tirsdag 10. juni 2008

Melding til folket

For nokre dagar sidan slo tora over dalen vår.
Regnet sila ned, lynet blinka og det dundra i fjell og merg og bein.
Jorda skaka, og mørkt vart det. Mørkt. Midt på dagen.

Då vinden mot kvelden dreiv skyene bort, ljosna det att.
Hagen var nyvatna, grøn og fin, og lufta var så klår og frisk og rein.
Heile naturen hadde vaska seg! Grundig ;-)

I huset var det framleis mørkt, men då me vrei på eit par brytarar i det grå skåpet vart det ljos!
Men vart det internett?! Neidå. Tor med bukkane knerta modemet vårt, så det vert ikkje så mykje lyd herifrå på ei lita stund.

Vi har dog NVH! Og når hesten no har fått stadfest sinusitt i venstre maxillarsinus; eller var det myxomatoma concharum et ossificum fascialis (svulst i bihola)? - ja då ser eg mitt snitt til å seie Skip o'hoi til Folket! Det vert internettpause, no er det sol (eller regn, som tidlegare spådd i mitt eksamens-domedagsinlegg) og fridom frå lærebøkene som gjeld :-)

Kos dykk storleg, alle saman, og kom innom att i løpet av nokre veker og sjå om ikkje det har skjedd noko bloggeverdig likevel, det skal du sjå. So long! Stor klem :-)

søndag 1. juni 2008

Allstøtt solskin i mai...

Det er jamvel allstøtt sumarvarme i mai!
Minnest de i fjor? I Sør- og Aust-Noreg var det iallefall steikjande varmt i heile mai, og ein 14 dagars tid ut i juni. Og slik er det urovekkjande ofte! Ikkje det at eg ikkje unner dykk alle sol og varme og verandalukke og solbrune kroppar.
Slett ikkje.

Det er berre dét, at ein eller annan GLUPING har kome på at ÅJA, så LURT, me legg alle eksamenar i verda, i livet, i eit 20 år langt skuleliv - til våren! Til den vakraste og herlegaste årstida, til årstida når kroppen byrjar vakne til liv og energi att etter månader i dvale. Når utferdstrongen er størst, når ein berre har lyst til å vere utandørs og springe omkring og oppleve fuglesong og bekkjebrus, blømande lier med kvitveis eller løvetann eller angande hegg - DÅ skal ungdomen haldast innandørs.

Bak lukka vindauge (for å sleppe å verte oppeldna av livleg fuglekvitter), bak attdregne gardiner (for å sleppe å vite at det er 25 grader og sol ute) - der sit me.
Med nasen i ei bok, ein perm, ei notatblokk. Huda bleiknar og senebetennelsane vert kroniske etter tallause timar med datatasting og hundrevis av sider med sirleg handskrivne notat.
D-vitaminmangel og nærsyntheit, dette er bagatellar; tennene rotnar og magen vert sur (kaffi for at hovudet skal fylgje med på farmakokinetikk eller patogenese ved utvikling av laminitt - 20 timar i døgeret, og middag har ein ikkje tid til å lage. Frustrasjonen i den rastlause kroppen vert stilt ved å ete fishermans friend, läkerol, tyggis, mørk kokesjokolade, bringebærdrops - ANYTHING som hente heim eit snev av konsentrasjon).

Eg skjønar det nok. Det er ein konspirasjon. Det er samfunnet. Det er brød og sirkus.
Det er ein godt løynt måte å fange og temje ungdomen, halde dei inne når livslysta er på det sterkaste, dempe den ekstatiske gledekjensla som strøymer gjennom kroppen når vårmånadane kjem. Hindre dei potensielle skadegjerande konsekvensane. Dei kunne jo kome til å spreie gleda og lukka si out in public, for God's sake! Men nei då, det fungerer, me sit inne, flinke som me er, frå fyrste tentamen våren før ein fyller 13 år, til siste og avsluttande eksamen når du er 26.
Når eg spaserer ut smijernsporten åt den ærverdige høgskulen med fjøslukt og hestevrinsk midt i Oslo, juni neste år, avsluttar det 20 års skulegang, og 13 år med forsvunne vårar.

Dette er ein ode til alle flittige, tolmodige og ambisiøse studentar - hald ut!


Det kjem ei tid ETTER eksamen (viss du stod), og då har du ei sumartid å njote (dersom karakteren var så brukbar at ikkje samvitet og angeren invaderer deg), og sola skal skine deg gyllen og sprek (MEN, erfaringsmessig og statistisk - det har ein viss tendens til å verte regn og kjølege temperaturar straks siste arket er levert til ei krokete eksamensvakt). 

Eg vonar det er verdt det. Om ikkje anna, har iallefall eg opparbeidd meg ei imponerande mengd kuriøs kunnskap om dyras ve og vel og kan gjere det stort innan grøn kategori i Trivial Pursuit.
If you have any questions concerning sentralnervøse problem hjå smågris, brunstmangel hjå storfe eller nymfomani hjå hest - feel free to ask. Any time. Eg er nok tilgjengeleg. Eg sit nok helst og les tenkjer eg. 


Ein smudi i solskinet - mmm!



Over til noko HEILT anna.
Eg har fått ei utfordring frå Marie, og here goes:

1. Kva for nokre 3 namn går du under?
- *Fornamnet mitt*
- Du
- *kjem bort med øyro opp og tunga ut og kvikke auge medan halen lograr* (hundens måte å tiltale meg)

2. Nemn 3 ting som skremmer deg:
- At noko alvorleg skal hende med familien min og dei eg er glad i
- Menneske som er vonde
- Rovdrifta åt menneska på naturen og jordkloden. 

3. Nemn 3 ting du helst/ofte har på deg:
Ullundertøy, ullsokkar og hårstrikk ;-)

4. Nemn 3 sanningar om deg sjølv:
- Eg er flink til å bake brød, fancy sjokoladekaker og kanelsnurrar; men ikkje like flink til å rydde opp etterpå...
- Eg kan nok heile Pride and Predjudice (Jane Austen) utanboks (Oh, my dear Mr. Bennet!)
- Eg drikk vanvittig mykje te.

5. Nemn 3 ting du gjerne vil ha:
- Om kalvehelse og hormonbehandling ved asykli hjå storfe på eksamen tysdag.
- Drivhus; sekskanta med Kina-krumma tak og dobbel-dører som opnar seg mot ein angande og bugnande rosehage med smijernsmøblar og ein katt som søv oppi kattemynte-bedet.
- God helse, flinke hender, godt hovud og varmt hjarta (reknar dette som éin ting eg, sidan det er 4H-lovnaden som eg jo har vore lojal mot i alle dei år ;-)
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~  
-Finn næraste bok
-opne henne på side 123
-finn den 5. setningen
-tag fem nye.

Eg må fyrst opplyse om at dette ikkje er så frykteleg interessant kanskje, men... :-)
"Some lambs may show skeletal abnormalities such as arthrygryposis and excessively long legs."
Dette er då frå Diseases of sheep av I.D. Aitken. Og handlar om Border Disease, forårsaka av eit Pestivirus. Sjukdomen er også kjent som "Hairy shaker" fordi lamma vert veldig lodne og får skjelvesymptom. Så no veit du det!

Eg får vel "tagge" mine nære og kjære:
Lilledora
Homlisbomlis
Landliv
Bibliofiolen
Kathrine