fredag 18. april 2008

Men når vårsol i bakkane blenkjer...

...sit studentane innomhus, i mørke krokar, med bleik framtoning og gardinene dregne attføre. Det er den tida. No att. Kvar vår er det slik, når vårdagane byrjar snike seg innpå oss, med lange, ljose kveldar, med tidlege fuglekvitremorgonar, med logar av sol som får både snjor og nordbuarar til å bråne. Då byrjar Tida for oss, tida som vil vare heilt til det magiske er over, heilt til det er sumar kring Sankthans og dei fleste allereie har tæra godt på solkremflaska.



Det er sjølvvalt. Og det er vel til det beste i lengda, det er eg iallefall hjernevaska nok til å tru.
Så gjeld det berre å finne seg ein opphaldsstad i denne perioden som ikkje oppmodar FOR mykje til grøne og glade syslar - hadde eg budd på Jæren hadde det nok vore frodigare i drivhuset i hagen enn på sidene i notatboka og permane i hylla.



Her minkar snjodjupna frå dag til dag, stakittgjerdet rundt hagen er no godt synleg, og det er ikkje lenger råd å springe oppå snjoren utan å søkke djupt nedi - for så å kome opp att utan støvlar.

I haust planta me fire aplar - det vert spennande å sjå korleis dei har tolt den lange vinteren. Målet er å kunne sitje i badestampen ein mørk og kolnande septemberkveld og berre strekkje ut armen og ta seg eit saftig og søtt Aroma-eple...

5 kommentarer:

Landliv sa...

Er det badestamp ja!! Så herlig da.

Men du... det ER nok det beste i lengden selv om det er litt grusomt akkurat nå å være inne og lese.

Jeg syntes det var helt merkelig når jeg ikke skulle ha examener lenger om våren husker jeg.

Er helt sikker på at du ikke vil angre på det du forsaket i denne tiden. Masse lykke til!!

PS: En venninne av meg sa at jeg skulle tenke på at det alltid var plass til litt mer i hodet selv om man følte at det var fullt... det hjalp og det stemte også!! :-)

Hege sa...

hehe dere har like mye snø i hagen som vi har.. jeg kan ikke skjønne hvordan det skal rekke å smelte før sommern, men forhåpentligvis rekker vi å se det grønne gresset vi også, før neste vinter melder sin ankomst;)
klem fra www.leetah.blogg.no

Fivrel sa...

Håh, så gama å finne deg her, Hege, midt i bloggarvrimmelen! Eg ser at du også har hamna på ein snjorik stad, ja - det vert spennande å sjå kvar det brånar og grønkar fyrst! Kjenner godt dét, desse dagane, at når fyrst vårsola og varmen set inn, då minkar det kvite frå time til time. Og fuglane - åh, dei kvitrar og syng og er SÅ fulle av liv no. Det er herleg å oppleve :-)

Lilledora sa...

Var det en fin konsert. jeg elsker å gå på brae konserter, Sist var Gubben og jeg og hørte på broren til selveste Johnny Cash
Du, Homla har et innlegg i bloggen sin om at når hodet blir fullt, så flytter bare visdomen seg nedover

akkurat no skinner sola over Trøndelag. og det er godt å varm ute. sitter ut i sola og leser jeg, ha en fin ettermiddag

Fivrel sa...

Lilledora - du skulle ha vore med! Å, det var så bra! Musikken vert på ingen måte den same lenger, her heime på dei lusne, små høgtalarane, når ein ein gong har høyrt og fått musikken levande inn i merg og bein! De har vore på mange konsertar - eg hugsar best frå den der du og Willie Nelson vart riktige godvener ;-)