lørdag 24. mai 2008

Husrom med hjartevarme


Då er endeleg gjestehuset ferdig innvendig (og raudfargen på utsida kjem på as we speak),
etter mange, lange kveldar i vår. Huset har både vedskjol og hagebu, og den delen me no har stelt, vart før bruka til eldhus der dei hadde vedfyrt komfyr og takke, kjøkenbenk og mykje nyttig utstyr. Sumars tid brukte folket å flytje ut i denne bygninga. Og no er det ikkje langt frå at me også vil gjere det!


På utsida har tak og kledning vorte skifta, og innvendig har skjeltilet/himlinga vorte rive slik at det vart høgare oppunder taket, veggane er kledde med ny panel, pipa/muren er kalka kvit, og komfyren er flutt frå kroken inne i hjørnet til plassen der takka stod før (til venstre på muren).






Rivingsarbeidet var ikkje triveleg - romet var mørkt, lågt oppunder taket, det var støvete og FULLT av muselort.
Men det er artig når ein ser for seg kor fint det skal verte til slutt... ;-)


Ny panel på veggane, og kvitmåling i taket.


Eitt strøk grunning og to strøk med kvitmåling i taket,
eit med grunning og to med fargen VANILJE på veggane.
Her ser de kvitt tak, og grunningsmåla vegg til venstre, 
og 1. strøket med vaniljefargen til høgre. 
Golvet og golvlistene vart måla med fargen KAKAO, og listverket elles vart kvitt.


Her er veggar og tak verna med plastikk, før muren skal kvitkalkast.




Det vart mykje ljosare og trivelegare!

Me tenkte lenge på korleis me skulle løyse dette med plassering av senga.
Der komfyren stod før vart det ein fin liten krok, og me byrja leike med tanken på å lage ei himmelseng med utgangspunkt i denne lune, fine kroken. Ta opp att dei grove bjalkane som er midt i romet, måle dei likeins, og balansere det med luftige, sommarlege gardiner og mjuke dyner og puter. Ei shabby chick-prinsesseseng (kven har vel ikkje allstøtt drøymt om det...?!) ;-)

Som sagt så gjort! Her er før og etter:











Den raude og grøne slagbenken vart måla kvit, medan setet fekk vere (olja) trekvitt som før.


Bordet var opphaveleg måla i ein bleik gul-/beigefarge, og medan understellet no vart måla kvitt, brukte me målingsfjernar på bordplata og fekk denne trekvit att, før ho fekk eit strøk jordnøttolje.


Både raudgrøn slagbenk og gult kjøkenbord har fått eit nytt liv!


Kjøkenbenken stod opphaveleg her i romet, men då under glaset der slagbenken no står.
Me måla han i same farge som veggane, vanilje, medan plata på toppen vart slipa ned og fekk behandling med jordnøttolje. 










Med andre ord - all heider og ære til ein iherdig og flittig liten snikkar (og rivar) (og målar) (og murar) (og møbelsnikkar) (og interiørkonsulent) :-)

Til slutt er det vel berre å presisere nok ei gong at dette er eit GJESTEHUS, og at me no vil nytte høvet til å ynskje alle vener og kjende velkomne!

12 kommentarer:

Lilledora sa...

ÅÅÅÅÅÅÅ så koselig, også himmelseng da, det er vel alles drøm.Hele huset med alt inni er jo bare DRIT fint som vi sier her. Så flott da at det er gjestehus, det er vel bare å bokke inn da???

Fivrel sa...

Ja Lilledora, både du og dine kjære er hjarteleg velkomne! Me ligg jo lageleg til mellom Olavsstaden i nord og Grunnlovsstaden i sør, til dømes :-)

Ugla sa...

HELDDIG var den som fyrst fekk sove i draumesenga. Det var Ugla. Ho har jo "flygge" rundt i Noreg som eit fivrel den siste veka, og dei siste dagane tok ho inn i sommarhuset ikkje langt frå Aulestad. Det dura i vedomnen då vi kom, riktig gamle matter på golvet,Pelargonia på plass på bordet - og det var berre å hive seg i himmelsenga. Det var gamle kaffeboksar og ei gamal mjølkeflaske med godt vatn på benken - og ordentleg vaskestell på ein nymåla vaskestol. Huseigaren hadde også varma vatn til gjestane. Riktig koseleg var det der! Flortynne kvite gardinar både rundt senga og vindauga. Og med den friske lufta sov gjestane som blomar i den nye senga. Takk for oss - frå Ugla og Hainn te mæ.

HomlisBomlis sa...

Vi kaster oss i bila - og kjører sporenstreks.....!!!!

Utrolig fint vart det!!

Landliv sa...

Virkelig storarbeid dette her!! Utrolig innbydende, rent og enkelt men likevel koselig. Og ser jeg ikke en pelargonium på bordet - det er fullkomment!!! Er det en Goesta mon tro?

Gjett om vi skal ta dette i nærmere øyesyn! ... men ikke før etter den 10. juni. Stå på!!

Marie sa...

Eg kjem! Eg snur meg på hælen og kjem sporenstreks!

Her var det fint, fantastisk!!!
Ser at det har vore mykje arbeid undervegs, men det må vere verd slitet når resultatet kan bli sånn som dette. Tenk å overnatte i den himmelsenga der... Det er verkeleg ei himmelseng for ei prinsesse!

Ha ei fin veke :)

Marie sa...

Hei igjen!
Eg har tagga deg :)
Kikk innom.

Kathrine sa...

Kommer!! Såå flott gjestehus da. Forresten skal vi nå nedover i sommer eller aug/sept. men overnatter nok til mor og far da .-( Er dere der, stikker vi innom på besøk.

Nydelig!

Hils til Johan.

;-D

Nunne sa...

Ble kjempefint i gjestehuset ditt!
Artig å besøke deg!

Landliv sa...

Fivrel: Ja jeg så bilde av tysbasten her inne hos deg også. Det var i fjor vår at jeg "oppdaget" planten - dvs. at noen fortalte meg om den, og den hørtes så nydelig ut. Men da ble vi for sene til å se blomstringen. Men i år greide vi det! Har veldig lyst til å flytte et eks hjem hit men du har rett i at den er veldig giftig. Ikke veldig lurt med små barn, så jeg lar det vel være. Det kan være bedre å måtte gå en bit for å få opplevelsen uansett - da blir den mer magisk!

Nunne sa...

kan du gjette hvorfor jeg gikk inn på besøk hos deg?

Torunn sa...

Nydeleg!!!! Så utruleg kjekt når ein pussar opp slik og tar vare på det gamle!!!