søndag 1. juni 2008

Allstøtt solskin i mai...

Det er jamvel allstøtt sumarvarme i mai!
Minnest de i fjor? I Sør- og Aust-Noreg var det iallefall steikjande varmt i heile mai, og ein 14 dagars tid ut i juni. Og slik er det urovekkjande ofte! Ikkje det at eg ikkje unner dykk alle sol og varme og verandalukke og solbrune kroppar.
Slett ikkje.

Det er berre dét, at ein eller annan GLUPING har kome på at ÅJA, så LURT, me legg alle eksamenar i verda, i livet, i eit 20 år langt skuleliv - til våren! Til den vakraste og herlegaste årstida, til årstida når kroppen byrjar vakne til liv og energi att etter månader i dvale. Når utferdstrongen er størst, når ein berre har lyst til å vere utandørs og springe omkring og oppleve fuglesong og bekkjebrus, blømande lier med kvitveis eller løvetann eller angande hegg - DÅ skal ungdomen haldast innandørs.

Bak lukka vindauge (for å sleppe å verte oppeldna av livleg fuglekvitter), bak attdregne gardiner (for å sleppe å vite at det er 25 grader og sol ute) - der sit me.
Med nasen i ei bok, ein perm, ei notatblokk. Huda bleiknar og senebetennelsane vert kroniske etter tallause timar med datatasting og hundrevis av sider med sirleg handskrivne notat.
D-vitaminmangel og nærsyntheit, dette er bagatellar; tennene rotnar og magen vert sur (kaffi for at hovudet skal fylgje med på farmakokinetikk eller patogenese ved utvikling av laminitt - 20 timar i døgeret, og middag har ein ikkje tid til å lage. Frustrasjonen i den rastlause kroppen vert stilt ved å ete fishermans friend, läkerol, tyggis, mørk kokesjokolade, bringebærdrops - ANYTHING som hente heim eit snev av konsentrasjon).

Eg skjønar det nok. Det er ein konspirasjon. Det er samfunnet. Det er brød og sirkus.
Det er ein godt løynt måte å fange og temje ungdomen, halde dei inne når livslysta er på det sterkaste, dempe den ekstatiske gledekjensla som strøymer gjennom kroppen når vårmånadane kjem. Hindre dei potensielle skadegjerande konsekvensane. Dei kunne jo kome til å spreie gleda og lukka si out in public, for God's sake! Men nei då, det fungerer, me sit inne, flinke som me er, frå fyrste tentamen våren før ein fyller 13 år, til siste og avsluttande eksamen når du er 26.
Når eg spaserer ut smijernsporten åt den ærverdige høgskulen med fjøslukt og hestevrinsk midt i Oslo, juni neste år, avsluttar det 20 års skulegang, og 13 år med forsvunne vårar.

Dette er ein ode til alle flittige, tolmodige og ambisiøse studentar - hald ut!


Det kjem ei tid ETTER eksamen (viss du stod), og då har du ei sumartid å njote (dersom karakteren var så brukbar at ikkje samvitet og angeren invaderer deg), og sola skal skine deg gyllen og sprek (MEN, erfaringsmessig og statistisk - det har ein viss tendens til å verte regn og kjølege temperaturar straks siste arket er levert til ei krokete eksamensvakt). 

Eg vonar det er verdt det. Om ikkje anna, har iallefall eg opparbeidd meg ei imponerande mengd kuriøs kunnskap om dyras ve og vel og kan gjere det stort innan grøn kategori i Trivial Pursuit.
If you have any questions concerning sentralnervøse problem hjå smågris, brunstmangel hjå storfe eller nymfomani hjå hest - feel free to ask. Any time. Eg er nok tilgjengeleg. Eg sit nok helst og les tenkjer eg. 


Ein smudi i solskinet - mmm!



Over til noko HEILT anna.
Eg har fått ei utfordring frå Marie, og here goes:

1. Kva for nokre 3 namn går du under?
- *Fornamnet mitt*
- Du
- *kjem bort med øyro opp og tunga ut og kvikke auge medan halen lograr* (hundens måte å tiltale meg)

2. Nemn 3 ting som skremmer deg:
- At noko alvorleg skal hende med familien min og dei eg er glad i
- Menneske som er vonde
- Rovdrifta åt menneska på naturen og jordkloden. 

3. Nemn 3 ting du helst/ofte har på deg:
Ullundertøy, ullsokkar og hårstrikk ;-)

4. Nemn 3 sanningar om deg sjølv:
- Eg er flink til å bake brød, fancy sjokoladekaker og kanelsnurrar; men ikkje like flink til å rydde opp etterpå...
- Eg kan nok heile Pride and Predjudice (Jane Austen) utanboks (Oh, my dear Mr. Bennet!)
- Eg drikk vanvittig mykje te.

