tirsdag 21. oktober 2008

Faderullan

Eg får FNATT og vert GAAL.

Det er i dag 24 dagar (forøvrig eit lukketal, men ikkje i denne samanhengen, nei ;-( ) sidan eg levera den *X@!!¤§ maskina til Telebutikken Ullevål (eg ser ingen grunn til ikkje å ureklamere for dei om dagen). Då eg levera, sa dei at reparasjonstid og sending fram og attende og alt ville ta 14 dagar, maks 17-18. Eg har vore TOLMOODIG, og ikkje masa mest nokon ting, men i dag ringde eg.

"Åå, ja, hva var navnet ditt igjen? Og telefonnummeret? Hva gjaldt det, sa du?" Ho skulle ringe oppatt når ho hadde funne ut av denne INTRIKATE saka (=kvar er maskina no, og kva er status.) Etter mange timar hadde ho framleis ikkje ringt, og eg ringde på nytt. EG HAR BESTEMT MEG FOR Å VERE STRENG. Det er nemleg eit stort problem å vere skrivemaskinlaus! To oppgåver ventar på meg, og varsellampene som set i gong når det er på høg tid å kome i gong med skrivearbeidet, dei har allereie blinka ei stund. Nett no står dei og lyser intenst! Innleveringsfristen nærmar seg, og pulsen aukar. Skal eg byrje å skrive for hand?! Som i gamle, IKKJE gode dagar, for kor lang tid går det ikkje når ein skal skrive 7 utkast og misser klypp-og-lim-funksjonen slik at ein faktisk må skrive av alle lov- og forskriftstekstane frå lovdata.no.

Eg ringde på nytt altså. Det var ei ny dame. "Hva gjelder det, sa du? Hvem har du snakket med? Hva var navnet igjen?"

Kjære Telebutikken, eg seier det berre, De høyrer frå meg! Om ikkje to-tre daglege telefonoppringjinar er verkemiddel godt nok, lyt eg byrje å troppe opp i butikken kvar ettermiddag på veg heim frå skuledagen. Butikken er liten som eit kott, og DET skal de vite, at eg sit ikkje i eggeskalkvite auditorium og luktar parfyme heile dagane lenger - hånei, her er det besetningsmedisin og storfe på fullfôr og i høglaktasjon som gjeld, og då talar me kusjit! Flytande sådan. Det kan hende mitt Daglege Grimme Åsyn vil få fart på fisen.

Og for å ha det sagt: JA, denne daud-datamaskin-episoden støttar ABSOLUTT opp under mitt hat mot tekniske ting generelt, og tekniske ting som ikkje fungerer spesielt. It feels baaad -

3 kommentarer:

Kathrine sa...

Ja, noen ganger skulle en hatt hodeskalleknapp på tastaturet ,-)
Lett skal det ikke være nei!! Men lykke til med oppgavene:-))

Kathrine

Viola sa...

Du burde be om lånemaskin, dette kan du ikkje finne deg i.

Ugla sa...

Faderullan dei og hei på deg.(les det som om du var eit bokmålsmennesk).
Har høyrt rykte om at maskina di er frisk att. No ventar vi i spenning på kva du har opplevd den siste tida. Mangt må det vere, sidan du ikkje har vore framom skjermen eit bel. Driv du kanskje med eit spit eller noko saum i fritida? Eller les du helst? God helg frå oss.