lørdag 5. april 2008

Snjor og stjernehimmel



Då har me kome godt på plass i ein av dei austlegare dalane, og det er ikkje tvil om at me både har kome oss lengre nord, og lengre aust mot dei djupe, ævelege skogar - for her er det iallefall ikkje vår enno! Langs gardsvegen er det meterhøge brøytekantar, og huset får berre såvidt stikke nasen opp og puste vedfyringsanden sin ut i aprillufta – for all snjoren som har rasa frå tòka ligg som høge borgmurar kring veggane. Halvvegs opp i vindauga rekk snjoren; slå den!



I dag har kjærasten bursdag, og orntleg kake må til :-)



Dette er mi personlege Verdens Beste/Suksessterte (med tanke på orda, ikkje ingrediensane) – som er fin å slå til med dersom du får rettelege sjokomanar på sjal. Sukkerbotn, marengs, med lag av sjokoladetrøffel med 
krem innimellom. Mmmm! 


Ho er så god at eg med glede spreier den glade bodskapen og oppskrifta til huslege sjeler i alle krinkelkrokar. I dag vert ho døypt Stjernehimmelkake, eller Sjynnekake blant vener.



Bursdagsgåvene ber preg av at bursdagsbarnet om nokre månader skal på ein aldri så liten ekspedisjon til Peru (reiseveske, lett og superabsorberande handkle ma.), men ei mjuk pakke med heimespita innhald høyrer sjølvsagt også med.


Dette er ei huve som faktisk dekkjer godt over øyro – noko eg meiner mange karar kunne hatt bruk for (eg nyttar høvet til å klukke godt kvar gong eg ser ein Norsk Mann med Huve. Det kan ikkje forklårast med hårmangel på issen heller, for mange hårete går også med huva som kalott. Eg er ein øyrefrysar, og har inga forståing).


God laurdag til alle - serleg til store og små huvetroll slike som dette ;-)

8 kommentarer:

Torunn sa...

Så koseleg bursdagsgåve!! Og ei herleg kaloribombe av ei kake!! :)
Nydeleg hund du har og. ;)
Ønskjer deg ei flott helg! Det nærmar seg slutten i Oslo for deg og no,- gjett om eg gler meg til eg er ferdig!! :) :)

lilledora sa...

Først vil jeg gratulere kjæresten med bursdagen, de beste ønsker til han, så vil jeg fortelle deg at en jeg kjenner godt har navnedag i dag.
Den kaka di ser "berre lækker" ut.
Jeg skal ikke klage på den snøen vi har her, jeg dååååånte nesten da jeg så bilde av all den hersens hvite, ekle tingen som ligger oppvoer vinduene dine. Nei nå vil jeg ha vår. Kyss og klem

Landliv sa...

Masse grattis til kjæresten!!

Og den kaken var virkelig noe - ville passe min smak perfekt!

Er nok omtrent slik snø her også ja... så du reiste nok fra vår til vinter! Hvor lenge blir du der?

Lørdagsklem

Landliv sa...

Forresten: Kjenner du torunn, som har kommentert over her? Jeg kjøpte to fantastisk flotte pannebånd til de to minste jentene av henne! De er så søte. - skikkelig fint laget.

HomlisBomlis sa...

Her er det snøfritt - endelig..!!!
Sola skinner, fuglene synger og alle i vika er våryre...!!

Grattis med kjæresten som har bursdag på min navnedag!!
Den kaka så god ut, også helt til slutt lurer jeg på hva som er så spesielt med sånn chai-te??!!
Opplys meg!

Fivrel sa...

Jo, no skal de høyre. Dette er helst artig, og eit godt døme på korleis den moderne verda fungerer: Eg las bloggen til Landliv her for ei stund sidan, og såg nokre fine prinsessekroner ho hadde - og det låg ein peikar til denne Torunn som hadde laga dei. Nyfiken som eg er går eg inn på Torunns blogg, og finn at ho er veterinærstudent i Oslo! Jammen kjenner eg ikkje att andletet hennar frå Adamstua også, men tala med henne har eg aldri. Så på eit kurs her i mars såg eg henne, og måtte berre gå bort og seie hei og at ho lagar SÅ mykje fint som ho syner fram på bloggen. Tenk, endå ei strikkande veterinærstudentjente, som endåtil skriv nynorsk og har border collie og tilknyting til bondelandet - plent som meg :-) Eg tykkjer mest eg har fått ein ny ven, eg :-)

CHAI LATTE. Hmm. Det er ein krydderte, litt slik jolekrydder (nellik, kanel, ingefær og denslags) med mjølk i. Eg har jo drukke "Temjåkk" heile livet, så dette passar bra. Eit godt alternativ til kaffelatte-trenden når ein har hang til kafelivet. Men det er vanskeleg å få han like god heime som i byn. Kanskje eg må få meg mjølkeskummar (steamer?)

Ugla sa...

Fivrellet mitt. Eg er så glad at snøen er borte her sør. Eg fann til og med litt graslauk i dag. Men det er jo koseleg med kvit snø. ljos på bordet og ei himla god kak'. Eg trur du har bake- og strikkegener frå mor di. God bursdagsfeiring frå oss i sør.
Du må jammen ha eit godt fotoapparat så gode bilete som du tek!

Landliv sa...

Så kjempemoro at du fikk sagt til torunn hvor mye fint hun lager, og JA, dere har virkelig mye felles!!

Klem fra meg