5. Nemn 3 ting du gjerne vil ha:
- Om kalvehelse og hormonbehandling ved asykli hjå storfe på eksamen tysdag.
- Drivhus; sekskanta med Kina-krumma tak og dobbel-dører som opnar seg mot ein angande og bugnande rosehage med smijernsmøblar og ein katt som søv oppi kattemynte-bedet.
- God helse, flinke hender, godt hovud og varmt hjarta (reknar dette som éin ting eg, sidan det er 4H-lovnaden som eg jo har vore lojal mot i alle dei år ;-)
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~  
-Finn næraste bok
-opne henne på side 123
-finn den 5. setningen
-tag fem nye.

Eg må fyrst opplyse om at dette ikkje er så frykteleg interessant kanskje, men... :-)
"Some lambs may show skeletal abnormalities such as arthrygryposis and excessively long legs."
Dette er då frå Diseases of sheep av I.D. Aitken. Og handlar om Border Disease, forårsaka av eit Pestivirus. Sjukdomen er også kjent som "Hairy shaker" fordi lamma vert veldig lodne og får skjelvesymptom. Så no veit du det!

Eg får vel "tagge" mine nære og kjære:
Lilledora
Homlisbomlis
Landliv
Bibliofiolen
Kathrine

16 kommentarer:

Kathrine sa...

Lykke til på eksamen på Tirsdag:-))) Det går så bra så. Og snart tar vi med katta til deg om det skulle være noe...))

Ser du har tagga til meg. Har to nå, kveldsarbeid det må bli. Får snart besøk av en familie som ville på hagevandring i hagen her:-) Skal bli koselig.

Har tagga en gang på orntlig faktisk. Jeg, ene søstra mi T og ei vi gikk i klassen i på Lillehammer. En svær klovn i rødt, sort og hvitt. Kjempefin, på en vegg ved elva.Tror det var en hotellvegg eller noe. Mene å huske den kom i avisa også, men kanskje jeg husker feil. Vi gjorde så mye rart på den tia. Kald det gjerne kreativitet(?) Artig tid.

Ha en strålande dag, og krysser fingrene for deg på Tirsdagen.

Ugla sa...

Lukke til,fivrel. Du er så flittig og hardtarbeidande at du fortener å gjere det bra. Eg vil gjerne vere på laget ditt når vi spelar Geni eller T.P. Hald ut dei 10 siste dagane. Dersom det går godt, skal du få ein revybillett av meg - og går det litt mindre bra, treng du revybilletten til å le av andre. Men det vert ikkje teaterbesøk før i september, og då har du nok gløymt - eller fortrengt- alle eksamenstankar.
Vi får vone at sola skin også etter 10.juni, og at det i mellomtida har kome ei regnskur eller to, slik at ikkje alt vert brunt og avsvidd. Det er ikkje alle som har ei elv i nærleiken som dei kan vatne hagen frå.
Ja, ja , så lydig er eg at eg tok den næraste boka , slo opp på side 123 og las om Camille som virra rundt i husveret til Philibert, i herrepyjamas! Ja, og kva så???

Lilledora sa...

Skal tenke på deg igjen på tirsdag, og jeg begynner allerede nå og sende deg gode vibber. Sola skinner vel etter 10 juni og skal man tro, og di kan DU nyte den med god samvittighet. Skal svare på den taggerten siden, nå må jeg ordne meg til i morgen.

Landliv sa...

Det var svært foruroligende med beskrivelsen din, spesielt all tannråtningen selvsagt! :-D

Men snart kommer du ut av boblen din og ut i verden. Det merkelige er bare at når man plutselig er ferdig så føles det så tomt og rart og merkelig - men det varer jo ikke lenge da.

Tenker på deg - lykke lykke til!!

(Takk for oppfordringen vedr. spm men jeg har aldri tålmodighet til å svare på sånne spørriser.)

Landliv sa...

Å ugla: Er det boken av Anna Gavalda du slo opp i? Filmen fra boken heter Ensemble c'est tout tror jeg.

Marie sa...

No er eksamen over, håpar at det gjekk greit!
Du skriv så levande at eg lever meg heilt inn i det du skriv. Eg likar så godt den flotte nynorsken også!

Eg kosar meg inne hos deg.

Ja, kan du forstå at eksamen skal vere på den finaste tida av året? Skal du bli veterinær kanskje?

Ser at du har lagt visdom frå meg i sideelementet ditt. Må kanskje presisere at det er ikkje min visdom, eg fann sitatet ein stad. Men eg har jo gjort det til mitt da.

