, og eit slikt går eg med på kåpa mi kvar dag. Det kjem frå Hasla, ein flott sylvsmedverkstad og -butikk som held til i hjarta av Setesdal, men som i haust har opna ei flott avdeling midt på Grünerløkka her i Oslo. Eg vil oppmode alle om å ta turen innom denne stilreine, moderne og samstundes tradisjonsrike verksemda. Der kan du au lese Setesdølen og kaupe "leistar spita av gome" :-)

Med ynskje om ei god helg, og oppmoding om å njote siste novemberdagane.

Kva er vel betre då, når det regnar og blæs og er mørkt og fælt, enn å sitje inne framfor peisen, med varm kakao og lydbok og den eller dei ein er aller mest glad i tett inntil under ullteppet. For det er enno  lenge til jol, livet er stutt, ting har me nok av og huset er mest koseleg når det er passeleg rotete; enkle gleder og kos er det som skal til for å gjere dagen fullkomen. Varme, gode tankar til dykk alle! :-)
 

onsdag 12. november 2008

Saum

I heile vår gjekk eg og ynskte meg symaskin. 

Grunnen til det var nok delvis den grenselause inspirasjonen eg fekk av å nyss ha byrja lese bloggar, denne merkelege aktiviteten som får deg hekta og avhengig på 1-2-3, kombinert med eit uimotståeleg ynskje om å gjere noko anna enn å heile tida lese pensumbøker og skrive faglege notat. Eg hadde så lyst til å lage noko, skape noko, få fram noko nyttig!

Overgangen har vore hard, frå eit svært kreativt og praktisk år med all slags handverk på Fosen folkehøgskole; spinning, strikking, nålebinding og veving, garving av skinn og trearbeid - til studiekvardagen i Hovudstaden. Det er vanskeleg å drive med plantefarging på ein liten hybelkomfyr; for ikkje å tale om feittgarving av skinn og koking av borkelåg i timesvis. Takk og pris for det mobile handarbeidet - spitet mitt og nålebindinga er stort sett med over alt. Men no byrjar studiet nærme seg slutten, mitt umedvite indre sansar at Livet skal atter en gang forenes med mitt legeme og min sulteforede sjel, og eg har difor byrja vakne til att.

Eg har td koka bjørkebork på komfyren - men må vonbroten innsjå at einskilde kunster kan ha gått tapt i teoretiseringsprosessen av hjernen min, for det kvite anorakkstoffet vert ikkje brunborka og eg veit ikkje kva eg gjer gale. Fosen-anorakken min er nemleg gyllen bjørkebrun og meir om den sidan. 

Mor mi var fornuftig, som ho plar vere, og sa: "Men Fivrelet mitt, trur du no det er så lurt at du skaffar deg symaskin nett no i vår, du som har dei kliniske eksamenane dine rett rundt tre-fire månadshjørner og alt? Trur du ikkje at du heller vil kome til å saume enn lese då?"

Så sant, så sant. Sjølvsagt hadde ho heilt rett. Og klok som eg er (klok av skade eller klok av medfødd, arveleg vet, det veit ingen) - venta eg. Eg bia. Og las. Og tok eksamen. Men då eg ein vakker dag i august fylte år og stod med hendene i gjærdeigen og gledde meg til selskap med fine serviettar og te og sjokoladekake og alt som i verda vakkert er - veit du kva som hendte då? Eg fekk den gåva eg  hadde ynskt meg så lenge - ei symaskin! Ei Husqvarna Viking som kom i posten frå Ål :-) 

Og då er det klart ein vert inspirert! Og får så mange idéar og tankar og planar, og sjølvsagt les ein ikkje den store, tunge, tykke pensumboka DÅ, så takk og pris for moderleg innsikt i vår. 

Slik fekk eg høve til å gjere meg kjend i Oslos stoffmiljø.Me talar Grønland, me kviskrar om Tøyen og sms'ar om (og det skulle du kanskje ikkje tru) Riddervolds plass i Homannsbyen. For byen er full av stoff. Flotte stoff! Sikkert mange slags stoff, som alle gjev rus på kvar sin måte - eg var i alle fall i tøystoff-rus, der eg farta mellom kråmbuene og kaupte stripete stoff, gamaldags stoff, vakre shabby chic-stoff og fantastisk artige dyrestoff.

