mandag 29. september 2008

Alvorleg, men stabil

Datamaskina mi har gått inn i koma. Ho vart treigare og treigare over nokre dagar, og brått festa pila seg midt på skjermen og kunne ikkje least meir. Etter mykje om og men og fram og attende med butikken maskina kom ut av, er ho no levert inn - "på sjukehus", og mi vurdering av stoda og status er "alvorleg, men stabil". Doktoren sa kuren tok 3 veker, så eg må smørje meg inn med tolmod.

Faderullan.

Så det vert nok stilt ENDÅ ei tid framover er eg redd. Og så eg som har laga så mykje fint å syne fram, og har så fine haustfargar utom glaset. Jaja.

9 kommentarer:

Kathrine sa...

Rekner med du kommer sterkere tilbake:-)) Vår stasjonære maskin har vært på "sykehus" i over tre uker nå. Og det går mot ny maskin. Gleder meg, er litt lei av denne knotte-laptoppen jeg låner.

Ha en fin kveld:-))

Lilledora sa...

Heisann, så trist med PC din, håper at den kommer seg snart. Savner deg her i bloggverdenen

Ragnhild sa...

God betring til datamaskina! Gler meg til å sjå det du har å visa fram!:-)

Torunn sa...

God betring til pc'en og så ventar me i spaning på det flotte du har å syne fram til oss! :)

Kathrine sa...

Takk for gratulasjonen:-)) Ha en fin dag!
Kathrine

Landliv sa...

Vi venter på deg vi vettu! - håper den ikke er uhelbredelig syk da. Kanskje du har lagret altfor mange dyrebilder på den! ;-)

Ugla sa...

Fivrel, har du gått i hi Tek det så lang tid å fikse ei maskin - du som bur i hovudstaden og har alt rundt deg av reparasjonsgeniar? Eller tek eg feil.
Eg er redd du no er ei larve som har laga deg ein bustad i ein kokong. Men snart flaksar du vel med vingene att?

HomlisBomlis sa...

Er det lenge igjeeeeeen???
Æ klare itj å veint;)

Marie sa...

God betring :) Håpar at prognosen er god!

God helg :)