onsdag 20. august 2008

Når dagen minkar og lauvet vinkar...

Då er livet på veg attende i den gode, gamle tralten att.
Eg er attende i hovudstaden, vender kvar morgon attende til dei store, ærverdige bygningane med fjøslukt og krusedullar, og er atter i gong med kaffibryggjing og smaløygd tilstadevering tidleg kvar morgon.

Det er flott å vere attende på skulen! Gama å treffe att alle studiekameratane - etter fem år saman kjenner ein kvarandre godt, og det er faktisk herleg å vere attende i fagmiljøet og -sjargongen som fyller kvardagen. Nye oppgåver, nye utfordringar! Men med røynde, engasjerte læremeistrar i faget, som er der for oss og hjelper oss slik at dei bratte stega i læringskurva vert lettare å klive.
Dag for dag, stadig noko ny lærdom. Eit lite grann meir innsikt. Hakket meir røynsle. Det er utruleg gama, og gjevande - å lære.

Når ein ser bakover, går fem år fort. Det er ikkje lenge sidan me stod ved smijernsporten, nye og usikre på heile uvissa som venta. Samstundes kjennest det som ei æve - nett no er det som eg aldri har gjort noko anna enn å vere student og kudoktor i Oslo.

Skilnaden, og forståinga av den fullstendige metamorfosen, den valdsame utviklinga både fagleg og personleg som har gått føre seg i det stille desse åra - den får ein fyrst eit inntrykk av når ein går saman med dei som dette året er rykande ferske studentar. Larvane. 

Ja, for det er dét dei vert kalla. Det er det dei er...
Hehe, det er mange tradisjonar som skal haldast ved like ved slik ein "tung og tradisjonsrik institusjon" som skulen vår er.

Tradisjonar. Ritual. Riter. Som hjå stammer av urfolk som lever djupt i junglane eller fritt på store sletter. Nye stammemedlemer må innviast. Godkjennast. Prøvast.

Alt dette skal larvane gjennom, og i år er det me som er dei eldste i stammen. Kandidatane.

I dag har eg halde ei "tulleførelesing" for 20 unge håpefulle. Der sat dei, med store, forventingsfulle auge og opne sinn. Det faktum at eg presenterte meg som 1. amanuensis og Frk. Utøy, var det ingen som reagerte på. Kollegaen min, Myxine Doloré (i fri attdikting frå latin: Smertefulle slimål...) fekk heller ingen tvilande blikk mot seg. Me var autoritetar innan mattryggleik, og det respekterte dei. Sjølv når me presenterte tittelen på doktorgradsarbeidet vårt (Endemiske makroparasittar i serøse, akvatiske miljø  - med hovudvekt på maligne, bovine ungulatar av retrograd natur) - ja skjøn det den som kan. Det er rein bullshit, for å seie som sant er. Kusjit og fjøs. Men dei slukte alt rått. Bortsett frå ostekaka med spolormen i, då, eller dei daude mysene me dingla med framom dei interesserte nasane deira. Alt funne ved ein inspeksjon av ein storkiosk i Oslo.

Akk ja, sann, denne ungdomen, denne ungdomen. Dei har mange harde år framføre seg. For oss gamlingar er det i det minste godt å oppleve, få prov på at me HAR faktisk lært noko i løpet av denne tida. I det informasjonshavet me hektisk freistar halde oss flytande i, kan ein ofte få ei kjensle av at ein ikkje kan noko. Slik går det når ein samanliknar kunnskapen sin med spesialiserte lærebøker som skriv om utvalde emne på 1500 sider. Enkel lineavstand og skrift 10. 

Nuvel, medan dagen minkar og lauvet vinkar og sumaren seier takk for seg, held fivrelet seg framleis på vengjene, såvidt det er - freistar redde seg unna tutande trikkar og buldrande bilar, og menneskemengder større enn nokon sinne. Ein rapport i ny og ne skal eg nok likevel klare å sende ut frå denne kanten - 

6 kommentarer:

Lilledora sa...

Velkommen tilbake, koste meg godt mens jeg leste innlegget ditt. Det er moro og lure andre på en artig måte. Godt å se deg i bloggverden igjen og jeg venter spent på flere innlegg.
Klem fra meg

Kathrine sa...

Å, så glad jeg er ferdig med utdanninga mi jeg. Tenker på mine unger som snart skal finne veien videre...Men det er tid for alt:-))

Og apropo trafikk; prøv den i Amstedam du. Med trikker i trange(virkelig trange) gågater, 600 000 syklister som kjører deg rett ned(de har førsterett til det meste)...Men flott by da. Likevel, hytta/fjellet er nok paradis på jord.

Lykke til med studier videre:-))

Ugla sa...

Sjung om studentens lyckliga dag, låtom oss fröjdas i ungdomens vår!
Vonar at det siste studentåret ditt vert noko meir enn berre pugging.
For i et bittelite rom oppå loftet, har du seng og bord og vaskestell og et skap med skjørt og lusekofte, men du koser deg likevel. Eller:

Synes livet fullt av motgang, synes dagene for grå, det kan aldri bli så ille som den gang på N.V.H.
Mange år på harde benker, og du døset likeglad, mens de visne professorer tygget drøv på Gud vet hva. Studenttiden, gamle venn, gid den aldri kom igjen. Det var pengemangel, hybelnød og slit hvor du kom hen. Å, den by hvorom man sa var studentertidens stad, ga deg gnagsår på din hjerne som du aldri kommer fra.
Stemmer dette også i dag - eller er det berre toner frå gammeltlida då eg var student??

Lilledora sa...

Gratulere med dagen, kjære venn. Hilsen til deg i blogggen min.
Gla i deg

Marie sa...

Du kan skrive!
Eg storkosar meg på bloggen din :)

Lukke til med studia :)

Viola sa...

Fint å lese inntrykk frå møte med studiemiljøet på siste året. Gratulerer med dagen! Heldig med været var du også. K. og V. med to born har vore på segltur i dag. Var visst fin oppleving.