Kven kan vel stå i mot det sjarmerande hundestoffet de ser her øvst?! Ikkje eg. Dét vart til ei hendig lita A4-notatbok-tilpassa veske til ei hundeelskande veninne. 

Ei anna veninne er system-frik som meg (ORDNUNG - i det minste når det høver...), og kva anna får ho vel då enn eit snilt (vallemål), nett (trøndersk), hendig og søtt (oslosk reklamemål) strikkepinneetui. Ei sneise-seng! Her ligg 2,5 - 3,0 - 3,5 osb fint på rekkje og rad og søv sin søte sneisesvemn, medan dei drøymer om intime omgangar med alpakka, mohair og god, gamaldags, ru ull. 

Det vert mykje prøving og feiling for ei som aldri har lært meir saum etter at symaskin-sertifikatet var unnagjort i tekstilen (faktisk er eg ikkje viss på om me hadde dette ei gong, eller om eg berre har adoptert idéen frå andre sine soger...). Eg er flinkare med vicryl 2-0, nålehaldar og levande vev enn med symaskina iallefall - men med ein del meir trening skal du sjå eg får like sirlege uttrykk i tøyet mitt, som kattane har under buken når dei har vore inne og fått fjerna eitpar eggstokkar og anna stæsj ;-)  

søndag 9. november 2008

Fargesyn



Eg likar best jordfargar. Naturfargar. Sauefargar. Brune, grå, svarte tonar; lanolinkvitt og fjordingfarga, mosegrønt og lyngraudt. Og det ser ein lett, anten ein tek ein kikk i klesskåpet eller garnutvalet mitt.
Og lagar eg meg eit plagg i kombinasjonen ull og naturlege fargar - den brune islendaren til dømes, så kan du vere viss på at eg går med det så å seie dagstøtt. Eg har sagt det før, og eg vil seie det mange gonger att: Ull er gull.



Men det kan jo vere gama å freiste noko ANNA stundom au. Tenkte eg. Og skulle prøve meg på Fargar. Det fine med natur- og jordfargane, er at alle passar saman. Nyansane høver i hop, det vert harmonisk og fint uansett. Slik er det ikkje med andre slags fargar, og eg var spent på kva utfallet ville verte, då eg - i løpet av tre ulike garnbutikkbesøk, skaffa meg dette garnet.



Det er fleire veninner av meg som har gått med fine, store, kule magar i haust, og slik kom Askelad-garnet til å verte små barselgåver som snart skal sendast av stad. Og sjå her - er det ikkje utruleg, kor ulike uttrykk dei same fargane, i ulike kombinasjonar gjev? Den ljose blå, asurblå er felles i alle, og kombinert med høvesvis mørk blå, mørk grøn og ljosegrøn.





Det vart ei god røynsle og fine små luer, så eg tenkjer det vert både brune, grå, raude og blå tonar i garnhylla framover.



søndag 2. november 2008

Kjensla av Haust


Ute var det mange minusgrader og snøen låg som eit kvitt dekke over grasstubb og steinar. Skumringa byrja alt i firetida, og det var ikkje lenge før det var heilt mørkt utom glaset. Men inne var det godt og varmt, i omnen spraka det godt frå den tørre bjørkeveden, talgljosa lyste opp i glaskarmen i kjøkenet og kjensla av Haust fylte alle krokar. Berre ein ting mangla: Eplekake! For det vert ingen retteleg fredagskveld i slutten av oktober med mindre ein har lun eplekake og rykande varm krydderte!


 Bibliofiolens Spesial: Rom og rosinkak' med eple

Legg 100 gram rosiner i ei skål og ha over 4 matskeier rom.

Kutt opp 4 store eple i båtar.

Rør 150 sukker og 150 margarin kvitt, og ha i to egg.

Vend 150 gram sikta kveitemjøl og 1 ts bakepulver inn i røra.

Legg halvparten av deigen oppi godt smurt form. 

Fordel eplebitane og rosinane oppå, og legg så resten av deigen over.

Deigen er  nokså seig, men det gjer ingen ting om han ikkje dekkjer heile forma, dette årnær sæ når kaka står i omnen.

Til slutt har du på omlag 50 gram valnøter  på toppen, og strør med noko lite perlesukker.

Steik på nedste rille i omnen, 175 grader omlag 1 time. 

Kos dykk!