torsdag 4. september 2008

Gjer ein annan mann ei beine




Han kom or fjellet, skulde heim,

fekk føring ifrå Osa

ut til Øydvinstò.

Og han var raust

og baud betal.


Men Osamannen

var ikkje fal:


Eg vil betala;

eg kan ikkje nå deg

med ei beine att.


So gjer ein annan mann

ei beine då,

sa Osamannen,

og skauv ifrå.

                                             Olav H. Hauge



Kjenner dikt-hyrnet er ein god stad å vere om dagen.
Då eg kika gjennom bileta frå Vestlandsturen og fann desse frå Osa, sa det seg sjølv. 
Eg kom også til å tenkje på dette med å gjere einkvan ei beine -

Då eg gjekk heim frå skulen i dag, kom eg forbi ein liten veg der det stod ein rullestol i grøfta. Stolen var tom, men beint nedom låg det einkvan. Det var ei kvinne, vaksen, gamal, mager og med fillete klede. Ho var så veik - sikkert kald, sikkert våt, men ville ikkje ha hjelp, ville ikkje opp. Orka såvidt tale, kunne fortelje ho var utskriva frå sjukehuset i dag tidleg, var på veg til sosialkontoret. Kor lenge hadde ho lege der? Dei fleste berre strena forbi - ettermiddag, veit du, travelt, heim frå arbeid, heim til middag og kaffikoppen. Heldigvis var det ei til som kom og stod der saman med oss, me fekk ringt etter sjukebilen og ho fekk vonleg den hjelpa ho trong. 

Det var så vondt å tale med henne, ho var så motlaus, vonlaus - ville ikkje ha hjelp, ville berre liggje der, orka ikkje meir. Det var vanskeleg å høyre kva ho sa, men ho fortalde at ho ikkje hadde nokon, og i går hadde dei tvangsinnlagt henne. Ingen stad var heim. Ingenting var verdt noko.

Kvifor er me så redde for å stogge opp? Når einkvan ligg der hjelpelaus og åleine. Redd for å verte involvert? Redd for å få riper og arr i hornhinna, få uklåre soner i den perfekte verda ein elles går omkring og er konge i? Det er utruleg trist. Det hjelper ikkje å blunde. Hjelper ikkje å sove. Du skal ikkje sove, men heller gjere som Osamannen - og ein dag er det kanskje du som får ei beine att, når du treng det. 



Stream nest. Alle bilete frå Osa, inst i Hardangerfjorden, juni 2008

8 kommentarer:

Torunn sa...

Så sant så sant! Men så godt at du og den andre kom forbi og gav ei hjelpande hand! Sjølv om ho ikkje ville ha hjelp, så gav de ho nok ei lita gnist av glede, ei lita gnist av håp om at verda ikkje er så vond som den alltid kjennes,- at det faktisk er nokre der ute som er villige til å løfte ei hand for andre og ofre litt av seg sjølve!

Kva differensiering du tar? Lukke til med siste innspurten!! Det er utruleg godt å vere ferdig. Heilt fantastisk å vite at ein ikkje må bort til Oslo igjen. Neste gong kan eg reise bort fordi eg har lyst. ;)
Og så er det jo så kjekt å planlegge bryllup. :) Berre 2 veker att no, så er all planlegginga og dagen over.

Lukke til med innspurten i Oslo!! Det går nok kjempeflott!!!
Du skriv utruleg flott! Ein kjekk blogg å kikke innom! Eg har ikkje somla meg til å legge deg til på blogglista mi, men det skal eg gjere med ein gong. ;)

Ugla sa...

Så godt at det enno finst samaritanarar. At det finst nokre "der ute" som lever etter Arnulf Øverland sine ord "du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv".
Du var der til rett tid og fekk hjelpe den gamle kona.
Du skriv så godt om hendinga at eg ser det for meg, og eg kjenner det gjer vondt i hjarta at somme har det så vondt at dei ikkje vil leve.
Fivrel, du burde vore diktar. Eller rettare sagt. Du er det.

Lilledora sa...

Så godt at det var du som kom forbi og fann stakkaren. Håper at hun har det bra nå, og at det er noen "der ute" som tar hand om henne. Du skriv så godt at jeg ser hele bilde.

Torunn sa...

Ja, produksjonsdyr er noko eige!! Eg endte opp med smådyr som mi differensiering, men det var fordi eg vart anbefalt det av nokre veterinærar her. Eg er glad for det no... Kjem jo aldri til å ende opp med ei heilt ordentleg kombinertpraksis som dyrlege i ei lita vestlandsbygd eg.. Med ein bonde som snart er min mann er ein ikkje så flyttbar.. ;) Men, men...har no ein haug med storfe eg kan behandle og øve meg på her. ;)
Lukke til med oppgåva!! Høyres spennande ut. Eg skreiv om geiter i mi oppgåve.
Skal halde utkikk og gje ein lyd dersom det er ledig nokon plass.

September sa...

Fine bilder, og så god du er til å skrive:) trist historie, men forhåpentligvis med en god slutt?
Takk for sist! veldig koselig å treffes som i "gamle dager":)

Marie sa...

Trist historie du fortel. Me tenker at nokon må sjå. Denne gongen var nokon nettopp deg...

Ønskjer deg ei fin septemberhelg tross regn :)

Landliv sa...

Så utrolig gripende! Både bilder, tekst og historien fra virkeligheten. Helt utrolig at man gikk forbi... vanskelig å si hvilke psykologiske aspekter som slår inn når man i den situasjonen ikke vil ha hjelp,- alt fra stolthet til apati og alle nyanser innimellom. Men langt inni hjertet sitt varmet det henne helt sikkert med gode mennesker som dere rundt henne. Også en tankevekker at hun i den tilstanden selv skulle komme seg rundt omkring...

Ord å tenke på her hos deg!

Marie sa...

Takk for kommentar!

Her hos oss har me fått to kalvar i dag. No skal eg og mannen min til heimstaden hans og vega lam. Det tek berre eit kvarter å køyre traktor dit. Kvart år køyrer me sauene og kalvane dit ut, og heim att om hausten.

Ha ein fin dag :)