søndag 24. august 2008

August



August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.

Dette hemmelig milde innover jorden,
denne lyende stillhet:
Tal Herre, tal!
Dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.

Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsferd over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot Evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.

Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og kjærlighet.


Einar Skjæraasen



Eg kan ikkje tenkje meg nokon betre kombinasjon enn diktet "August" av Skjæraasen, og datoen i dag - den magiske talkombinasjonen ein støtt ber med seg og ventar mot, alle dei 364 andre dagane i året. Enno i dag, når eg for lengst har kome inn under definisjonen av vaksen (men på ingen måte kjenner meg som anna enn den lisle jenta eg allstøtt har vore), er det ei varm kjensle i bringa ved attkjenninga av dagen min på kalendrar, ja til og med dersom ein skulle vere så heldig at "best før-datoen" på mjølkekartongen inneheld dei trolldomsfulle tala.

Diktet skildrar for meg nett noko av dét som er så spesielt med denne månaden me no snart gjer oss ferdige med. Dette halvt disige, dulde; dei varme, hausttidlege skumringstimane, og morgonane med den fyrste eim av haust i skarp luft. Det er ikkje eigentleg merkbart - det er berre ein glimt, ei dogg, eit fjom - ei aning - noko er i kjømda. 

Det er hausten som kjem. Gylne dagar, lauv og korn og sol som gull over alle haugar.
Ei fantastisk tid, ei fanfare, eit avsluttingsnummer utan sidestykke!
Men likevel byrjinga på slutten. På undergangen. Byrjinga på den lange, kalde dvaletida. Og skulle ikkje august nettopp difor bere med seg ein melankoli - eit sug i bringa, når den siste rest av sumar glepp or hendene som var dei numme og utan kraft. Dogg av avskjed i mine hender.

August er grøderikdom og bognande greiner. August er søteplehaust og saftige, blodraude plommer. August er å verte sitjande i stilla i hagen, etter skumringstida, med levande ljos og nokon å stø hovudet mot når kvelden sig over i natt. Kjenne dei siste milde drag av sumar over kinna. Høyre svalene som samlar seg, klare for ferda mot sør. 



- Takk for alle gode helsingar i høve åremålsdagen! Det er godt å kjenne varmen når andre kjem ein i hug. Njot den siste augustveka som best de kan! :-)

onsdag 20. august 2008

Når dagen minkar og lauvet vinkar...

Då er livet på veg attende i den gode, gamle tralten att.
Eg er attende i hovudstaden, vender kvar morgon attende til dei store, ærverdige bygningane med fjøslukt og krusedullar, og er atter i gong med kaffibryggjing og smaløygd tilstadevering tidleg kvar morgon.

Det er flott å vere attende på skulen! Gama å treffe att alle studiekameratane - etter fem år saman kjenner ein kvarandre godt, og det er faktisk herleg å vere attende i fagmiljøet og -sjargongen som fyller kvardagen. Nye oppgåver, nye utfordringar! Men med røynde, engasjerte læremeistrar i faget, som er der for oss og hjelper oss slik at dei bratte stega i læringskurva vert lettare å klive.
Dag for dag, stadig noko ny lærdom. Eit lite grann meir innsikt. Hakket meir røynsle. Det er utruleg gama, og gjevande - å lære.

Når ein ser bakover, går fem år fort. Det er ikkje lenge sidan me stod ved smijernsporten, nye og usikre på heile uvissa som venta. Samstundes kjennest det som ei æve - nett no er det som eg aldri har gjort noko anna enn å vere student og kudoktor i Oslo.

Skilnaden, og forståinga av den fullstendige metamorfosen, den valdsame utviklinga både fagleg og personleg som har gått føre seg i det stille desse åra - den får ein fyrst eit inntrykk av når ein går saman med dei som dette året er rykande ferske studentar. Larvane. 

Ja, for det er dét dei vert kalla. Det er det dei er...
Hehe, det er mange tradisjonar som skal haldast ved like ved slik ein "tung og tradisjonsrik institusjon" som skulen vår er.

