mandag 11. august 2008

Wien

Eit lite tjolahopp fraa Wien!

6 jenter paa tur i mektige slott, sirlege hageanlegg, med Strauss i öyro og Mozartkuler trillande gjennom kroppen. I dag har me tinga bord paa Hotel Sacher og har skyhöge forventingar og vakre kjolar med matchande sko og vesker for hövet... :-)

Förre veka var me 9 ferierande, i eit flott Tyrolhus i Seefeld. Der har me dingla i gondolbanar högt over dalbotnane, ete schlutsgrapfe og snitzel, sett blomeparadar og vandra timevis i bratte bakkar mot höge toppar. Seefelder Spitze, Reiher Spitze, hövesvis omlag 2100 og 2400 moh - og ikkje minst Geheren Spitze, omlag 2400 moh, der me gjekk fraa Leutach Klamm paa 1100 moh. Heilt til topps kom me ikkje, det viste seg lurt aa slutte medan leiken var god, men 1200 m opp og 1200 m ned - og mange meter bortover - vart ei stor oppleving paa alle maatar.
Her beitte tyroler graafe og sauer i bratte lier, haflingerhestar sprang omkring, det var ville geiter, og murmeldyr! Alpane er högst tilraadeleg for vandrarar med röynsle fraa norske fjell. Noko heilt, heilt anna enn det eg er vand med, og veldig flott. Eit utsyn utan sidestykke.

Snart ber det heimover, skal berre ha eitpar dagar med arkitektur og kultur fyrst; Den spanske rideskulen, Sachertorte, Am die schönen blauen Donau (??!! Eg kan framleis ikkje tysk, sjölv om eg har lärt meg mykje i löpet av denne veka :-) ...

So long!

3 kommentarer:

Ugla sa...

Wien, Wien , nur du allein...
Så flott at de har lagt inn både fjellturar og byvandringar på turen dykkar. Eg tenkjer at de har kosa dykk godt, både med det eine og det andre - Sachertortestykket. Eller vart det det wienerbrød? Det kjøper Hainn te mæ og æ kvar gong vi er ute på tur. Vi prøver nye konditori og bakeri - overalt, men det er no berre i vårt eige land.
Kos dokker før den nye skuledagen startar.

Landliv sa...

Takk for reiserapport fra det store utland og lykke til med studiestart!

Marie sa...

No er du kan hende heime att?
Gler meg til bilete frå Wien!

Hos oss går det i kalving for tida +jobb deltid utanom på oss begge så det er travle tider! Og travlare skal det bli...

Lukke til med studiestart :)