torsdag 10. april 2008

Varme i kropp og sjel

Det finst éin slags varme - god når tærne er kjenslelause og gradestokken syner dei blå. Ein god vedomn, ei nylaga suppe, eller ull! Anten om det er ein saueskinnsfell å krype opp i, eit pledd å tulle seg inn i, ein stor genser å dukke inn i - eller eit stort, mjukt, langt, varmt og herleg skjerf å surre kring halsen 2-3 gonger. Sjølv kan eg knapt gå ut i kulda utan angorahalsen min, eller eit langt ullskjerf.


Her er eit skjerf eg laga i januar - Eskimogarn og tykke pinnar, og flettemønsteroppskrift frå Familien.




Men det finst også ein annan slags varme - når dagen har vore einsam eller keisam, når kvelden tykkjest verte som alle andre kveldar, når ingenting skjer og ingen er der i lag med deg. Då finst det likevel nokon å vere saman med. Einkvan du ikkje enno kjenner, eit liv du ikkje enno har høyrt om. Stadar du aldri har vore - enno, og hendingar du berre har fantasert om, men aldri vore med på. Alt ligg og ventar! Det er berre å leggje eitpar vedbrandar i omnen, lage ein kopp te  og krype opp i sofahjørnet med eit pledd over fanget. Og ei tjukk bok...



Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine.

Har du ikkje vore borti Anna G. før, så er DETTE stunda.
Eg vil at nokon skal vente på meg
Eg elska ho
Saman er ein mindre aleine.

Det er skattar, inkje mindre. Njot! :-)

3 kommentarer:

Ugla sa...

Du er eit unikum, fivrel. Så mange gode tankar, og du set dei fleste ut i livet. Mange kjøper seg ein fleecegenser, når det er meir økologisk med ull. Eg er heilt samd med deg: ein rykande varm te i eit krus med orda"dei mjuke ord til hjarta gjekk", eit heimevove pledd rundt seg, det sprakar i omnen - og ei tjukk bok som vil vare eit bel. Noko betre? Ja, kanskje det, men akkurat - der og då! - ha ein fin laurdagskvel.

Lilledora sa...

Skjønner ikke helt dette jeg, at dere bestandig må ha med dere et krus te når dere skal kose dere og lese ei god bok. Nei, sleng dere ned på sofaen og ha kaffekoppen eller pepsi glasset i nærheten, god musikk i bakgrunnen, da kan man riktig slappe av og nyte alle de vakre bokstavene som blir til skjønne ord.

Lilledora sa...

Så koselig å se at du er på nett igjen. Håper det går bra med eksamenslesninga. Gubben er netopp kommet hjem etter en uke i Sannes, ingen overnattingsgjester i helga, de er opptatt på annet hold i morgen og så skal Prinessa på sjørøverbursdag på søndag. tror hun skal være Sunniva, for hun har Sunniva-kjole. Jeg skal på vårfest på sykehjemmet på søndag JUHU, riktig slå deg på hælene fest, med kaffe og kaker og utlodning.