Håpar det blir fint ver og dagar å nyte når eksamen er unnagjort :)

Lukke til med resten av eksamen :)

Lilledora sa...

Vil bare gratulere deg med kjempeflott resultat. Stolt av deg og glad i deg. Klem

Tora sa...

Håper det gikk bra på eksamenen din, og at du nå nyter sola og sommerværet helt på ordentlig! Og den smootiesen så deilig ut, så deilig at jeg sporenstreks må lage en jeg og :-)

Ha en fin dag!

Hilsen Tora.

Lilledora sa...

Fivrel, den siste eksamensdagen din, er vel ikke jeg her i gammel.landet, så jeg begynner å sende vibber allerede nå jeg.
Takk for koselige hilsner på begge bloggene mine. Koselig at du liker Lilledoras produkter.

Marie sa...

Skulle gjerne hatt deg som dyrlege i fjøset eg :) Dei dyrlegane som jobbar her er skikkeleg trivelege folk så du hadde fått kjekke kolegaer også.

Håpar berre ikkje det minkar så mykje på gardane at dei må lage større distrikt, kan bli lenge å vente om det skjer noko akutt.

Me har sina av kyrne og i dag har me sleppt dei på beite. Då me skulle ha dei ut oppdaga me at ei har fått jurbetennelse. Har gått og kjent dei på juret og, men ikkje lett å oppdage når dei ikkje skal mjølkast. Så no ventar me på dyrlegen...

Lukke til på resten av eksamen :)

HomlisBomlis sa...

Grattis med nok en nuuudelig eksamen!

Jeg leverte min hjemmeeksamen i dag -og har nå offisielt sommerferie.
Men du, - hvor er bildene av solsikkene dine??
Har de krepert - eller er det en annen skummel grunn til at du skjuler dem for omverdenen??

Fivrel sa...

Homlisbomlis - gratulerer med innlevert, åh, det er verkeleg ei bør av skuldrene :-)
Solsikkene ja. Det er faktisk ei enkel og grei forklåring:
Då Bibliofiolen var her på besøk for 2 veker sidan fekk ho det digitale kameraet sitt att, og på den tid var solsikkene så små at eg ikkje hadde kome i hug å fotografere dei. MEN no i dag er eg og hainn te mæ heilt nybakte og lukkelege eigarar av eit digitalt fotoapparat - JUHU! Så snart kjem solsikkene på nett. Eehh, bortsett frå at dei er jo ikkje så store, då... Eg satsar sterkt på at hestelorten eg har putta rundt skal få dei til å skyte i veret snart! ;-)

HomlisBomlis sa...

Hestelort??
Det er på grensa til juks, altså....!!

Fivrel sa...

Juks?!! Då må ein jo rekne det som juks å vatne også...! Etter det eg trudde hadde solsikker 4 basalbehov:
- jord
- vatn
- sol
- næring, i form av ein eller annan slags gjødsel, om det måtte vere frå hestar, høner, kaninar, gjæra brennesle eller kvite kuler.

Men du, eg trur du vinn likevel, i allefall om eg skal døme etter dei lange stenglane du har bilete av på sida di! :-)

HomlisBomlis sa...

Javel - da må jeg snike meg ut en dunkel sommerkveld - på jakt etter lort i alle former og størrelser.
Ellers blir det urettferdig!!!

JEG OG VIL HA MØKK!!

Bente Jorunn sa...

Gama blogg!
God blogg!
Eg susar gjennom alle innlegga eg, grådig som eg er...

Men når eg las om eksamen og vår måtte eg skrive ein kommentar, eller betraktning kan ein kanskje seie.

For eg har jo opplevd dette grusomme. Å sitte inne medan det steiker ute, å måtte søke til brune pubar for å få lesero (Kristiansand), å høyre på galne grekerar som har grillfest med alle eksotiske herlege matrettar ein kan tenke seg (England) eller å ikkje ein gong ha fred nokon stad til å konsentrere seg (sambuar i Oslo).

Men kva skjer når ein er ferdig? Når den siste eksamen er tatt fordi ein fant ut at no skulle ein ut i verda og tjene eigne pengar?

Jaudå: Det er plent det same då.
Mai: Veldig mange arrangement som må dekkast, både i tide og utide. Dei politiske møta tek ikkje ferie, tvert om. Og sport, det held dei på med heile året...
Men fordelen er jo der au: Når klokka er tre eller fire eller fem så kan ein seie at no er det nok. No går eg.

Også går ein ut i sola.
Så eg får konkludere som du: Hald ut...