Tradisjonar. Ritual. Riter. Som hjå stammer av urfolk som lever djupt i junglane eller fritt på store sletter. Nye stammemedlemer må innviast. Godkjennast. Prøvast.

Alt dette skal larvane gjennom, og i år er det me som er dei eldste i stammen. Kandidatane.

I dag har eg halde ei "tulleførelesing" for 20 unge håpefulle. Der sat dei, med store, forventingsfulle auge og opne sinn. Det faktum at eg presenterte meg som 1. amanuensis og Frk. Utøy, var det ingen som reagerte på. Kollegaen min, Myxine Doloré (i fri attdikting frå latin: Smertefulle slimål...) fekk heller ingen tvilande blikk mot seg. Me var autoritetar innan mattryggleik, og det respekterte dei. Sjølv når me presenterte tittelen på doktorgradsarbeidet vårt (Endemiske makroparasittar i serøse, akvatiske miljø  - med hovudvekt på maligne, bovine ungulatar av retrograd natur) - ja skjøn det den som kan. Det er rein bullshit, for å seie som sant er. Kusjit og fjøs. Men dei slukte alt rått. Bortsett frå ostekaka med spolormen i, då, eller dei daude mysene me dingla med framom dei interesserte nasane deira. Alt funne ved ein inspeksjon av ein storkiosk i Oslo.

Akk ja, sann, denne ungdomen, denne ungdomen. Dei har mange harde år framføre seg. For oss gamlingar er det i det minste godt å oppleve, få prov på at me HAR faktisk lært noko i løpet av denne tida. I det informasjonshavet me hektisk freistar halde oss flytande i, kan ein ofte få ei kjensle av at ein ikkje kan noko. Slik går det når ein samanliknar kunnskapen sin med spesialiserte lærebøker som skriv om utvalde emne på 1500 sider. Enkel lineavstand og skrift 10. 

Nuvel, medan dagen minkar og lauvet vinkar og sumaren seier takk for seg, held fivrelet seg framleis på vengjene, såvidt det er - freistar redde seg unna tutande trikkar og buldrande bilar, og menneskemengder større enn nokon sinne. Ein rapport i ny og ne skal eg nok likevel klare å sende ut frå denne kanten - 

mandag 11. august 2008

Wien

Eit lite tjolahopp fraa Wien!

6 jenter paa tur i mektige slott, sirlege hageanlegg, med Strauss i öyro og Mozartkuler trillande gjennom kroppen. I dag har me tinga bord paa Hotel Sacher og har skyhöge forventingar og vakre kjolar med matchande sko og vesker for hövet... :-)

Förre veka var me 9 ferierande, i eit flott Tyrolhus i Seefeld. Der har me dingla i gondolbanar högt over dalbotnane, ete schlutsgrapfe og snitzel, sett blomeparadar og vandra timevis i bratte bakkar mot höge toppar. Seefelder Spitze, Reiher Spitze, hövesvis omlag 2100 og 2400 moh - og ikkje minst Geheren Spitze, omlag 2400 moh, der me gjekk fraa Leutach Klamm paa 1100 moh. Heilt til topps kom me ikkje, det viste seg lurt aa slutte medan leiken var god, men 1200 m opp og 1200 m ned - og mange meter bortover - vart ei stor oppleving paa alle maatar.
Her beitte tyroler graafe og sauer i bratte lier, haflingerhestar sprang omkring, det var ville geiter, og murmeldyr! Alpane er högst tilraadeleg for vandrarar med röynsle fraa norske fjell. Noko heilt, heilt anna enn det eg er vand med, og veldig flott. Eit utsyn utan sidestykke.

Snart ber det heimover, skal berre ha eitpar dagar med arkitektur og kultur fyrst; Den spanske rideskulen, Sachertorte, Am die schönen blauen Donau (??!! Eg kan framleis ikkje tysk, sjölv om eg har lärt meg mykje i löpet av denne veka :-) ...

So long!