lørdag 24. mai 2008

Husrom med hjartevarme


Då er endeleg gjestehuset ferdig innvendig (og raudfargen på utsida kjem på as we speak),
etter mange, lange kveldar i vår. Huset har både vedskjol og hagebu, og den delen me no har stelt, vart før bruka til eldhus der dei hadde vedfyrt komfyr og takke, kjøkenbenk og mykje nyttig utstyr. Sumars tid brukte folket å flytje ut i denne bygninga. Og no er det ikkje langt frå at me også vil gjere det!


På utsida har tak og kledning vorte skifta, og innvendig har skjeltilet/himlinga vorte rive slik at det vart høgare oppunder taket, veggane er kledde med ny panel, pipa/muren er kalka kvit, og komfyren er flutt frå kroken inne i hjørnet til plassen der takka stod før (til venstre på muren).






Rivingsarbeidet var ikkje triveleg - romet var mørkt, lågt oppunder taket, det var støvete og FULLT av muselort.
Men det er artig når ein ser for seg kor fint det skal verte til slutt... ;-)


Ny panel på veggane, og kvitmåling i taket.


Eitt strøk grunning og to strøk med kvitmåling i taket,
eit med grunning og to med fargen VANILJE på veggane.
Her ser de kvitt tak, og grunningsmåla vegg til venstre, 
og 1. strøket med vaniljefargen til høgre. 
Golvet og golvlistene vart måla med fargen KAKAO, og listverket elles vart kvitt.


Her er veggar og tak verna med plastikk, før muren skal kvitkalkast.




Det vart mykje ljosare og trivelegare!

Me tenkte lenge på korleis me skulle løyse dette med plassering av senga.
Der komfyren stod før vart det ein fin liten krok, og me byrja leike med tanken på å lage ei himmelseng med utgangspunkt i denne lune, fine kroken. Ta opp att dei grove bjalkane som er midt i romet, måle dei likeins, og balansere det med luftige, sommarlege gardiner og mjuke dyner og puter. Ei shabby chick-prinsesseseng (kven har vel ikkje allstøtt drøymt om det...?!) ;-)

Som sagt så gjort! Her er før og etter:











Den raude og grøne slagbenken vart måla kvit, medan setet fekk vere (olja) trekvitt som før.


Bordet var opphaveleg måla i ein bleik gul-/beigefarge, og medan understellet no vart måla kvitt, brukte me målingsfjernar på bordplata og fekk denne trekvit att, før ho fekk eit strøk jordnøttolje.


Både raudgrøn slagbenk og gult kjøkenbord har fått eit nytt liv!


Kjøkenbenken stod opphaveleg her i romet, men då under glaset der slagbenken no står.
Me måla han i same farge som veggane, vanilje, medan plata på toppen vart slipa ned og fekk behandling med jordnøttolje. 










Med andre ord - all heider og ære til ein iherdig og flittig liten snikkar (og rivar) (og målar) (og murar) (og møbelsnikkar) (og interiørkonsulent) :-)

Til slutt er det vel berre å presisere nok ei gong at dette er eit GJESTEHUS, og at me no vil nytte høvet til å ynskje alle vener og kjende velkomne!

lørdag 17. mai 2008

Vårljos







Stemningar frå hamnehagen rett ved huset vårt, i kveldssola for ei vekes tid sidan.
Det er lukke i livet: Vårsol og vårljose kveldar, bading, ball og ein yr og lukkeleg hundeven!









Då vil me alle tre få ynskje dykk til lukke med den 17. mai, med von om at det vert ein GOD dag i lag med familie og vener (båe desse kategoriane inkluderer sjølvsagt dyra!)!

mandag 12. mai 2008

Han skal erte frøken Skjære og ein gamal Kråkemann...




Her om dagen vart hundevenen brått så stiv i blikket der ho låg i hagen - og då me varsamt reiste oss opp og kikka rundt hushjørnet vart me likeeins - det sat nemleg eit ikonn i tunbjørka!


Han hoppa frå grein til grein, så lett, ledig og stødig. Sette seg til høgt der oppe, vaska labbane sine og småsladra med fuglane. Nett som Ratatosk,  ekornet i norrøn mytologi, som hoppa frå tre til tre og spreidde nyhende og sladder om det som hende i verda - om eg minnest rett!



Men etterkvart vart nyfikna for stor for vesle bustehale - og han som var i gjestehuset og spikra og arbeidde vart storøygd då ikonnet tok mot til seg og kom på besøk inn i huset! Heldigvis låg fotoapparat klart, og han fekk teke nokre flotte bilete av eit lite sjarmtroll ;-)