mandag 7. juli 2008

Uti vår hage..



I slutten av mai kom endeleg tida for kjøkenhagen, og etter grundig jordarbeid med fresing og tilførsle av store mengder handplukka hestelort (!) - stramma eg opp snøre og sådde i sirlege, beine liner. Gulrot, lauk og sukkererter i same teig som jordepli; og skvåsj, ringblom og erteblomar saman med kvitlauken og jordbæra som alt har vore der nokre år.



Dette biletet er frå midten av juni, altså omlag 3 veker etter såing.
Gulrøter og lauk, og lengst til høgre erter.

Nokre veker tidlegare sådde eg i plastkasser som me no har bore ut og inn frå kjøken til veranda i eit par månaders tid – basilikum, timian og sitronmelisse, solsikker, blomkarse og raud solhatt. Solsikkene vart planta ut i kjøkenhagen då dei var omlag ein månad gamle og 20 cm høge.

Denne solsikka er omlag halvannan månad gamal, biletet også frå midt i juni.



Jordbær til venstre, så ertegjerde, årsgamal kvitlauk, og ringblom- og skvåsjteigen med solsikker i bakgrunnen.



Skvåsj (Squash, courgette, zucchini...)



Så var me borte herifrå eit par veker, og på den tida hadde det jammen fròka til, dvs vakse godt. Altså, fyrst og fremst meldestokk, balderbrå, løvetann, vassarve, åkersvineblom, groblad ++...





Etter nokre dagar på kne, med foi i veret såg det sirleg og fint ut att ;-)



Solsikkene er no omlag ein halv meter høge, midt i juli, så eg trur neppe det vert rekordar i år.
Men det har vore godt hagevêr så langt, med vekslande varmeperiodar og regn.



Det eg kanskje var mest skeptisk til om eg greidde å få til, var dei aller minste mikrofrøa, som skulle gje opphav til varmekjære og nokså sensitive planter. Men dei har vorte dei aller frodigaste og finaste så langt – nemleg basilikum og timian. Sjå berre her!





Elles blømde rabarbraen også så fint for ein månads tid sidan.





Til slutt kjem ei lita oppgåve til alle gode hjelparar: Kva er dette?!
Det er eit stort og frodig felt der minnet har svikta. Eg meinte at det var anten oregano eller peppermynte som var her, men eg kjenner ikkje att desse blomane, og eg tykkjer ikkje blada har korkje oregano- eller peppermyntelukt-/smak. Tips?
Blada er nokså ru, går ut i ein spiss, og stenglane er no omlag 20-30 cm høge. Blomane er, som de ser, ljost blå og små, med fire kronblad. Planta har eit alvorleg rotsystem, minner om myntene. Framlegg om identitet og kva eg skal gjere med denne her, vert mottekne med stor takk :-)

6 kommentarer:

HomlisBomlis sa...

Du og du, for en flittig-Lise du er...!!
Jeg blir helt svett av å se de sirlige rendene dine.
Men solsikkene ler jeg bare av - for de så litt stusselige ut - mine er nå blitt ca 7 m - så jeg tenker den tevlinga endte 3-0 til meg - og godt er vel det - ellers hadde jeg brutt ut i krampegråt her og nå...!!
Koselig å treffe deg igjen!!

Kathrine sa...

Hører det er seint i G i disse dager ja. W hadde 3 + på setera på Søndagen. Trøsta er vel at dere har skikkelige vintre, det savner jeg:-)
Og så har du fått med en av mine vakreste blomster ser jeg, Kattauge, som vi kalte den som barn. Veronika. Kattunger har nydelige blå auger. Derfor navnet.
Og den planten du savner navnet på, kunne jeg godt sagt var rabarbrablomme uten beskrivelsen. Skulle vært ok så sett bladverket på den også. Legg ut bilde du...Sikker på at det ikke er pepparrot?
Solsikker ja. Har ikke så mange jeg i år, men de som har vært her før om åran, har blitt meterne ja. Gedigne frøklaser som vi har brukt som fuglemat om vinteren. Og et tips, plant ikke solsikker i melkekartonger eller annent småtteri før utplanting. Når rota når bunn, og det gjør den ganske fort, stopper delvis veksten opp.

Og til sist: Herlig stakittgjerde:-)

Marie sa...

Ja her veks og gror det godt ser eg. Når ein legg litt arbeid i det blir som regel resultatet bra.

Blomen du spør on namnet på trur eg må vere Tveskjeggveronika, 'Veronica chamaedrys'.

Ønskjer deg fine sommardagar!

Ugla sa...

Så fint det ser ut i hagen din. Det vert sikkert ei flott avling og. Det er ikkje noko betre enn å gå ut i hagen og hente inn salat og reddikar og urter og lage seg ein god salat. Og fråtse i jordbær; det er sommarlukke. Velkomen til min hage!

Fivrel sa...

Kathrine: Var noko forvirrande presentert her ser eg no, men du har svart lell - det var nemleg veronika'en eg ikkje visste. Det over var rabarbra, ja ;-)

AHA, tveskjeggveronika! Eg synest kattauga var eit endå finare namn. Det er berre ei prydplante, vel? Ja, det er ikkje "berre", men bør vel halde meg frå å snåle på denne då skjønar eg. Tusen takk for hjelp, K og Marie - så GODT å ha ein slik fin og effektiv plass å spørje om råd og vink!

Per i dag 10.juli er storsolsikka vorte 75 cm. Tjohoi!

Marie sa...

Eg har fått to awardar som eg deler vidare. Eg deler ein av dei med deg :) Kikk innom.