mandag 14. juli 2008

Prisutdeling


Eg har fått min fyrste såkalla "award" her i bloggarverda, frå Marie i Heimdalhagen.

Det er jammen mange nyord som kjem inn i språket vårt. Dei aller fleste tek me direkte til oss, gjer kanskje uttalen noko norskare, og etterkvart også stavemåten (no kan ein vel skrive både pøbb og sørvis, og det er mange år sidan det franske ordet chauffeur fekk ein mykje enklare skrivemåte). Dei fleste kjem frå engelsk. 

Eg slo difor opp i ei av favorittbøkene mine - Kunnskapsforlaget si Engelsk-norsk stor ordbok med sine 1210 sider, og fann AWARD (subst.): Pris, beløning (Med andre ord: Påskjøning), stipendium, erstatning.

Greitt nok det, eg har altså fått ein pris, ei påskjøning for ... blogginga mi? Det som nemleg var noko rart, var at BLOG ikkje stod her. Boka har 123 000 oppslagsord, så det er ikkje ordboka det står på i allefall!
Er dette altså eit heilt nykonstruert ord? Er det ikkje engelsk i det heile; er det internettsk?

Eg vil difor lyse ut ei tevling - finn, eller lag eit godt ord, eit norsk ord, det beste ordet - for blogging. Premie og heider og ære til vinnarordet! 

Når det gjeld denne prisen, vel, ja, eg har aldri vore god på kjedebrev og denslags.

Så eg dedikerer denne prisen vidare til alle de inspirasjonskjelder, de faste kommentatorar og artige og flinke folk der ute som deler tankane, bileta og kvardagane sine med meg og mange andre!

mandag 7. juli 2008

Uti vår hage..



I slutten av mai kom endeleg tida for kjøkenhagen, og etter grundig jordarbeid med fresing og tilførsle av store mengder handplukka hestelort (!) - stramma eg opp snøre og sådde i sirlege, beine liner. Gulrot, lauk og sukkererter i same teig som jordepli; og skvåsj, ringblom og erteblomar saman med kvitlauken og jordbæra som alt har vore der nokre år.



Dette biletet er frå midten av juni, altså omlag 3 veker etter såing.
Gulrøter og lauk, og lengst til høgre erter.

Nokre veker tidlegare sådde eg i plastkasser som me no har bore ut og inn frå kjøken til veranda i eit par månaders tid – basilikum, timian og sitronmelisse, solsikker, blomkarse og raud solhatt. Solsikkene vart planta ut i kjøkenhagen då dei var omlag ein månad gamle og 20 cm høge.

Denne solsikka er omlag halvannan månad gamal, biletet også frå midt i juni.



Jordbær til venstre, så ertegjerde, årsgamal kvitlauk, og ringblom- og skvåsjteigen med solsikker i bakgrunnen.



Skvåsj (Squash, courgette, zucchini...)



Så var me borte herifrå eit par veker, og på den tida hadde det jammen fròka til, dvs vakse godt. Altså, fyrst og fremst meldestokk, balderbrå, løvetann, vassarve, åkersvineblom, groblad ++...





Etter nokre dagar på kne, med foi i veret såg det sirleg og fint ut att ;-)



Solsikkene er no omlag ein halv meter høge, midt i juli, så eg trur neppe det vert rekordar i år.
Men det har vore godt hagevêr så langt, med vekslande varmeperiodar og regn.



Det eg kanskje var mest skeptisk til om eg greidde å få til, var dei aller minste mikrofrøa, som skulle gje opphav til varmekjære og nokså sensitive planter. Men dei har vorte dei aller frodigaste og finaste så langt – nemleg basilikum og timian. Sjå berre her!





Elles blømde rabarbraen også så fint for ein månads tid sidan.





Til slutt kjem ei lita oppgåve til alle gode hjelparar: Kva er dette?!
Det er eit stort og frodig felt der minnet har svikta. Eg meinte at det var anten oregano eller peppermynte som var her, men eg kjenner ikkje att desse blomane, og eg tykkjer ikkje blada har korkje oregano- eller peppermyntelukt-/smak. Tips?
Blada er nokså ru, går ut i ein spiss, og stenglane er no omlag 20-30 cm høge. Blomane er, som de ser, ljost blå og små, med fire kronblad. Planta har eit alvorleg rotsystem, minner om myntene. Framlegg om identitet og kva eg skal gjere med denne her, vert mottekne med stor takk :-)