onsdag 7. mai 2008

Metamorfose



Verda er i endring! Ei fullstendig forvandling frå det kalde og kvite som har omgjeve oss i månader. Brått ein dag brusar bekkjene, graset grønkar og langs alle elvebreiddar og vegveiter blømer dei fagraste blomar. Eg vert like overvelda kvart einaste år –



I helga gjekk me ein lang tur langs fredelege bygdevegar, på leiting etter underet. Og me fann det – elva som vanlegvis syng og suslar stilt avstad for seg sjølv, er no stor og buldrande og veltar forbi i ein voldsom fart. Heile trestammer kjem flytande forbi. Og dei små bekkjene som leier smeltevatnet frå fjellheimen ned i dalbotnane? Av bekkjer små det vert ei å, fagrast du kan sjå!





Av væta og varmen vert det blomar, og for meg finst det ikkje noko vakrare enn kvitveisteppa som dekkjer den ljose skogbotnen. Eg får lyst til å gjere som Ronja – springe omkring og berre VERE i det, for så å leggje seg ende ned og skrike vårskriket...







På vegen vår møtte me ein hest – ein fjording! Og eg var nett like begeistra som då eg var 10 år :-)



Æ hæle itj – eg er så kulsí, men hardhausen av oss kosa seg storleg og plaska omkring ei god stund.



Denne vene blomen er ukjend for meg. Blømer på berr kvist, angar som syrinar og er eit vakkert innslag på skogsturen langs elva. Kan ein liten Linné der ute hjelpe meg med identifisering?

7 kommentarer:

Kathrine sa...

Hei:))

Og jo, det er Tysbast du har funnet ja. En skal være forsiktig med å røre den, svært giftig.

Ellers er vårbekker vakre, kanskje mest lyden av de.
Og hør alle fuglene som synger på denne tiden! Fyller hele luften.

God vårdager til deg og dine.

Kathrine

Fivrel sa...

Oj :-( Eg må sjekke i "giftige planter for dyr"-boka mi - veit du kva det latinske, evt engelske namnet er?

Fivrel sa...

ja sjå her: Daphne mezereum, Mezereon på engelsk. Inneheld toksina trisyklisk diterpen, daphnetoksin og mezerein. Forgifting vanlegast ved eting av bæra som liknar rips eller solbær (men forgifting kan også skje dersom ein et andre delar av planta). Dersom ein et slike bær vil ein kaste opp, få magesmerter og diaré, eller ved større inntak vert ein veik, desorientert og får kramper. Fatale forgiftingar er omtalte i litteraturen. Dyr unngår oftast plantene, men får ved inntak same symptom som menneske. Ein kan også oppleve hudreaksjonar om ein kjem i kontakt med sevja.

Dagens leksjon til ettertanke! Takk, Kathrine, for at du løyste mysteriet. Dei vakre blomane kan vere dei farlegaste - brått vart vårpengeurten MYKJE vakrare i augo mine, unnseleg men god :-)

Marie sa...

Ser du har fått svar på tysbasten.
Du for eit nydeleg innlegg, du skriv så vakkert... Poetisk, på eit framifrå nynorsk.

Eg las profilen din også. "om meg" kunne like gjerne vore om meg. ser me har lik smak og interesser elles også, mellom anna musikk.

Trur eg vil lenke til deg eg, kjem oftare innom då.

Ha ein finfin kveld :)

Ugla sa...

Einn det. Så vart det vår på dine kantar og. No går du vel i skogen og syng av full hals:" Flaumen går, i Noreg er vår. Bjørka sprett i dalom." Skal tru kor mange vers du kan? Ver med i mitt bygdekvinnelag, så skal du nok få lært alle. Eg likar veldig godt verset:" Blankt som gull og mjukt som ull er det norske målet. Som sol på fjell, som blometjeld, som fuglesong om kveld." Kan det seiast vakrare? Hald deg unna tysbasten, plukk heller leirfivel.

Landliv sa...

Signerer kathrine - det er tysbasten.

Har planlagt å ut for å beundre den, er så redd for å gå glipp av blomstringen! Nå er vi i Asker. Håper på å dra på tysbastvandring i hagelaget når vi kommer hjem. Ja, det er et mektig syn med alle vannmassene. Og litt vel mye i området Otta... Røde kors har mye arbeid med vakter, evakuering osv.

God pinse!

Landliv sa...

Ser forresten at det vokser både hvit- og blåveis hos deg!!! :misunnelig: