lørdag 25. oktober 2008

I vinden


I dag har eg vore i vinden!

Med flagrande hår mellom dansande trekroner, og med snøgge steg over gamalgult lauv.  Vel inne i huset att sjuga beinlausen kring nova, ruska i taket og la seg mot glasruta så ein radt kjende vinden var på veg inn! 

Det er mange som har vorte inspirerte av slike luftmassar i rørsle, og mange assosiasjonar og liner sprett også opp i hugen min ved tanken på vind. Det vert vanskeleg for meg å velje, når det står mellom Hauge, Garborg og yndlingstullediktet mitt frå ein god del år attende i tid. Men, køyr på, køyr på seier mitt indre, ein overdose poesi må folket vel tole. Det er som når eg tek meg ein durabeleg støyt tran, etter å ha gløymt det ei vekes tid. Ta att det tapte. Correct me if I'm wrong når eg trur at Folket ikkje har for vane å sköta sin själ med dagleg poesi. Eg seier det berre, rett ut, lyrikk og (torske-) lever, av dét treng ein daglege dosar for å best mogeleg ivareta sitt legeme og sin sjels helbred.

Me byrjar klassisk. Eg har i løpet av denne komatøse dataperioden vore på Jæren, og når i tilleg Ruskeveirdiktet, som eg likar å tenkje på det som, er eitt av dei fyrste som kjem meg i hugen når det sjugar og beinlausen ranglar, då er det ingenting som høver betre.

Veslemøy ved rokken 

D'er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute
han gamle Mons i Ro.

Der ligg han trygg og drøymer
Og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.

Og segjer ingin Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.

Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mèl.

Ein kan aldri tenkje på vind utan å tenkje på Olav H. Iallefall kan ikkje eg dét. Olav og biletvevarinna som gav honom ei plate med Bach og Händel. 

Du var vinden

Eg var ein båt utan vind. 

Du var vinden. 

Var det den leidi eg skulle?

Kven spør etter leidi, når ein har slik vind! 

Til slutt eit, etter mitt hovud brilliant lite vers. Eg minnest ikkje skrivaren, orsak, men diktet er eitt av dei eg ber med meg og vert glad av kvar gong eg finn det for godt å seie det høgt. Eg hugsar godt fyrste gong eg las det - hoho, tenkte eg, fjellet i tralten sin, og så kyllingen då! Dette er det ultimate påskediktet (men det kjem med her på grunn av den fine solgangsbrisen til slutt)

Fjellet veit ikkje det er påske.

Det held det gåande i same tralten.

Og så kyllingen, stakkar, som var blitt slik i vinden! 

Ha ein framleis herleg haust, der ute i vinden, og hugs:

LØV is in the air! God helg ;-) 

Alle bileta: www.flickr.com

8 kommentarer:

Ragnhild sa...

Fine, haustlege dikt! Eg var ute i vinden i dag. Herleg å kjenna korleis han riv og slit og freistar riva ein i koll. Og godt å koma inn og høyra korleis han baksar mot veggene. Naturen er levande om hausten:-)

Lilledora sa...

Nydelige høstdikt, liker godt Garborg jeg da, syns jeg ser hvor godt Gammel-Mons kroar seg i ovns varmen. Idag er det stille her, men hvor det blåste i går kveld og natt, trodde nesten at vindkasta tok med seg det "lille røde huset på myra" og slengte det ned en gudsforlatt plass, men heldigvis da vi våknet i dagtidlig, var vi akkurat der vi skulle være.
Velkommen tilbake, har savnet deg.

Astrid sa...

Heisann!
Takk for hyggeleg kommentar på bloggen min, ikkje minst kjekt slik at eg fann denne koselege bloggen din:) Her har eg lyst å kome att, så eg har allereie lagt deg til på bloggrullen min!
Ser at du har mange fine dikt her, eg likar spesielt godt i Olav H. Hauge.
Ha ein fin søndagskveld! Her masar minstegut om å få lese bok, så då lyt eg lausrive meg frå skjermen:)

Kathrine sa...

Nok en grunn til ikke flytte sørover igjen:-)VIND! Her har vi vind, vi er i vinden hver dag. Og når det er stille, er det noe som mangler. Men i høst har det vært fryktelig stilt, så på hytta i helga kom en flott storm. Ungene lo godt da de nesten ikke fikk opp døra i vindkastene, for å gå ut i mørket og pusse tennene.

Kos deg i vær, og vind!!

Landliv sa...

Herlig å lese...

Signerer deg,- klart vi må treffes igjen snart! Men jeg våger meg nok ikke til lunsjtreff... forsto jo fort at vi ikke har lunsj men lunsjSEMINAR!!

Klem fra meg

Marie sa...

Å så kjekt det var å kome inn her til deg i dag! Tenk at du har skrive Veslemøy ved rokken, yndlingsdiktet mitt frå ei av lesebøkene me hadde i småskulen.

Bloggen din er det verkeleg klasse over! Og nynorsken din er heilt herleg!

Ønskjer deg fine dagar framover :)

Ugla sa...

Mange forfattarar har skrive flotte haustdikt. Du ha kanskje plukka ut dei finaste. Dikt er fint på nynorsk, seier somme. Det er fint på bokmål ogpå svensk og finsk. Eg tenkte å sitere nokre strofer frå Høstvise av Tove Jansson, men så sit eg her heime- med nasen i ein klut- og hostar og nys,og då gidd eg ikkje bruke krefter på å finne fram dette diktet. Men i hovudet sviv nokre liner av Jens Gundersen. Det kostar meg lite å sitere dei: Vinden rider lett på sky.
No vart det berre ei line - resten forsvann ut i dagen. Men berre vent til eg kjem til ein viss plass, då skal du få heile diktet.
Då skal eg sende det til deg i posten - "da kosta æ på eit frimerke, for da skjøtte æ itj pæng" for å sitere eit anna dikt. Host og hark frå den krimsjuke

Kathrine sa...

Staakar hund da:/ Og ja, husker denne ballen ja. Gammel og utslitt, men god:) Skjønner han ble ganske lang i maska, bra den ligg til tining.

Frost her ja. Vakkert, men kan godt komme snø nå. Ulempen ved kysten er jo mildværet som kommer etterpå. Slår aldri feil. Har slitt ut mang en brodd, for det bruker jeg. Hørte ei historie om ei gammel dame i nabogata her for noen år siden. Hun brukte IKKE brodder, det var for gamle folk...nemlig! Hun var over 70.-)

Kos deg i vinterværet, og hils J

:-D