mandag 12. mai 2008

Han skal erte frøken Skjære og ein gamal Kråkemann...




Her om dagen vart hundevenen brått så stiv i blikket der ho låg i hagen - og då me varsamt reiste oss opp og kikka rundt hushjørnet vart me likeeins - det sat nemleg eit ikonn i tunbjørka!


Han hoppa frå grein til grein, så lett, ledig og stødig. Sette seg til høgt der oppe, vaska labbane sine og småsladra med fuglane. Nett som Ratatosk,  ekornet i norrøn mytologi, som hoppa frå tre til tre og spreidde nyhende og sladder om det som hende i verda - om eg minnest rett!



Men etterkvart vart nyfikna for stor for vesle bustehale - og han som var i gjestehuset og spikra og arbeidde vart storøygd då ikonnet tok mot til seg og kom på besøk inn i huset! Heldigvis låg fotoapparat klart, og han fekk teke nokre flotte bilete av eit lite sjarmtroll ;-)



5 kommentarer:

Ugla sa...

Så moro å få Nøtteliten på vitjing.De er flinke til å ha fotoapparatet klart - til alle tider - og få knipse han i rett tid. Gama, og så er det så livfullt skildra.

Marie sa...

Blinkskot dette! Så koselege bilete :)

Ha ei finfin veke fram mot 17.mai!

Lilledora sa...

Ekorn er så søte. Et lite ekorn sprang over veien i full fart da jeg kom kjørende sørfra i går, men som vanlig er jo Lilledora alltids oppmerksom i trafikken, selv om cd`spilleren står på full guffe, så hun greide å bremse hardt opp og slengte bilen ut mot venstre så den lille krabaten kom seg trygt hjem til huset sitt. Ha ei flott uke, sommerfugle.

HomlisBomlis sa...

Hahaha - for en utrolig flink fotograf. han som tok det siste bildet!!
All honnør til han/hun for å ha foreviget et ekorn i fart!

Lilledora sa...

ha en fin 17 mai, sommerfugl. Vi har fått besøk og skal kose oss skikkelig. 17 mai klemm fra lilledora